Nytt om næringslivet
Bano AS flyttar frå by til land
Bedrifta som omset for 100 millionar kroner i år gjer stikk motsatt av dei fleste og flyttar hovedkontoret frå by til land: frå Bergen til Sandane. – Les meir… (skriven 22.05.2012)
Unge lovande traineear gjekk under huda på EU
Dei 14 traineeane frå Framtidsfylket sitt traineeprogram fekk mang ei aha-oppleving då dei andre veka i mai drog til Brüssel og besøkte hjartet for det store europeiske prosjektet. – Les meir… (skriven 18.05.2012)
Frå Vik til Wall Street
Highsoft Solutions produserer spennande arbeidsplassar innan utvikling av presentasjonsverktøy for den internasjonale IT-marknaden. No skal sognebedrifta også erobre verdas finansnæringar. – Les meir… (skriven 14.05.2012)
Daniel gjekk frå trainee til fast tilsett
Etter snart eitt år i Sogn og Fjordane fylkeskommune har trainee Daniel Gåsemyr Fluge no gått rett over i fast jobb i økonomistaben til fylkesrådmannen. – Les meir… (skriven 13.03.2012)
Oslo-par til Luster med industriplanar i kofferten
Då Oslo-paret Alexander og Maren Lien kom over småbruket Vetleskog vart avgjersla lett. Her ville dei byggje og bu. Jobbane skapar dei sjølv, med støtte frå gode hjelparar i Luster og elles i sogneregionen. – Les meir… (skriven 09.03.2012)
Karriere hos Sogn og Fjordane Energi i Framtidsfylket - Fornybarfylket
Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal i åra framover løyse stadig nye utfordringar i høve planlegging, utbygging og distribusjon av ny fornybar energi. Berre i fjor rekrutterte selskapet 24 nye talent i ulike stillingar. No treng dei endå fleire. – Les meir… (skriven 29.02.2012)
Slik gjekk det då Karina kunne velje mellom New York og Sunnfjord…
Kjærleiken til materialar har vore ein raud tråd gjennom utdanninga til Karina. Og nyfikna. Dette førte til at ho kom til Dale i Fjaler: – Eg likar å reise og utforske nye kulturar og nye fargar. Eg er ei veldig nysgjerrig jente som ikkje tek eit nei for eit nei, og det er fantastisk å sjå at dei ideane eg har hatt sidan eg byrja å studere no resulterer i mitt eige studio. – Les meir… (skriven 20.02.2012)
Over 500 ville vite meir om Sogn og Fjordane på den sjette karrieremessa i Bergen
Interessa for å gjere karriere i Sogn og Fjordane ser ut til å vere svært så stabil skal ein dømme etter frammøtet på den sjette karrieremessa i regi av Framtidsfylket i Grieghallen. Mellom 500 og 600 interesserte var innom 51 stands for private og offentlege arbeidsgjevarar i dei fire timane messa varte onsdag ettermiddag og kveld. – Les meir… (skriven 17.02.2012)
Spennande jobb midt i matfatet på Vestlandet
– Vi angrar ikkje på valget vi tok om å flytte frå storbyen for sju år sidan. I Sogn og Fjordane er det godt å bu og arbeide, seier kvalitetsdirektøren hos Lerum. – Les meir… (skriven 07.02.2012)
Fleksibel og godt løna IT-jobb på Norges beste utestad
For nokre år sidan vurderte dataingeniør Guy Steffen Brun å flytte frå Sogndal for å prøve noko anna. Men etter å ha løfta blikket på eigen arbeidsstad i Fjordane IT slo han det frå seg. – Les meir… (skriven 06.02.2012)
Eva tok drøymejobben med heim til Nordfjord
– Eg er utruleg privilegert som kan ha slike oppgåver, og på same tid bu der eg bur. Eg håpar fleire finn ut at det går an å få til. – Les meir… (skriven 16.12.2011)
Ingeniørtreff på bassengkanten
Med skuelystne fra både inn- og utland på bassengkanten var spenningen stor da Stadt Towing Tank testet et nyutviklet vindmøllefartøy forrige uke. – Les meir… (skriven 14.11.2011)
Les om 357 unge leiarar i Sogn og Fjordane - og om kvifor jølstringar blir sjefar
Møt Ingvill Hestenes og 356 andre unge leiarar i Sogn og Fjordane i den nye magasinet 2F. Fleire av dei har vore Framtidsfylket trainee. Du kan også lese om entreprenørar, arbeidsinnvandring, og bli med og utforsk kvifor så mange jølstringar blir sjefar. – Les meir… (skriven 28.10.2011)
Det nye selskapet Fram Flora skal få fart på næringslivet i kystkommunen
Fram Flora er eit nyskipa selskap som først og fremst skal få fart på etableringar knytt til maritim og offshorerelatert industri i Florø og resten av kommunen. Men selskapet skal også vere førstelineteneste for andre næringar, både for gründerar og for dei som alt har etablert seg i kommunen. – Les meir… (skriven 04.07.2011)
