Felles innsats for enormt datalagringssenter i Nordfjord

publisert 21.12.2009 av Redaksjonen

Fleire tunge næringslivsaktørar har gått saman for å finne ut om det er mogleg å bygge eitt av verdas største, sikraste og mest miljøvenlege datasenter i Lefdal gruve i Vågsøy kommune i Nordfjord.

Felles innsats for enormt datalagringssenter i Nordfjord

Hafslund ASA, IBM, North Cape Minerals, DNB Nor, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Tandberg deltar alle i forprosjektet økonomisk og/eller med fagekspertise og teknologi.

Lefdal gruve vil kunne bli den største norske satsinga på datalagring nokonsinne.

IT-bedrifta LocalHost i Måløy, som har utvikla ny kjøleteknologi for datalagring, er initiativtakar til prosjektet og vil stå for prosjektleiinga.

- IT-bransjen er midt i eit paradigmeskifte med virtualiseringsteknologi som gjer det mogleg med store, nye etableringar av datasenter der det ligg mest naturleg til rette. Datasenter kan bli ein ny, norsk kraftkrevjande industri der vi skapar verdiar av våre unike, reine og rimelege energiressursar. Lefdal gruve-prosjektet vil ta oss eitt skritt vidare når det gjeld kva som skal til for at den døra vert opna også internasjonalt, seier leiar i styringsgruppa, Ingvild Myhre i ei pressemelding.

Lefdal gruve er verda største, underjordiske olivingruve og ligg mellom Måløy og Nordfjordeid. Forprosjektet skal vere ferdigstilt sommaren 2010.

Prosjektet Lefdal gruve vert elles støtta økonomisk av Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) og Innovasjon Norge.

Les meir om saka hos:


(Foto: NCM)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Felles innsats for enormt datalagringssenter i Nordfjord”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt