Det kan bli desentralisert lærarutdanning i Flora
Dersom det vert mange nok søkjarar frå Flora, vert det, i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane, oppstart av desentralisert lærarutdanning frå hausten 2010.
Studiet vil vere på deltid (studiet vil gå over 5 år - normal studietid er 4 år), og undervisninga vil dels vere i Florø, dels i Sogndal
For søkjarar med studiekompetanse, er det krav om minimum karakter 3 i norsk og karakter 3 i matematikk, og 35 poeng i snitt.
For søkjarar som treng å betre karakteren er det viktig å melde seg opp til ny eksamen på vidaregåande skule innan fristen som er 20. januar. Høgskulen er i drøftingar med fylkeskommunen om å arrangere matematikkurs våren 2010. Interesserte kan vende seg til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Søkjarar utan studiekompetanse kan søkje på realkompetanse, som m.a. inneber relevant praksis i 5 år.
Det er planlagt eit informasjonsmøte i Florø med Høgskulen, onsdag 20. januar kl 19.
Det skriv Flora kommune på nettsidene.
Foto: http://www.flickr.com/photos/24289877@N02/ / CC BY-NC-ND 2.0






Kommentarer på artikkelen “Det kan bli desentralisert lærarutdanning i Flora”
Skriv din kommentar