Utbygginga av fiber og breiband skaper nye vekstnæringar i Sogn og Fjordane
Med ein stadig betre digital infrastruktur har fleire nye IT-bedrifter etablert seg i Sogn og Fjordane siste åra, med heile heile verda som marknad via internett. I 2011 er det ikkje lenger naudsynt å halde til i storbyane for å kommunisere og selje globalt. – Les meir… (skriven 29.06.2011)
Tysk nei til atomkraft kan gje gullalder for vindkraftbransjen
Vindmøllekomponentar frå Easy Form utanfor Måløy kan bli svært ettertrakta når Tyskland skal byggje opp alternative produksjonskjelder for energi fram mot 2022. – Les meir… (skriven 11.06.2011)
Måløy-bedrift lanserer nasjonal katalog for videokonferanse
Hittil har det ikkje vore enkelt å finne "nummeret" til andre brukarar av videokonferanse i Norge. Men no løyser VideoNor denne utfordringa når dei lanserer ei heilt ny søketeneste. – Les meir… (skriven 06.06.2011)
Moderne alkymistar skapar gull av draumane sine
Gründerane Heidi Aabrekk og Thomas Morel hadde begge ein forretningsidé, og eit brennande engasjement. Men dei var ikkje kjende med forretningsdrift. Redninga vart Innovasjon Norge sitt program ’Alkymisten’. – Les meir… (skriven 30.05.2011)
Næringslivet i Sogn og Fjordane går mot oppgangstider
Optimismen rår i næringslivet i Sogn og Fjordane, og er på veg inn i ein ny oppgangskonjunktur i følgje Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane. – Les meir… (skriven 24.05.2011)
Grafane peikar til rett til vêrs for databedrift i Vik
Det som er i ferd med å bli eit IT-eventyr i Vik i Sogn starta som ein idé til forbetring av ei nettside. Torstein Hønsi (36) lagde ein programkode som gjorde at data på ein enkel og elegant måte kunne presenterast grafisk på nettsider. No står tjue av verdas hundre største selskap på kundelista, i tillegg til over 10.000 andre kundar. – Les meir… (skriven 24.05.2011)
Farmhouse fekk gjev designpris
- Ypperlig bruk av illustrasjon i så stor skala, skriv juryen i designkonkurransen Visuelt, då Torgeir Stige og Farmhouse i Stryn vann gull i "Åpen klasse" for utsmykking på Stryn vidaregåande skule. – Les meir… (skriven 13.05.2011)
Sogn og Fjordane skal bli leiande innan samfunnsansvar
– Målet med Prosjekt samfunnsansvar er at Sogn og Fjordane innan 2015 skal vere eit framtidsfylke og ein føregangsregion når det gjeld samfunnsansvar, seier næringsdirektør Jan Heggheim. Det er etablert ei styringsgruppe for prosjektet, og næringslivet vert invitert med for å kartleggje situasjonen i dag. – Les meir… (skriven 13.05.2011)
Florø først i landet med maritim industriinkubator
- Jeg er glad for at vi har lykkes med å få med relevante og sentrale maritime industrimiljøer i Florø-området, i samsvar med intensjonene i verftspakken, sier statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet Rikke Lind. – Les meir… (skriven 29.04.2011)
Jølstring vart kultursjef i bank som tek samfunnsansvar
«Eg har eigentleg ikkje greie på bankdrift, men eg ville ha eit arbeid der eg kunne ta samfunnsansvar og det får eg her i Sparebanken Sogn og Fjordane» – Les meir… (skriven 29.04.2011)
- Både jobb og drøymehus i heimfylket var meir enn vi torde håpe på
- Då Pål Anders fekk det gode jobbtilbodet, var det ikkje vanskeleg å bestemma seg for å flytte heim igjen, seier Solveig frå Naustdal. Ho sjølv satsar på jobb som sjukepleiar ved sentralsjukehuset når ho er ferdig med fødselspermisjon. – Les meir… (skriven 22.04.2011)
Fantastisk trainee-periode gav meirsmak og fast tilsetjing hos Sogn og Fjordane Energi
- Året som Framtidsfylket Trainee var fantastisk interessant og lærerikt. Og derfor er vi kjempeglade for å få jobbe videre her i Sogn og Fjordane Energi, seier Jannicke og Monica. – Les meir… (skriven 15.04.2011)
Baderomsprodusent i Gloppen får NHO sin fylkespris for nyskaping
Ut frå vurdering av kriteria for NHOs Nyskapingspris, og eit overordna fokus på årets tema: "Arbeid og velferd", har juryen plukka ut Bano-gruppa på Sandane til NHO Sogn og Fjordane sin Nyskapingspris 2011. – Les meir… (skriven 08.04.2011)
Snømoro og teknologisk nyskaping i Sogndal
«Vi kom til Sogndal for bratt moro i snørike fjell. Nå har vi vært her i flere år, for her er det fantastisk gode muligheter for nye innovasjonsbedrifter som vi driver» – Les meir… (skriven 08.04.2011)
- Her i Måløy smir de mens jernet er varmt. Her blir jeg!
