Fire i Flåm ønskjer fleire reiselivskollegaer
Turiststaden Flåm i Aurland ved Sognefjorden er ein god stad å starte for dei som vel ein karriere innan reiseliv. Det manglar ikkje på spennande jobbar, og det er slett ikkje berre dei lyse månadane det er aktivitet i bygda.

(Foto: Nataraj Metz, Flickr CC2.0)
CRUISEHAMN OG REISELIVSBYGDFlåm er ei av dei store cruisehamnene på Vestlandet, og fleire hundre tusen tek kvart år den spektakulære togturen med Flåmsbana frå fjorden, via Kjosfossen (biletet nedanfor) opp på fjellet til Myrdal. Det er ei rekkje reiselivsbedrifter i Flåm, som tilbyr overnatting, servering (og t.d. drikke hos Ægir Bryggeri), og aktivitetar. Fretheim Hotel omset for 24 millionar kroner i året, og har omlag 20 tilsette på heilårsbasis. Flåm Utvikling har ni tilsette, og arbeider med å befeste og vidareutvikle Flåm- og Aurlandsregionen til eit av dei fremste reisemål- og opplevingssentra i Skandinavia. Merkevarene er Visit Flåm og Flåmsbana.
|
Turistar kjem året rundt, og så snart dei største turisthordane har forlate Vestlandet, så er planlegginga av neste høgsesong alt godt i gang. Og ein del av planlegginga er å rekruttere nye medarbeidarar til ei stadig veksande næring:
Fretheim Hotel har ledige stillingar som både kjøkensjef og hovmeister, Sognefjorden AS søkjer etter salsmedarbeidar og Flåm Utvikling er på jakt etter driftskoordinator og salsmedarbeidar.
LEDIGE STLLINGAR I FLÅM
Dynamisk arbeidsfelleskap
Fire av dei heilårstilsette som tilrår reiselivsbedriftene i Flåm som arbeidsplass er Cecilie Boge, Gry Steine Mundal, Mette Bakketun og Anna B. Nyberg.
Alle fire legg vekt på at det er nesten uråd å skildre ein typisk arbeidsdag, og at nettopp det er med på å gjere arbeidsplassane attraktive. Miljøet i Flåm er internasjonalt og dynamisk. Dei jobbar alle med reiseliv, og får sjølve høve til å reise og oppleve andre reisemål og reiselivsmesser.
– I år har vi vore i USA to gonger, i Moskva og St. Petersburg, og i London, seier Bakketun.
Nettverk gjennom jobben
Dei fleste i sals- og bookingsjef Bakketun sine avdelingar på Fretheim Hotel er på same alder og i same familiesituasjon som henne:
– Vi har god forståing for kvarandre, og det hjelper i ein hektisk kvardag. Og vi kjem også saman i private samanhengar.
Nyberg studerer "Management of Project Leadership" i Oslo ved sida av jobben, og har fått positive tilbakemeldingar frå Fretheim Hotel på dette. Ho opplever at arbeidsgjevaren tek omsyn til oppgåveinnleveringar, eksamenar og at ho skal få delta på samlingar i Oslo.
– Eg tykkjer det er mykje lettare å setje seg inn i faget ved å arbeide samstundes, sjølv om det sjølvsagt krev mykje sjølvdisiplin og lange dagar.
Kom for jobben sin del - og blei verande
Nyberg kom til Flåm i 2008 for å arbeide. Ho valde å bli verande etter å ha oppdaga at arbeidsplassen har godt arbeidsmiljø og gjev fantastiske høve til utvikling.
– Eg er her endå, seier ho, sjølv om ho vedgår at ho innerst inne er eit bymenneske, som likar liv og røre kring seg året rundt.
– Men Flåm er eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen, noko som gjer det enkelt å "urbanisere" seg om ein føler for det. Dessutan vart utgiftene til bustad halvert då eg flytta til Flåm.
Bakketun er samd i at det er billegare å leve i Flåm, og legg til at barnehage- og skuletilbodet er betre enn i "byd'n".
– Kven passar ein slik jobb for?
– Ein må brenne for faget, ha stor arbeidskapasitet, vere nysjerrig og ha eit ønskjer om å nå dei måla ein set seg, seier Nyberg.
Bakketun seier at ein karrieveg i reiselivet passar for dei som greier å ta ansvar for eiga læring, og er flinke til å ta med seg erfaringane frå arbeidsoppgåvene, møte med ulike mennesketypar og dei ulike yrkesgruppene.
Og alle dei fire har jobbar som passar til Boge i Flåm Utvikling si oppsummering: Ein må vere utadvend, fleksibel, nytenkjande og kreativ, og ha evne til å arbeide med mange ulike arbeidsoppgåver og under press.
Bur i eit 'postkort'
– Kva skal til for at du blir "gamal" der du er no, og kva skal til for å få fleire til å flytte hit?
– Eit breidt aktivitetstilbod, noko som har kome seg enormt dei siste åra. Det at vi i Aurland har fått ein ny idrettshall, har skapt ein heilt ny entusiasme blant bydefolket. Når det gjeld nye tilflyttarar, så meiner eg at det er viktig å ha fokus på dei flotte naturopplevingane vi kan tilby – dette kan ein ikkje finne tilsvarande i ein by, seier Mundal.
– Sogn er jo ein av dei vakraste stadane i verda!
Ingen av dei fire protesterer på det...

CECILIE BOGE
GRY STEINE MUNDAL
METTE BAKKETUN
ANNA B. NYBERG
Kommentarer på artikkelen “Fire i Flåm ønskjer fleire reiselivskollegaer”
Skriv din kommentar