Baderomsprodusent flyttar leiinga til Nordfjord
Baderoms-firmaet Bano flytter all administrasjon frå Bergen til Gloppen, noko som gjev nye og trygge arbeidsplassar i kommunen.
Bedrifta Bano er i rask vekst i mange land, men dei ser ingen hinder i å administrere alt frå kommunesenteret Sandane i Gloppen. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.
Bedrifta har avdelingar i totalt seks land. No legg dei heile administrasjonen til Sandane. Det er administrerande direktør i Bano-gruppa på Sandane, Henriette Møll, særs tilfreds med.
- Med dagens teknologi kan ein styre ei slik bedrift like lett frå bygda som i ein by. Dette er ei tilitserklæring frå leiinga, seier ho til NRK.
Bano lagar baderom som er tilpassa eldre, rørslehemma og andre som treng ekstra tryggleik på badet. Henriette Møll meiner framtidsutsiktene for bedrifta er lyse.
I to fabrikklokale på Sandane lagar bedrifta 75 % av produkta sine. Dessutan er alle Bano-produkt innom lageret ved Gloppefjorden før dei vert sende vidare ut i verda. Henriette Møll seier avdelinga på Sandane veks i takt med firmaet elles.
Rådmann i Gloppen Marit Elisabeth Larsen er glad Bano veks i kommunen.
- Nye kompetansearbeidsplassar er viktige. Håpet er at heile familiar vil etablere seg og auke folketalet. Frå å ha ein tilsett på Sandane i 2007, vil Bano neste år ha 15 arbeidsplassar der.

Kommentarer på artikkelen “Baderomsprodusent flyttar leiinga til Nordfjord”
Skriv din kommentar