Wanted: Assisterande Grensebrytar.

publisert 22.12.2010 av Redaksjonen

Anne van Oorschot, dagleg leiar og grensebrytar i Framtidsfylket, er ute etter å finne ein ny kollega: assisterande grensebrytar. Kan dette vere noko for deg?


Anne van Oorschot er grensebrytar og dagleg leiar i Framtidsfylket AS. No er ho på jakt etter ein kollega. Foto: Arild Nybø, mediebruket.no

Framtidsfylket er eit ungt selskap, etablert i 2008, men har alt opparbeidt mykje erfaring og har mange gode samarbeidspartnarar.  

Traineeprogrammet til Framtidsfylket blei etablert i 2004, og i 2011 blir Framtidsfylket Karrieremesser organisert for femte gong. Nettportalen framtidsfylket.no blei lansert i 2007 og relansert i november 2009.

– Vi jobbar på overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit spennande bu- og arbeidsområde, med  rekruttering og nettverksbygging. I praksis skal den nye kollegaen avlaste meg med alle desse oppgåvene, seier Anne van Oorschot.

Ho blei tilsett som dagleg leiar i januar 2009, og jobbmengda har ikkje blitt mindre.

 – Då stillinga mi vart lyst ut kalla dei den ’Grensebrytar’.  Det tykte eg var eit kjempeoriginalt namn på ei stilling. Men tanken som lå bak var jo endå meir interessant, nemleg det å samle og engasjere kreftene på tvers av fylket til å jobbe med eit felles mål: rekruttering av unge menneske med høgare utdanning til Sogn og Fjordane. Og samtidig appelerte det til meg å bryte ut av etablerte normer og tenke nytt,  seier grensebrytaren med tydeleg entusiasme:

Framtidsfylket sine samarbeidspartnarar, og særleg eigar- og traineebedrifter, er til liks med van Oorschot opptekne av kvalitet og profesjonalitet. Men det tek tid å jobbe slik, og bedrifta ser no at det blir for mykje arbeid for ein person.

– Det er difor utruleg kjekt at eg no får lyse ut stillinga som Assisterande Grensebrytar (100% fast stilling) slik at eg får ein ny kollega som saman med meg skal vidareutvikle merkevara Framtidsfylket og marknadsføring av våre tenester.

Anne van Oorschot fortel at dei endå ikkje har delt opp veldig konkret korleis oppgåveneskal fordelast  mellom stillingane, fordi dette i stor grad vil vere avhengig av den som blir tilsett.

– Kva slags kompetanse, interesser og erfaring har min nye kollega? Det kan vere så mangt. Dette er ingen jobb med firkanta rammer, så ein kan gjerne vere litt potet. Det kan vere ein fordel med utdanning og/eller erfaring innan marknadsføring eller HR. Og det er i alle fall viktig å vere god på skriftleg kommunikasjon, bruk av verktøy på internett og sosiale medium.

Den daglege leiaren understrekar at personlige eigenskapar som entusiasme og pågangsmot også er viktig. Og ikkje minst må søkjaren vere levande oppteken av Sogn og Fjordane, og ha lyst til å bidra til at fylket kan vidareutvikle seg.

– Eg skal ikkje stikke under ein stol at dette i utgangspunktet er ein kontorjobb. Mykje vert gjort bak ein PC, med epost, kommunikasjon på nett og telefon. Og i eit lite firma krevst det også at vedkommande må gjere alt frå ’kjedelege’ administrative oppgåver til å halde føredrag og stå på stand. Arbeidsinnhaldet er veldig variert.

– Kva med arbeidsstad?
– Eg jobbar sjølv frå heimekontoret på Davik, som faktisk er ein veldig sentral plass i Nordfjord, litt avhengig av kvar du skal. Men eg held til der rett og slett for å jobbe effektivt og ikkje bruke unødvendig tid til reise. Kvar den nye kollegaen vil bli sitjande er ikkje bestemt endå, og vil vere avhengig av søkjaren. Men det blir sjølvsagt i Sogn og Fjordane.

Van Oorschot er mest oppteken av å finne rett person:
– Deretter skal vi prøve å finne ein god kontorplass, for eksempel i næraste næringshage eller hos ei  av våre eigarbedrifter. Dette må vi sjå nærare på. Det som er viktig er at min nye kollega er sjølvgåande og pliktoppfyllande, noko som krevst i ein slik jobb og med ei slik organisering, seier ho.

– Det skal bli spennande å sjå søknadene. Eg har alt fått ein del interessante førespurnader. Eg forventar jo at dei som søkjer byr litt på seg sjølve og viser at dei kan tenkje litt nytt.

 – Korleis kan søkjarane gjere eit ekstra godt inntrykk på dykk?
–  I tillegg til CV og sjølv søknaden, så kan dei kanskje kan dei vise til døme på tekstar dei har laga, eller eigne aktivitetar i sosiale medium, er rådet frå den kollegasøkjande grensebrytaren.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Wanted: Assisterande Grensebrytar.”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt