Alice Blålid vil sprengje grenser i Framtidsfylket
Framtidsfylket har fått ein ny og entusiastisk medarbeidar, etter å ha tilsett Alice Blålid frå Deknepollen som ’assisterande grensebrytar’. Ho gler seg til å ta fatt: – Vi har det beste frå by og bygd. Det vil eg òg legge vekt på når eg skal reklamere for Sogn og Fjordane som karriere- og buplass, seier Blålid.

Alice Blålid (biletet) har hovudutdanninga si innan Marin Bedriftsledelse frå Norges Fiskerihøgskole i Tromsø og International Business frå University of Iceland. Ho kjem frå jobben som sales manager i Domstein Fish AS, der ho starta som trainee i 2007, i samarbeid med det som i dag er Framtidsfylket si traineeordning. Blålid bur i Deknepollen i Vågsøy kommune.
– Kva brenn du mest for når det gjeld heimfylket ditt?
– Å gjere mitt beste for å få vekk litt av den stigmatiseringa som heng igjen hos enkelte. Sogn og Fjordane består ikkje berre av plassar der ingen skulle tru at nokon kunne eller ville bu. Det er faktisk eit fylke der mykje spennande skjer, og vi som bur her er ikkje enkle individ som sit på trammen i gyngestolen og tygg på eit strå, seier Blålid.
– Vi har ei god blanding av det urbane og det naturskjøne. Det er ikkje langt frå fjell og fjordar til shopping og kafébord med caffè latte og BLTs. Vi har det beste frå by og bygd.
Dagleg leiar Anne van Oorschot ser fram til at den nye kollegaen startar 1. mai. Men alt på Framtidsfylket si Karrieremesse i Bergen 17. februar er ho med for å få innblikk i kva messene inneber
– Vi fekk 24 gode søkjarar, noko vi tykkjer er veldig bra. Valet fall på Alice av ulike grunnar. Blant anna er ho ein god representant for den målgruppa vi jobbar mot i Framtidsfylket: Unge og høgt utdanna. Ho har jobba fleire år med sal og marknadsføring. Det er også ein fordel at ho har vore trainee slik at ho er kjend med det opplegget. Vi har elles inntrykk av at ho brenn for jobben som ho skal til i. Og ho er kreativ, seier van Oorschot.
Då van Oorschot si stilling vart lyst i si tid ut kalla dei den ’Grensebrytar’, og ho tykte det var eit originalt og artig namn på ei stilling.
– Men tanken som låg bak var jo endå meir interessant, nemleg det å samle og engasjere kreftene på tvers av fylket til å jobbe med eit felles mål: rekruttering av unge menneske med høgare utdanning til Sogn og Fjordane. Og samtidig appellerte det til meg å bryte ut av etablerte normer og tenkje nytt, seier sjefsgrensebrytaren.
– Det skal bli kjekt å få ein kollega med eit brennande engasjement. Saman skal vi sprenge fleire grenser.
Alice Blålid trur at mange sit med blanda kjensler når det vert snakka om å flytte attende, slik ho sjølv har positiv erfaring med.
– Dersom min innsats i denne samanhengen kan føre til at andre kan bli gjort merksame på alt som er mogleg å få utretta i Sogn og Fjordane, og kanskje hjelpe til på vegen til den potensielle draumejobben og draumetilveret, så vil eg vere svært nøgd. Eg ser fram til å følgje den positive utviklinga i Sogn og Fjordane på nærare hald, seier ho.
Kommentarer på artikkelen “Alice Blålid vil sprengje grenser i Framtidsfylket”
Skriv din kommentar