Fleksibel og godt løna IT-jobb på Norges beste utestad
For nokre år sidan vurderte dataingeniør Guy Steffen Brun å flytte frå Sogndal for å prøve noko anna. Men etter å ha løfta blikket på eigen arbeidsstad i Fjordane IT slo han det frå seg.

Alle foto: Oskar Andersen, Debrafoto/Gasta.
|
FAKTA: Guy Steffen BrunSenior systemkonsulent i Fjordane IT si avdeling i Sogndal. 33 år. Sambuar. Frå Jostedalen i Luster kommune. Utdanning innan systemutvikling, programmering og økonomi: |
Guy Steffen Brun (33) er systemkonsulent hos den største IT-leverandøren i Sogn og Fjordane. Han bur og arbeider i Sogndal, men er også ein del på farten i heile Sogn og Fjordane i jobbsamanheng: – Det er fint å ha høve til å kunne kome seg litt ut av kontoret, seier han.
Yrkeskarriera starta Guy Steffen i 2003 i Datapart, som seinare vart ein del av Fjordane IT. Han var også fire år på IT-avdelinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, før han byrja i Fjordane IT i 2008.
– Ein av fordelane med å arbeide i Fjordane IT, er fleksibiliteten, seier Brun, som tykkjer han har stor fridom når det gjeld både arbeidstider og innhald i arbeidet.
– Eg har ein arbeidsplass som gir mange høve til karriereklatring. Vi har eit stort mangfald av kundar, med mange ulike teknologiar som set krav til oss. Det gjer at vi må setje oss grundig inn i systema og teknologiane. Men bedrifta satsar også mykje på å tilby fagleg oppdatering. Vi får tilbod om kurs og sertifiseringar, som gjer at vi aldri står i fare for å bli akterutsegla. Det gjer også at vi kjenner oss verdsette.
Og blant frynsegoda er tilgang til bedriftshytter i Bulgaria og Tyrkia.
Guy Steffen seier han har ei forholdsvis fri rolle i Fjordane IT, der han får arbeide innanfor fleire fagfelt. Han har arbeidd mykje med skreddarsaum av applikasjonar, systemutvikling og programmering. Han arbeider også med installasjon av Microsoft-produkt som SharePoint , og tykkjer også det er godt å kunne ha reint rutinearbeid innimellom.
Mangfaldig miljø i Sogndal
Brun trivst godt i Sogndal, mellom anna fordi bygda har eit mangfaldig miljø:
– Høgskulen fører med seg mykje positivt. Ikkje minst det at stadig nye studentar gjer at kommunen heile tida får nye innflyttarar med nye idéar og aktivitetar.
Kontoret hans er plassert Fosshaugane Campus, der Sogndal Fotball har sin heimearena, og der ei rekkje andre bedrifter, offentlege tenester, høgskule og vidaregåande skule har lokaler og deler kantine.
– Campus-konseptet og miljøet der er ganske bra, med ein miks av bedrifter, idrett og ulike aktivitetar. Og ikkje minst storhallen med klatrevegg og innandørs baner. Det er ein unik kvalitet ved Sogndal, seier jostedølen.
– Då eg vurderte å flytte for fem år sidan var det faktisk treningsforholda og det mangfaldige miljøet på Campus som gjorde at eg blei verande.
– Naturen blir gjerne trekt fram når ein skal marknadsføre stadane i Sogn og Fjordane for å bu og arbeide. Er det ein klisjé?
– Det er ikkje noko føresetnad at du må vere friluftsentusiast for å trivast i Sogndal eller andre stader i fyket. Men for min eigen del er naturen eit pluss. Eg er glad i skigåing, fjellturar og sykling, seier Guy Steffen.
Han har delteke på sykkelrittet Jotunheimen Rundt tre gonger, Birkebeineren tre gonger, og i lokale tevlingar som Kjeringi Open.
- VisitNorway: Norges beste UTEsted 2011 ble Sogndal
– Levekostnadane er gjerne mindre ved å bu i Sogndal enn til dømes i Oslo. Fører det til at også løna er mindre?
– Nei, faktisk så har eg kameratar som jobbar i store IT-bedrifter i Oslo og tener mindre enn meg, sjølv om vi har lik kompetanse.
Solid IT-bedrift eigd av dei tilsette
Fjordane IT er den verkelege tungvektaren i IT-bransjen i Sogn og Fjordane, og er fylkets største leverandør av IT-infrastrukturprodukt og tenester.
Selskapet tilbyr hovudsakleg IT-produkt, konsulenttenester, drifts- og serviceavtalar. Fjordane IT leverer mykje ASP- og hosting-tenester i sitt datasenter. Det vil seie at kundar leiger tenester og eller serverar hos Fjordane IT framfor å kjøpe eller oppgradere sjølve.
Bedrifta har høgt sertifiserte konsulentar med spisskompetanse innan system, kommunikasjon og sikkerheit, og er 100 % eigd av dei tilsette. Hovudkontoret til Fjordane IT er i Førde i Sunnfjord, og bedrifta har avdelingskontor i Stryn i Nordfjord, og i Gaupne og Sogndal i indre Sogn.
Bedrifta vart etablert med tre tilsette i 1998, og har greidd seg fint gjennom både dotcom-bobla og finanskrisa. Siste fem åra er omsetninga dobla, og i 2011 passerte den 50 millionar kroner. Overskot har det vore kvart år. Bedrifta har 35 tilsette i 2012, men rekrutterer stadig nye medarbeidarar.
-
Møt Fjordane IT på Framtidsfylket Karrieremesser - meld deg på
Bergen 15. februar og Trondheim 1. mars 2012
– Heilt sidan starten har vi hatt fokus på at drifta skal vere effektiv og lønsam, og har levert gode resultat trass i skiftande konjunkturar, seier dagleg leiar Dagmunn Fauske.
Fjordane IT har heilt sidan 2003 hatt AA-rating i Dun & Bradstreet sine årlege vurderingar, og i 2010 vart bedrifta vurdert til høgast moglege kredittverdigheit med AAA-rating.
– At vi gjer det bra økonomisk gjev eit trygt fundament for oss og kundane. Men det viktigaste for oss er at vi skal vere ein lokal, trygg og verdiskapande samarbeidspartnar for kundane våre innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Hovudmålet vårt er å ha fornøgde kundar, seier Fauske.




Kommentarer på artikkelen “Fleksibel og godt løna IT-jobb på Norges beste utestad”
Skriv din kommentar