Byungdom drøymer om landet
Mange unge som bur i byen, har ein draum om å flytte til bygda.
Det viser ei ny undersøking blant unge mellom 15 og 25 år.
I undersøkinga, som er gjennomført av Sentio på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, vart ungdommane spurde om kor sannsynleg det er at dei vil velja å busetja seg på landsbygda eller utanfor byområda.
Til saman svarar 45 prosent at det er sannsynleg eller svært sannsynleg, skriv Nationen. 51 prosent av dei spurde seier at det er svært lite eller lite sannsynleg at dei hamnar utanfor byen.
Ettersom under 10 prosent av dei spurde bur på landsbygda no, blir delen av byungdom som har eit ønskje om å gjera dette, relativt høg.
– Det er rundt 80 prosent av Norges befolkning som bur i bynære område. Då er jo dette gledelege tal, seier bygdepolitisk nestleiar Anders Klaseie i Norges Bygdeungdomslag til Nationen.
Foto: http://www.flickr.com/photos/iperio/ / CC BY-NC-ND 2.0

Kommentarer på artikkelen “Byungdom drøymer om landet”
Skriv din kommentar