Ei veksande maurtue i Sogndal

publisert 03.09.2010 av Redaksjonen

Fosshaugane Campus i Sogndal veks stadig. I dag er 500 tilsette knytt til anlegget, der Sogndal stadion ligg i midten, og storhallen ligg i vestenden. Og fleire skal det bli.

Høgskulen sitt nye sentralbygg og gymnasbygget vert klare i 2011 og 2012, og med dei store nybygga følgjer både vekst og ansiktsløfting for området på Fosshaugane Campus. Men alt i dag er Fosshaugane Campus ein smeltedigel av arbeidsplassar, med eit kontinuerleg folkemylder, av tilsette, besøkande, skuleelevar og studentar, og spelarar og andre aktørar i Sogndal fotball. 

- Trafikk avlar trafikk, seier Kjetil Kvåle til Sogn Avis. Han og kollegaene i Kunnskapsparken sikra seg nyleg dei siste kontora på anlegget for å ha dei tilgjengelege for bedrifter i startgropa. Kunnskapsparken skal virke som eit nav for utvikling og innovasjon i Sogn og Fjordane, og er midt i smørauga på Campus.


(Foto: Jan-Erik Kvåle, mediebruket.no)

- I Sogndal er me gode på å vera ærlege på eigne behov. Har ein ikkje råd sjølv, må ein ty til samarbeid. Ein må vera kreativ, vera fleire som deler på kostnadane og få krona brukt på begge sider. Det er samspelet melloom aktørane som har opna moglegheitene for oss andre, seier Kvåle til avisa.

No vert kjempeanlegget utvida med nytt sentralbygg til Høgskulen i Sogn og Fjordane og nytt bygg for Sogndal vidaregåande skule. Det blir ikkje bygd tribune i denne omgangen, men det blir lagt til rette for at denne kan byggjast seinare.

Gamle yrkesskulen og handsskulen skal rivast og gir plass til parkering og grøntområde. Siste del av Kvåle skule blir ferdig ved årsskiftet.

Fakta:

  • Campus Fosshaugane er eit bygningskompleks i samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal kommune og Sogndal Fotball.
  • På Campus arbeider 360 innan skule og utdanning. 140 arbeider i andre typar verksemder. Der er verksemder innan data, arkitektkontor, mediabedrifter og offentleg forvaltning.
  • 2500-3000 menneske er innom Campus kvar dag.
  • Anlegget er ope frå 07.00 til 23.00. 


(Artikkelen er basert på sak i Sogn Avis 30. august 2010)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ei veksande maurtue i Sogndal”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt