Daniel gjekk frå trainee til fast tilsett

publisert 13.03.2012 av Redaksjonen. Alle foto: Thomas Bickhardt, BickFoto.no

Etter snart eitt år i Sogn og Fjordane fylkeskommune har trainee Daniel Gåsemyr Fluge no gått rett over i fast jobb i økonomistaben til fylkesrådmannen.

26-åringen frå Jølster er ein av 14 unge menneske som no er i ferd med å avslutte året som deltakarar i Framtidsfylket Trainee.

Eller det vil seie: Daniel Fluge (biletet t.h.) fekk ein unik sjanse han ikkje kunne seie nei til; fast stilling hos same arbeidsgjevar. Fluge starta i den nye stillinga 1. mars.

Fekk sjansen – og tok han

Det har heile vegen vore meininga å fullføre traineeprogrammet som vert avslutta i august. Men då den ledige stillinga i økonomistaben vart utlyst vart økonomen freista til å søkje, og no er han både med på traineeprogrammet og fast tilsett:

– Å vere trainee er ein fantastisk moglegheit til å få vise seg fram. Eg stortrivdest som arbeidstakar i i fylkeskommunen og er svært glad for at eg no kan halde fram i ei fast stilling, seier Daniel.

Som trainee vart Daniel tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune, basert på ei kontrakt mellom han og arbeidsgjevaren. Ein mentor på arbeidsplassen har hatt den daglege oppfølginga, og Framtidsfylket har stått for traineesamlingar og andre nettverksbyggande tiltak.

God oppfølging og sjølvstendige oppgåver

I traineeperioden var Daniel sine arbeidsoppgåver delt mellom næringsavdelinga og økonomistaben hos fylkesrådmannen:

– Eg fekk tidleg sjølvstendige utfordringar som sakshandsamar for enkeltsaker. Samtidig vart eg teken med i meir overordna prosessarbeid i høve saker som er viktige for innbyggarane i fylket. Dette har gjeve meg ei brei innsikt i arbeids- og ansvarsoppgåvene til fylkeskommunen, seier han.

Gjennom arbeidet som trainee har han også etter kvart fått sjansen til å opparbeide seg eit nettverk både internt i fylkeskommunen, og mot nærings- og samfunnslivet i fylket elles.

– Eg har fått reist mykje rundt i fylket på oppdrag for fylkeskommunen. Samtidig har vi i traineenettverket hatt samlingar og vore på besøk hos fleire spennande bedrifter på arbeidsplassar i fylket, seier Fluge.

Og gjennom samlingane og nettverksarbeidet i Framtidsfylket Trainee har Fluge opparbeida seg både vennskap og nyttige kontaktar til seinare bruk. Daniel er med på samlingar både i Hoddevika i Ytre Nordfjord, og til EU-hovudkvarteret i Brüssel. Ikkje minst har trainee-opplegget vore bra for den personlege utviklinga, seier han:

– Traineestillinga var den første jobben min etter utdanninga, og traineenettverket har vore til god hjelp i høve å få snakka om både eigne og andre sine opplevingar som ferskingar i arbeidslivet.

Sjå fleire historier og meir info nedanfor biletet...


Ein viktig del av opplegget til Framtidsfylket Trainee er samarbeidet med organisasjonspsykolog Thomas Bickhardt, som brukar erfaringsutvekslingar frå jobbkvardagen som utgangspunkt for sine teambyggingsopplegg. Temaet på denne samlinga var "Motivasjon og fokus". Foto: Thomas Bickhardt, Bickfoto.

Les andre traineehistorier:

Meir om Framtidsylket Trainee:

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Daniel gjekk frå trainee til fast tilsett”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt