Bank trimmar tilsette og framtidige kundar

publisert 20.11.2010 av Redaksjonen

Luster Sparebank fokuserer på effekten fysisk aktivitet kan ha på folkehelsa. I oktober fekk banken skuleelevar i kommunen med på frisklivscamp, leia av ein velkjend treningsambassadør frå eigen kommune.



Internt har dei tilsette i banken i Indre Sogn eit opplegg med ein fast spinningtime i veka og eit registreringsskjema dei der dei tilsette kan føre opp all trening dei gjer. Om lag halvparten av dei spreke banktilsette deltok også i motbakkeløpet Molden opp. I slutten av oktober inviterte Luster Sparebank barneskulane i Luster til aktivitetsdag med Yngvar Andersen (i midten på biletet over)

– Nyare forsking slår fast at effekten av fysisk aktivitet har langt større innverknad på den einskilde sin livskvalitet enn vi tidlegare har vore klar over. Det er litt av bakgrunnen for at banken engasjerte seg og fekk til frisklivscamp for den yngre garde i Luster, fortel banksjef Oddstein Haugen.

– I strategien vår står det mellom anna at vi skal spele ei aktiv rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Dette er ein framifrå måte å gjere det på. Når ein ser kor moro dei har det, er dette vel brukte midlar. Marknadssjef Sissel Brusegård blir også glad av å sjå ungane få ta seg ut. 

– Vi høyrer stadig kor viktig det er med aktivitet og at dei unge sit for mykje inne ved datamaskiner. Då er det ein fryd å sjå kor aktive dei er her i dag, seier ho.

– Ekstra kjekt er det å kunna samle skulane på tvers og bidra til at dei får ein annleis skuledag dei kan minnast i lang tid framover. Elevane frå dei åtte barneskulane var samla til to aktivitetsdagar, fordelt med halvparten i Gaupne og andre parten i Hafslo. Samlingane vart  både spennande og utfordrande, med god ernæring mellom aktivitetane. Alle fekk gode og sunne smørbrød, levert av Lustrabui og Luster vidaregåande skule, og matlysta var på topp.

Dagen vart leia av kjendisinstruktør Yngvar Andersen, som driv treningsstudioet MykjeMeir og har eige treningsprogram på NRK. Han hadde med seg PT-tau og catslideputer. Med PT-tau jobbar to og to saman, og gjev motstand med tauet. Slik kan ein tilpasse nivået etter deltakarane. Catslide utfordrar heile kroppen, men aller mest den viktige kjernemuskulaturen. Alt ein treng er to kvadratmeter glatt golv og fire matter.

Luster Sparebank gav bort klassesett med PT-tau og catslide-puter til skulane. På heimesidene til skulane melde elevane om kjekke dagar, men nokre tykte Yngvar var streng. Det syns han sjølv var greitt. 

– Vi skal ha det moro og smile, men vi er veldig bestemte, slo han fast.  

– For dei fleste byr kvardagen på meir og meir stillesitjande tilvære, og mindre og mindre fysisk aktivitet. PC er både arbeidsreiskap og kanal mot det sosiale livet rundt oss. Fysisk aktivitet førebyggjer ei rekke sjukdomar og er ei kjelde til glede, rikare livsutfalding og positive  meistringsopplevingar. Det er dokumentert at fysisk aktivitet påverkar humøret, gjev energi, reduserer stress, fremjar sosialt samvær, og ein får betre forhold til eigen kropp. Dette gjeld i høgste grad også for dei unge.

Opplegget desse dagane for barneskulen sette fokus på effekten av fysisk aktivitet, og dei unge fekk oppleve at slik aktivitet slett ikkje treng vere kjedeleg.

 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Bank trimmar tilsette og framtidige kundar”

Jon Ove Lomheim sier:

Korleis går det med treninga til "Molden opp" ?
Skal vi legge inn noko "treningsbok" på vår fellesserver, "facebook" etc ?

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt