Leig eit traineekull for ein dag!

publisert 14.01.2011 av Redaksjonen

Treng du eller verksemda di hjelp til noko? Framtidsfylket Trainee stiller årets 11 traineear disponible til ein dag med problemløysing!


F.v.: Jo Vegar Haugen (Elis), Lisbeth Bringebøen (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Eva Marie Felde (Høgskulen i Sogn og Fjordane), Daniel Wergeland (Normatic), Ragnhild Gram Skår (Lotteri- og stiftelsestilsynet), Heidi Skorpen (NHO Sogn og Fjordane), Oddne Skrede (Sparebanken Sogn og Fjordane), Asbjørn Ness (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Helge-Øystein Feigum (Lerum Fabrikker), Frank Willie Bødal (PricewaterhouseCoopers) og Gjermund Kvernmo (Sogn og Fjordane Energi). Foto: Thomas Bickhardt, bickfoto.no.

– I utgangspunktet kan vi gjere omtrent alt. Gardsarbeid, måling av hus, hytter og anna større førefallande arbeid. Med tanke på at sju av oss har mastergrad og fire bachelorgrad, så håpar vi sjølvsagt det er kompetansen vår dei hyrar oss inn for, seier Eva Marie Felde og Frank Willie Bødal.

Dei er to av dei elleve traineeane som stiller kompetansen sin til disposisjon.

– Samla har vi 11 utdanning innan område som marknadsføring, ingeniørfag, IKT, økonomi, juss, media og kommunikasjon. Så vi kan gjere mange ulike arbeidsoppgåver for både private og offentlege. Kor ofte får du eigentleg sjansen til å leige inn 11 høgt utdanna med så mangfaldig kompetanse, spør Bødal.

Kva treng DU hjelp til?

– 5. februar stiller vi i traineekullet oss tilgjengelege for eit eller fleire oppdrag som nettopp du treng hjelp til. I utgangspunktet er startprisen 25.000 kroner for leige av heile traineekullet samla. Tenk kor mykje vi klarar å gjere i løpet av ein dag for den prisen! Men, vi er opne for diskusjon om gjennomføringa alt etter kva type oppdrag som skulle dukke opp, legg Felde til og oppmodar alle om å legge inn bod.

Dei to traineeane ber dei som er interesserte om å sjå nærare på bakgrunnen til dei ulike traineeane. Inntektene frå auksjonen går til eit traineeprosjekt som traineekullet har ansvar for å gjennomføre. Prosjektet dette året blir å arrangere ei alumnisamling for alle dei 73 som er og har vore traineear.

Viktig arena

Ei undersøking synte av 70 prosent av alle traineeane som var rekruttert til Sogn og Fjordane sidan 2004, framleis er i regionen.

– Vi trur ei alumnisamling er ein viktig møtestad for fleire av desse. Det å sørge for eit godt nettverk med andre unge høgutdanna menneske, gjer det kanskje lettare å behalde kompetansen i fylket, seier dagleg leiar i Framtidsfylket Anne Van Oorschot.

Oorschot meiner ei slik samling kjem heile fylket til gode.

– Når så mange traineear samlast er det klart at dei utvekslar erfaringar om faga sine, men også om arbeidsgjevarar og spennande verksemder eller aktivitetar som fylket har å by på. Kanskje får nokon informasjon om ei spanande verksemd som dei seinare kan inngå samarbeid med, eller tips om ein ledig jobb dei kan søkje på?

Fakta om auksjonen

For meir informasjon om "Leig eit traineekull" kontakt:
Eva Marie Felde, trainee Høgskulen i Sogn og Fjordane, 995 48 828
Frank Willie Bødal, trainee PwC, 952 61 348

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Leig eit traineekull for ein dag!”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt