- Sogn og Fjordane gjer det strålande

publisert 03.03.2011 av Arild Nybø

Næringsminister Trond Giske sa på Næringslivskonferansen i Sogn og Fjordane 2011 at det var noko heilt anna å kome til fylket no i 2011 enn under finanskrisa. - Grunnlagsmaterialet som medarbeidarane mine har laga til meg viser at Sogn og Fjordane gjer det strålande!

På Næringslivskonferansen i Sogn og Fjordane 2011 på Rica Sunnfjord hotel 2. mars var næringsminister Trond Giske (biletet) innleiar. Han viste til Innovasjonsmeldinga til Regjeringa, som peikar på fem satsingsområde i åra frametter:

  • Energi
  • Miljøteknologi
  • Marin
  • Maritim
  • Reiseliv 

- Dette er jo Sogn og Fjordane, sa Giske, som også viste til at ein ikkje nødvendigvis treng å vere stor i folketal for å gjere det godt i konkurranse med andre:

- Norge er verdas 116. største land. Det er med andre ord fleire som er større enn oss enn mindre enn oss. Likevel har vi verdas 25. største økonomi. Vi er nesten på G20-nivå. Og vi har det nest største bruttonasjonalproduktet i verda, målt per innbyggjar.

Næringsministeren sa også at det er ein myte at industrien er på vikande front, og fortalde at norsk industri forventar ein vekst på 7 % i 2011. Dessutan har Sogn og Fjordane landets lågaste arbeidsløyse i eit land som har blant verdas lågaste arbeidsløyse etter finanskrisa. Næringsministeren sa elles at veksten i desse dagar skjer i nyskapande kompetanseindustri som er teknologisk retta.

Temaet for konferansen, som samla 200 deltakarar, var kva ein kunne lære av kvarandre sin suksess. Giske sitt råd var m.a. å sjå på toppidrettsutøvarar som Marit Bjørgen. Norge har svært mange medaljer på internasjonalt nivå, i forhold til folketalet. Likevel kjem det stadig fram nye stjerner. Giske peikar på at det ikkje er ein enkelt ting som gjer at dei vinn i t.d. VM. Det er ikkje det at dei har trent mest, eller har best smurning. 

 - Nøkkelen er at dei er 2-3 prosent betre enn konkurrentane i alle ledd, i alt dei gjer. Dei er først i gang om morgonen, og gir seg sist om ettermiddagen, sa Giske, og meinte at dette også kan vere formelen for suksess i næringslivet. 

Også andre innleiarar på konferansen delte sine tankar om kva som skal til for å gjere suksess, og peika på utfordringar.

Inge Jan Henjesand i Abelia sa at bedriftene i Sogn og Fjordane gjer det betre enn bedriftene i Hordaland, men dårlegare enn bedriftene i Møre og Romsdal. Johannes Idsø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har sett nærare på kva område som gjer det best, og ser tydeleg at det er større trøkk på næringsutviklinga i område som har eigne organisasjonar for næringsutvikling, slik som Sunnfjord2020, Måløy Vekst og Sogn Næring.

Bedriftene som presenterte delte erfaringar var Elis AS frå Fjaler, Nordfjord Kjøtt AS, Sogndal Fotball og Fosshaugane Campus, Førdefestivalen og Coast Seafood frå Vågsøy.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “- Sogn og Fjordane gjer det strålande”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt