Jølstring vart kultursjef i bank som tek samfunnsansvar
«Eg har eigentleg ikkje greie på bankdrift, men eg ville ha eit arbeid der eg kunne ta samfunnsansvar og det får eg her i Sparebanken Sogn og Fjordane»

- Den nåverande kona mi lo godt då ho høyrde eg skulle begynna å jobba i bank, seier Reiel Haugland.
Han begynte i Sparebanken Sogn og Fjordane i 2007 som trainee gjennom Framtidsfylket si traineeordning. Etter det har han vore kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. Reiel har bachelor i informasjon og media frå Høgskulen i Volda. I tillegg har han studert IT, foto og grafikk.
Han har alltid tenkt at han ville jobba i ein organisasjon som tek samfunnsansvar. Og det meiner han at Sparebanken Sogn og Fjordane gjer. Kvart år gir dei omlag 30 mill.kr. i gåver og sponsormidlar til ulike føremål i fylket. I 2010 gav dei for eksempel 8 mill.kr. til den nye idrettsparken i Førde.
- Det å gi ut desse pengane er det kjekkaste eg er med på i jobben, seier kultursjefen.
Reiel er frå Jølster, og bur nå i Førde. Han ville tilbake til Sogn og Fjordane av hovudsakleg to grunnar: - Her har eg ein perfekt kvardag. Eg har nærleik til alt, blant anna jobb og barnehage, og her finst ikkje bilkøar. Dessutan er her lett å gjere karriere for dei som vil og kan noko.
Då Reiel kom til banken, reagerte han på det store forbruket av papir og dei mange flyreisene. Kultursjefen ville ha ein annan, meir miljøvennleg kultur inn i organisasjonen. Og i løpet av eitt år halverte dei papirforbruket og kutta flyreisene med 30 %, noko som reduserte CO2-utsleppet med 180 tonn. Reiel vart også irritert på at dei drakk innkjøpt svensk vatn på jobben. Nå sparer dei pengar på å bare tappe norsk, godt, gratis drikkevatn.
Sparebanken Sogn og Fjordane var lenge den banken i landet med størst oppslutnad på Facebook. Reiel meiner Facebook og andre sosiale medium er svært viktig for marknadsføringa av banken. Der har også sparegrisen Rolf fått stor merksemd. Rolf fekk namnet sitt etter ei namnekonkurranse på Facebook. Reiel likar godt Rolf med englevinger eller når han heng i fallskjerm.
- Men bank kan også vera skummelt. Mange er nervøse når dei skal inn i banken for første gong og låna ein million.
Reiel meiner at det ikkje er enklare for unge folk å få lån i deira bank enn i ein større by. Men han er ikkje i tvil om at det er billigare for unge nyetablerarar å få seg bustad i Sogn og Fjordane enn i større byar.
Førde har etterkvart fått eit stort finansmiljø, der det stadig er jobbar for økonomar og andre med høgare utdanning. Det er relativt lett å gjera karriere, og Reiel meiner at dei her raskare får meir ansvar enn i større byar. Reiel føler at han i bankjobben får brukt mykje av det han var borti då han studerte, sjølv om han altså ikkje er økonomiutdanna.
- Eg vil aldri bu i Oslo; er eigentleg ikkje noko bymenneske. Men her i Førde har me mykje som minner om storby samtidig som eg får ha det roleg og utan stress. Det apellerer til meg, seier kultursjefen.







Kommentarer på artikkelen “Jølstring vart kultursjef i bank som tek samfunnsansvar”
Skriv din kommentar