Fylkeskommunen løyver millionar til ny bussproduksjon

publisert 11.11.2010 av Redaksjonen

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver to millionar kroner for å få ny bussproduksjon etter at Vest Buss legg ned i Stryn.

Fylkeskommunen løyver millionar til ny bussproduksjon

Det var i slutten av oktober bussprodusenten Vest Buss varsla nedlegging av produksjonen på fabrikken i Stryn i Nordfjord. I etterkant har fleire arbeidt for å finansiere ny bussproduksjon i lokala, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har valt å bidra:

- Eg kan stadfeste at fylkeskommunen i påvente av at Fjordinvest Såkorn er opprusta med ny kapital, har gitt eit midlertidig ansvarleg lån til grupperinga i Stryn. Lånet er gitt ut frå det faktum at vi har tru på gruppa. Dei står for eit grundig og gjennomarbeidd prosjekt, dei har knytt til seg mykje bra folk, mykje lokal kapital og har også fått ein bank til å gå inn. Fylkeskommunen sitt lån kjem dermed som tillegg til den kapitalen som er reist lokalt, opplyser fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim. Ut over dette, ønskjer han ikkje kommentere saka ytterlegare, skriv avisa Fjordingen.

Den lokale grupperinga skal ønskje å starte opp produksjon i ein mindre målestokk. Om dei lukkast med det er førebels høgst usikkert. Det er venta ei avklaring i løpet av november.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Fylkeskommunen løyver millionar til ny bussproduksjon”

strynegutten sier:

:(((((

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt