Framtidsfylket styrkar næringslivet
– Traineeordninga er ein flott start på yrkeslivet, seier fleire av dei unge vaksne som var samla til treff i Sogndal i helga. Spleiselaget bak Framtidsfylket fekk sjå konkrete resultat av satsinga.
– Samlinga var hektisk, men svært vellukka, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot. Ho gjorde ein ny vri i år, og utfordra årets kull til å invitere alle traineeane opp gjennom åra, traineebedriftene og aksjonærane i Framtidsfylket.
– Dei gjorde ein kjempejobb med planlegging og gjennomføring av det sosiale og faglege programmet, og fekk synt at dei taklar utfordingar svært godt, rosar van Oorschot.
BILETET OVER T.H:: Deler erfaringar: Tre ulike kull, to ulike bedrifter, men mange felles erfaringar som knyter dei saman. Monica Lystad og Jannicke Lindvik (SFE), Geir Helle og Kristin Vik (Sparebanken SF) har berre lovord å seie om året som trainee. Det har hatt stor verdi for vala deira, og tre av dei har halde fram i traineebedrifta. (Foto: Oddrun Midtbø)
|
FRAMTIDSFYLKET - |
Raskare start på karriere
– Det beste med traneeordninga var at eg vart fort kjent med fylket, fekk møte andre høgt utdanna unge og fekk raskt eit godt innblikk i næringslivet. Det er langt meir spennande enn mange er klar over, meiner ein av traineeane. Det svaret, i tillegg til ord som ”kjekt, spennande og personleg utviklande”, er felles når mange av dei skal oppsummere året som er ein del av satsinga til Framtidsfylket.
Med blikket vendt heimover
– Eg reiste mykje meir i eige fylket som trainee, enn eg har gjort tidlegare. Og innsåg fort at eg ikkje kjende fylket mitt i det heile, seier Monica Lystad. Ho har halde fram med å arbeide ved SFE.
– Eg har ein mastergrad i samfunnsgeografi, og hadde blikket vendt heimover. Då eg fekk sjansen på traineestilling i Høyanger Næringsutvikling, nølte eg ikkje, seier Synne Vefring. I dag har ho HNU som arbeidsplass. Traineeåret har gitt dei alle ei betre oversikt og eit nettverk spreidd over heile fylket.
Flygande start på karrieren
– Eg hadde nok aldri våga å søkje som nyutdanna på ei stilling som forskar. Traineeordninga ga meg ein unik sjanse til å bli kjent med arbeidsplassen, seier Idun A. Husabø. Også ho er blitt verande i traineebedrifta Vestlandsforsking. Husabø er eit godt døme på at ordninga har gjort arbeidsplassen meir mangfaldige, og senka gjennomsnittsalderen på dei tilsette. Det har ført til at bedrifta er blitt styrka i kampen om dei høgt utdanna unge.

Lagbygging: Det handlar om å spele kvarandre gode. Traineeane fekk teste dette gjennom utfordrande øvingar i løpet av helga. Her er det Ingrid Sælensminde (Vestlandsforsking) som blir teken godt i mot av Stein Kristian Vallestad (Saga Fjordbase), Malvin Sandbakk (Miljøservice), Hana Assefa (Sunnfjord Energi) og Ingrid Husum (Lerum). Dei lukkast i samarbeidet. (Foto: Oddrun Midtbø)
– Kunnskap er nøkkelen
– Vi håper denne type samling kan bli tradisjon, seier van Oorschot (biletet t.h.), som fekk god tilbakemelding frå dei tre ulike gruppene. Ho sette stor pris på å få besøk av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (t.v.). Ministeren er godt orientert om Framtidsfylket og dei utfordringane næringslivet har.
– Det er viktig at næringslivet gjer seg interessant nok for skarpingane med høg utdanning, sa ho.
– Då er Framtidsfylket og traineeordninga viktige grep, la ho til.

Framtidsfylket: 62 høgt utdanna unge vaksne har vore gjennom traineeprogrammet dei siste fem åra. På samlinga i helga fekk mange av dei møte traineebedrifter og eigarane av Framtidsfylket. Slike møteplassar er viktige for å få næringslivet til å jobbe saman, og gjere Sogn og Fjordane attraktivt for dei med høg utdanning. (Foto: Thomas Bickhardt)
Kommentarer på artikkelen “Framtidsfylket styrkar næringslivet”
Skriv din kommentar