Huldra søkjer jenter med etablerarlyst

publisert 15.10.2009 av Redaksjonen

No er jakta på dei som vil starte eiga verksemd i gang. For 3. året på rad startar etablerarprogrammet Huldra.

Huldra søkjer jenter med etablerarlyst

(Foto: Deltakarar på årets Huldra-program. Frå venstre: Monica Hille, Else Renate Myren, Anne Tove Thorsnes og Rita Nyland. Foto: Marit Gjerstad.)

Huldra er ein del av den nasjonale satsinga Kvinnovasjon, og vil gje kvinner som har ein forretningside den naudsynte kompetansen, slik at dei blir betre rusta til å sette forretningsideen sin ut i livet.

Arild Hjelmeland frå Nordfjordeid Næringshage fortel at etableraren får mange a-ha opplevingar etter å ha deltatt på eit kompetansehevingstiltak som til dømes Huldra. Bak prosjektet står Næringshagane i Flora, Nordfjordeid og Leikanger, i tillegg er Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Fjord Inkubator med i prosjektet. SIVA og Sogn og Fjordane Fylkeskommune er viktige støttespelarar, både økonomisk og nettverksmessig.

– I heile Noreg arbeidar næringshagar og utviklingsmiljø med å fremje kvinnelege gründerar og bidra til kompetanseheving. Det er svært nyttig med samlingane SIVA arrangerer for oss som arbeider med slike prosjekt, ein lærer mykje av andre miljø og kan forme programmet best muleg for etableraren, seier Marit Gjerstad i Flora Næringshage. 

Mål som Kommunal- og regionaldepartementet har satt seg, er at andelen av kvinnelege etablerarar skal aukast. Då er slike tiltak som Huldra, naudsynte for at fleire skal etablere eiga verksemd.

Huldra vil starte i november med første samling og programmet vert avslutta mars/april neste år. Det vil bli totalt 5 samlingar der tema som produkt, marknad, sal, kommunikasjon, økonomi og strategi blir på agendaen. Alle får også ein mentor med erfaring frå næringslivet. Huldra er eit fylkesdekkande etablerarprogram. Nettverksbygging er eit viktig resultat ein oppnår ved å delta i eit slikt program, difor er det viktig at deltakarane kjem frå ulike stader i fylket.

– Ein av suksessfaktorane for ei nystarta verksemd er eit bredt og støttande nettverk, seier Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken. Frå tidligare år ser ein dei gode ringvirkningane som eit breitt nettverk bringar med seg, og deltakarane har også i evalueringar lagt stor vekt på viktigheita av nettverket, fortel Einar Skram Husabø i frå Leikanger Næringshage.

No ønskjer dei altså søkarar til prosjektet og voner alle med eit ønskje om å starte eiga verksemd nyttar sjansen til å auke  kompetansen og nettverket sitt.

– I år vil vi også bruke Huldra som et lokkemiddel for kvinner som har flytta ut av fylket – kanskje Huldra kan vere den gulrota dei treng for å flytte tilbake til Sogn og Fjordane for å etablere seg her, avsluttar Marit Gjerstad.

Fakta om Huldra:

  • fylkesdekkande etablerarprogram
  • støtta av SIVA og Sogn og Fjordane Fylkeskommune
  • Næringshagane i Flora, Leikanger og Nordfjordeid, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Fjord Inkubator står bak prosjektet.
  • er eit kompetansehevingstiltak for å auke andelen kvinnelege etablerarar.

For fleire spørsmål kontakt:
Marit Gjerstad, Flora Næringshage
Tlf.: 93663860, 57754505

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Huldra søkjer jenter med etablerarlyst”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt