Historisk godt resultat for Lerum

publisert 04.03.2010 av Redaksjonen

Lerum-konsernet leverer eit historisk godt resultat for 2009, trass i finanskrise og utfordrande marknad.

Historisk godt resultat for Lerum

Lerum-konsernet leverer eit godt resultat for 2009 – med 18,3 millionar i overskot før skatt.

I ei pressemelding skriv konsernet at dei gjennom eit år med finanskrise har vist at ein raskt kan tilpassa seg endringar i marknaden. Lerum konsernet fekk ein god start på salet i 2009 og merka i starten av året ikkje så stor påverknad som følgje av finanskrisa. Utover året såg vi ei viss styrking for billigmerke i marknaden, medan etterspurnaden etter gode kvalitets- og merkevarer heldt seg godt. Det har gjennom heile året vore sterk konkurranse i marknaden innan alle våre tre kategoriar; saft, syltetøy og jus. Det var derfor nødvendig å kutte kostnadar på fleire område i 2. halvår.

- Det har vore eit krevjande år med tøff konkurranse. Vi er derfor svært glad for at vi skapar eit så godt resultat. Vi har klart å halde fokus på låge kostnader, og samstundes har våre nye produkt bidrege til å styrke Lerum som merkevareleverandør. Vi har hatt god drift og har vist at vi er svært tilpasningsdyktige i produksjonen vår. Alle dei tilsette har lagt ned ein fantastisk innsats. Vi har gjort kvarande gode og skapt resultatet saman, seier adm. direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Alle kjedene set store krav til leveringsdyktigheit og kvalitet. I 2009 har Lerum hatt ein leveringsgrad på meir enn 98 % og oppnådd beste karakter for kvalitetssystemet frå Det Norske Veritas. Framover vert det svært viktig å oppretthalde same høge nivået på desse områda. Kjedene har også merka seg kor sterkt deira eigne merkevarer har stått seg gjennom finanskrisa – og har som vanleg fokus på pris. Til trass for fokuset på eigne merker, ser vi at kjedene verdset sterke norske merkevareleverandørar.

- Den satsinga som Lerum gjer passar godt inn i marknaden, og Lerum sin strategi høver godt til forbrukartrendane, seier økonomidirektør Bernt Bergheim. Eit skarpt kostnadsfokus kombinert med nye produkt, har medverka positivt til resultatet.

- Konkurransen og tilhøva i marknaden krev nye investeringar i teknologi og meir effektiv produksjon. Det gode resultatet i 2009 er ei viktig føresetnad for å kunne gjere dei investeringane som vi har planar for, held Bergheim fram.

Lerums utvalde syltetøy har gjennom 2009 vist ei god utvikling og har festa posisjonen i marknaden for høgkvalitet syltetøy.
- Vi er stolte av at vår premium serie innan syltetøy er kåra til det mest effektive pakningsdesignet i Noreg. At Lerums utvalde syltetøy fekk tildelt gull og 4 stjerner i Stella prisen for effektiv reklame og design, gir oss ein stadfesting på at dei siste års satsingar på produktutvikling og marknadsføring har vore rette, seier adm. direktør. Trine Lerum Hjellhaug.

Lerum har i 2009 delteke i to store forskingsprosjekt, det eine har mål om å få fram nye sortar av bringebær og jordbær, medan det andre har som mål å utvikle ein eplejus med særs gode ernæringskvalitetar. Begge desse prosjekta held fram i 2010. Vidare satsing på produktutvikling og marknadsføring vil vere nødvendig for å oppretthalde plassen i butikkane.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Historisk godt resultat for Lerum”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt