1.250 var nysgjerrige på karriere i Sogn og Fjordane

publisert 18.02.2011 av Redaksjonen. Alle foto: Arild Nybø, mediebruket.no.

Aldri før har så mange kompetente menneske fått vite om så mange spennande arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Årets karrieremesser i regi av Framtidsfylket har hatt større oppslutnad enn nokon gong tidlegare.


Framtidsfylket sine karrieremesser i dei tre største norske byane og i Sogndal trekte til saman kring 1250 besøkande. 

I år som i dei fire føregåande åra var det messa i Bergen som fekk mest besøk med nesten 600, og det var også den messa som hadde fleste standar. 50 bedrifter, kommunar og regionar hadde funne vegen til Grieghallen torsdag denne veka. I snitt var det 38 standar på kvar av messene i Trondheim, Oslo og Sogndal, og i snitt var det mellom 150 og 200 besøkande på desse stadane.

Biologistudent Birgitte Kathrine Sunde i Bergen (biletet, midten) seier ho gjerne vil vekk frå storbymaset og til heim Sunnfjord, og har god erfaring med karriemessene frå tidlegare år. Kompetansen hennar passar fleire stader:
– Ja, NVE, Sunnfjord Energi, fylkesmannen, fylkeskommunen er døme på stader som har stillingar som passar for meg. Den første bedrifta eg snakka med i fjor fekk eg sommarjobb hos.

Medan Sunde gjerne vil til Førde, vil kjærasten Erik Bjaanes (biletet t.h.), som vil bli ingeniør, helst til Askvoll. Uansett er dei samde om at det må bli i Sunnfjord ein plass. 

Farmasistudent Sarah Marie Vie Furevik i Bergen er på leit etter jobb i eller kring Førde. Men på messa fann ho ikkje noko passande på heimtraktene denne gongen:
– Nei, bortsett frå Helse Førde er det ingen bedrifter her på messa som har stillingar som passar til mi utdanning. Men det er veldig kjekt å vere her og sjå kva som finst i fylket. Når du flyttar ut av Sogn og Fjordane får du vite om ting du eigentleg ikkje tenkte på då du budde der sjølv, spesielt gjennom karrieremessene, seier Furevik.

Arbeidsgjevar Hilde Charlotte Strømsnes (biletet t.h.) i Direktoratet for forvaltning og IKT i Leikanger, Difi, er med for tredje gong:
–  For oss er karrieremessene veldig positivt. Vi får vere med og marknadsføre heile Sogn og Fjordane, og vise at vi er ein mangfaldig region. Vi har rekruttert fleire medarbeidarar på desse messene. I tillegg har vi eit samarbeid med NTNU i Trondheim. Då vi var på karrieremesse der hadde vi eit kurs for programutviklarar. 8-9 som vi hadde på kurs i fjor fekk sommarjobb hos oss, og vi satsar på å rekruttere inn endå fleire i år.

 Er det skilnad på messene i dei store byane?
– I Trondheim er det studentar som er er i gang med ei høg utdanning, medan i Oslo møter vi gjerne folk som alt har vore i jobb eit par år. Og i Bergen har vi det meste av alt, meir besøkande og fleire standhaldarar. Det er med på å gjere messa mykje betre, seier Strømsnes.

Personalsjef Marit Moene i Sunnfjord Energi hadde følgjande erfaring frå messe i Oslo:
– Vi syns det er flott å kunne være med å vise fram breidden i næringslivet i fylket. Fleire av dei vi snakka med i Oslo var godt i gang med karrieren, men mange viste stor interesse for Sunnfjord Energi sitt arbeid og det lovar godt for framtidig rekruttering.

Den største nye programinnslaget på messene i 2011 var premieren på Sogn og Fjordane-filmen. I filmen vert vi kjende med unge menneske som har flytta eller vurderer å flytte til Sogn og Fjordane. Vi får følgje dei både privat og i jobb, på ulike stader i fylket.

Nytt av året var det også at fire av dei større kompetansearbeidsplassane fekk halde ein eigen presentasjon på føremiddagen på NTNU i Trondheim.

Dagleg leiar Anne van Oorschot er svært nøgd med oppslutnaden:

– Aldri før har vel så mange kompetente menneske som er nysgjerrige på arbeidsmarknaden og bu- og levetilhøva i Sogn og Fjordane vorte presenterte for så mange interesserte bedrifter, kommunar og regionar. Kvart einaste år har vi potensielle tilflyttarar og arbeidsgjevarar som finn kvarandre på messene, og som avtalar vidare kontakt. Det er ikkje få som har blitt rekrutterte på denne måten, seier van Oorschot. 

–  Men dei langsiktige verknadane er minst like viktige. Fleire av studentane som er innom messene har fleire år att med studiar, men ønskjer alt no å finne ut kva dei ulike arbeidsplassane i Sogn og Fjordane har å by på slik at dei kan planleggje karrieren vidare, og kvar dei skal slå seg ned i framtida. Ingen lever av frisk luft og vakker natur aleine, og omdømmet vårt må derfor særleg omfatte kva høve som finst for å få spennande jobbar.

Van Oorschot i Framtidsfylket trur messene er eitt av mange tiltak som på lengre sikt er med og påverkar tilflyttinga i Sogn og Fjordane, og bremsar utflyttinga. I samband med førsteutgåva av statistikksamlinga Fylkesspegelen, som Sogn og Fjordane fylkeskommune lanserte i februar, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff at det ser ut til at nokre kommunar kan ha lukkast i å stogge utflyttingsstraumen.

– Frå 2008 til 2010 ser vi at netto utflytting til andre deler av landet er redusert med 25-30 %. Dette har vore den største einskildendringa som bidreg til positiv folketalsutvikling, seier han, og meiner dette kan tyde på at ein del målretta tiltak for å hindre utflytting eller få folk til å flytte ”heim” kan ha virka.

FAKTA:
Framtidsfylket er eit initiativ frå næringslivet i Sogn og Fjordane, som har lyst å gjere aktive grep for å setje seg sjølv på kartet som ein stad der du kan gjere ei spennande karriere. Målsetjinga med messene er å vere ein møteplass for arbeidsgjevarar og potensielle arbeidstakarar, og å vise fram attraktive jobbar og buområde og kva som elles rører seg i Sogn og Fjordane. På messene presenterer bedriftene og regionane seg på stands, og det vert servert tapas frå Sogn og Fjordane. Innimellom minglinga er det også program i plenum frå scena, med presentasjonar som i år var musikalsk ramma inn av musikaren Tina Refsnes frå Florø. I år var det også premiere på den nye Sogn og Fjordane-filmen, som viser korleis det er å arbeide og bu ulike stader i fylket.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “1.250 var nysgjerrige på karriere i Sogn og Fjordane”

Arvid Andenæs sier:

Det er utruleg moro å sjå at desse messene utviklar seg så positivt frå år til år. Dette var faktisk fyrste året eg ikkje har vore med og det gledar eit engasjert hjerte at Framtidsfylket lykkast så godt. Eg er ikkje i tvil om at dette gjer noko både med tilgangen på kompetente medarbeidarar og ikkje minst med kunnskapen til våre eigne ungdomar om mulighetane i fylket. Ein verknad som eg trur er litt undervurdert er verdien for bedriftene i å kome saman på denne måten. Oppleve samhaldet, entusiasmen og gleda over å møte så mykje fin ungdom. Det gjer også at ein blir betre kjent både personleg, men også med kva bedriftene står for. Alt dette gir grunnlag for betre samarbeid. Det treng vi også!

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt