Inspirerande haustturne på karrieremesser
I midten av oktober 2009 var Framtidsfylket Trainee ferdig med sin haustturne på dei store karrieremessene, og har møtt mange spennande menneske som er interesserte i ein karriere i Sogn og Fjordane.
Torsdag 15. oktober hadde Framtidsfylket Trainee stand på Arbeidslivsdagen på UiO i Oslo:
– Det var ein vellukka dag, seier dagleg leiar Anne van Oorschot i Framtidsfylket (t.h. på biletet).
– Det var tydeleg at vår profilering av fylket der ein kan få i pose og sekk – ei spennande karriere og eit aktivt liv i fantastiske omgjevnader, ber frukter. Det var også mange utan bakgrunn frå Sogn og Fjordane, som kom bort til standen og lurte på kva slags høve til jobb som finst for dei. Og traineeprogrammet er klart interessant for dei som er ferdig utdanna.
Omtala i Aftenposten
Ei artig tilfeldigheit var det at Sogn og Fjordane var på framsida til Aftenposten same dag. Tittelen: Gøyest på landet. Moralen: i Sogn og Fjordane er andelen mennesker som sliter mentalt halvparten så stor som i Oslo. Og i Sogn og Fjordane kan du leve et godt liv. Les artikkelen i Aftenposten (PDF).
Denne messa i Oslo var den siste store messa på hausten. Framtidsfylket Trainee var også med på KarriereDagen på NTNU i Trondheim 17. september og Karrieredagen i Bergen 6. oktober 2009.
– Våre egne traineear Linn Otneim (Norway Pelagic), Jesper Wiig (NHO Sogn og Fjordane) og Bente Sønsthagen (Sogn og Fjordane fylkeskommune) var med på standen og kunne fortelje om sine egne erfaringar, seier van Oorschot.
– Vi marknadsfører ikkje berre Traineeprogrammet vårt, men også karrieremoglegheiter i fylket generelt. Ikkje minst set vi fokus på www.framtidsfylket.no der alle interesserte kan følgje med oss.
Viste heile breidda av jobbar
Van Oorschot tykkjer også det var svært positivt at Sogn og Fjordane fylkeskommune var med på messene:
– Dei hadde eigen stand, og saman kunne vi presentere eit breidt spekter av ulike typar arbeidsplassar.







Kommentarer på artikkelen “Inspirerande haustturne på karrieremesser”
Skriv din kommentar