Forsiktig og sårbar vekst for næringslivet i Sogn og Fjordane
Næringslivet i Sogn og Fjordane signaliserer konsolidering og gryande optimisme etter snart halvtanna år med nedgangstider innanfor dei fleste næringane. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane i mai.
Bedriftsundersøkinga som ligg til grunn for denne utgåva av Næringsbarometeret blei gjennomført i mars 2010, og av dei rundt 590 bedriftsleiarane i Sogn og Fjordane som har svart, melder over 80 prosent om stabilitet eller auke i både marknad og omsetning. Det er likevel klare forskjellar mellom dei ulike næringane, og særleg for verfts- og verkstadsindustrien er det framleis utfordringar i vente.
Framtidsutsiktene blir betre
Oppsvinget i både norsk og internasjonal økonomi har betra marknadssituasjonen og framtidsutsiktene for næringslivet i Sogn og Fjordane. Forventingsindeksen viser eit kraftig oppsving samanlikna med fjoråret, sjølv om vekstoverslaga framleis er forsiktige. Optimismen er betrakteleg større enn for eit år sidan, men likevel noko mindre enn i november i fjor.
Stabilt arbeidskraftbehov
Sidan finanskrisa slo inn hausten 2008, har etterspurnaden etter arbeidskraft gått ned.
Samla minka talet på sysselsette i privat sektor i Sogn og Fjordane med 600 i 2009 i følgje Næringsbarometeret. No ser det ut til at behovet for arbeidskraft blir meir stabilt. Heile 70 prosent av bedriftene i Sogn og Fjordane ventar uendra sysselsetjing i 2010. 20 prosent ventar ein auke i sysselsetjinga. Samla sett ventar verksemdene i Sogn og Fjordane ein vekst i sysselsetjinga på 0,5 prosent i 2010, tilsvarande om lag 250 arbeidsplassar.
Tenesteytande næringar er blant dei næringane som ventar størst vekst i 2010, og som samtidig opplever at det er krevjande å rekruttere nok relevant arbeidskraft.
Industrien slit framleis
Mange industribedrifter har vore gjennom krevjande tider dei siste to åra med omstilling, nedbemanning og knallhard konkurranse. For industrien samla sett ser det ut til at nedbemanning òg kjem til å prege dette året. Industribedriftene i fylket ventar eit bortfall av rundt 250 arbeidsplassar, noko som tilsvarer ein reduksjon i industrisysselsetjinga på rundt tre prosent.
Forskjellane innanfor dei ulike delane av industrien er likevel store. Trevareindustrien, som tidlegare har vore gjennom nedbemanningar, ventar no ei stabil sysselsetjing, mens metall- og verkstadindustrien ser ut til å slite.
Svakare ordresituasjon
Sjølv om næringslivet er inne i ei meir positiv utvikling, er situasjonen svært sårbar. Heile 40 prosent av bedriftene i industri og bygg og anlegg melder at ordresituasjonen framleis forverrar seg. Marknaden er framleis noko laber, og det er årsaka til at vekstoverslaga for 2010 blir nedjusterte samanlikna med målinga i november 2009. For å sikre aktivitetsnivået er bedriftene heilt avhengige av å få nye ordrar i nær framtid.
![]() Næringsbarometeret byggjer denne gongen på NAV si årlege bedriftsundersøking. Denne vart gjennomført i mars og er utvida med spørsmål for Næringsbarometeret. Undersøkinga omfatta svar frå 1525 bedrifter, 935 i Hordaland og 590 i Sogn og Fjordane. I tillegg er analysane basert på statistikk og intervju. Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Noreg, NAV, NHO, Sparebanken Vest og fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Asplan Viak står for utarbeiding av publikasjonen i samarbeid med partnarane. Målet med Næringsbarometeret er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar på Vestlandet. |
Investeringane aukar forsiktig
Til trass i at utlånsundersøkinga til Noregs Bank viser at bankane har lempa på kredittpraksisen overfor bedriftene, har delar av næringslivet enno vanskar med å finansiere investeringar. Bedriftsundersøkinga for Næringsbarometeret viser mellom anna at 30 prosent av industribedriftene framleis opplever redusert kapitaltilgang. Særleg er dette kritisk i verftsindustrien.
Sjølv om nær 80 prosent av bedriftene i Hordaland og Sogn og Fjordane planlegg eit stabilt eller aukande investeringsnivå i 2010, er nettodelen framleis negativ. Tala for 2010 tyder foreløpig på at investeringane i industrien held seg låge. Over 20 prosent av bedriftene reknar med ein nedgang i investeringsnivået i 2010, mens rundt 15 prosent ventar ein auke.
Framleis sterkt fokus på kompetanseutvikling
Gjennom heile konjunkturnedgangen har Næringsbarometeret spurt bedriftene kva tiltak dei gjennomfører for å møte utfordringane som har følgt i kjølvatnet av nedgangen. Kvar gong har auka satsing på kompetanseutvikling skåra høgast. Det vitnar om langsiktig tenking blant bedriftsleiarane. I denne siste undersøkinga seier heile 50 prosent at dei aukar innsatsen på kompetanseutvikling. Særleg er det mange innanfor industri og bygg og anlegg som opplyser det. Mange bedrifter bruker no dette kvileskjeret til å oppgradere arbeidsstokken så fleire får fagbrev. Det er svært positivt.
Streaming frå presentasjonen av Næringsbarometeret ligger på nettet.







Kommentarer på artikkelen “Forsiktig og sårbar vekst for næringslivet i Sogn og Fjordane”
Skriv din kommentar