- Alt går så seint på østlandet, der jeg kommer fra... Her i Måløy er både innovasjonsvilje og investeringslyst. Her blir jeg! – Les meir… (skriven 01.04.2011)
Sogn og Fjordane Energi har blitt milliardbutikk - og treng fleire folk
For første gong passerte Sogn og Fjordane Energi (SFE) 1 mrd kroner i omsetjing i 2010. - På same tid søkjer kraftkonsernet etter ti nye tilsette, seier konsernsjefen. – Les meir… (skriven 01.04.2011)
Magne Furuholmen frå a-ha går inn i Moods-styret
Multikunstnaren Magne Furuholmen, mest kjend frå poptrioen a-ha, har gått inn som styremedlem i Moods of Norway. – Les meir… (skriven 31.03.2011)
Ein draum har gått i oppfylling for delikatessekokkane i Askvoll
«Folk i Sogn og Fjordane fortener det beste av fisk og andre delikatessar – og draumen vår har blitt oppfylt når me nå har flytta tilbake frå Oslo og starta opp for oss sjølv her i Askvoll» – Les meir… (skriven 25.03.2011)
Familieliv og karriere i saftbygda
«Ti år med stress og køar i Oslo var nok. Her heime i Sogndal får me meir tid til å fokusera både på jobb og privatliv». – Les meir… (skriven 11.03.2011)
- Sogn og Fjordane gjer det strålande
Næringsminister Trond Giske sa på Næringslivskonferansen i Sogn og Fjordane 2011 at det var noko heilt anna å kome til fylket no i 2011 enn under finanskrisa. - Grunnlagsmaterialet som medarbeidarane mine har laga til meg viser at Sogn og Fjordane gjer det strålande! – Les meir… (skriven 03.03.2011)
Næringslivet i Måløy får eige fibernett
Næringslivet i Måløy og Vågsøy vil våren 2011 bli knytt saman med eit eige fibernett. - Med det nye fibernettet kan næringslivet i Måløy og Vågsøy få eit av Norges beste breibandstilbod både i kapasitet og pris, seier dagleg leiar for Måløy Vekst AS, Alfred Bjørlo. – Les meir… (skriven 28.02.2011)
Ny optimisme i Høyanger - fabrikk kan gje 80 nye jobbar
På Kyrkjebø i Høyanger skal det byggast ny fabrikk for dieseldrivne brenselsceller. Industriprosjektet kan gje mange nye arbeidsplassar i kommunen. – Les meir… (skriven 28.01.2011)
Alt vi treng – nær naturen
– Eg saknar ikkje tilboda i dei store byane. Eg tykkjer eg har alt eg treng her i Nordfjord, seier Hans Petter Almenning, frå Almenningen i Vågsøy kommune. Kollega Hanne Marie Utvær er samd. Og begge tykkjer dei har spennande og meiningsfylte jobbar i Fiskeridirektoratet. – Les meir… (skriven 21.01.2011)
Sogn og Fjordane viser seg frå si beste side på karrieremessene
Framtidsfylket inviterer for femte år på rad studentar og arbeidssøkjarar til å kome på karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. I år blir det også messe i Sogndal. På messene viser Sogn og Fjordane, regionane og arbeidsgjevarar seg frå si beste side for å rekruttere jobbkandidatar og tilflyttarar. Og erfaringane er gode. – Les meir… (skriven 18.01.2011)
Callsenter-gründere i Måløy søker medarbeidere
I floraen av bedriftsetableringer i Måløy er ComiTale siste tilvekst. Gründerne Kristina Lunde og Liss Holandsli satser på å utføre kundeservicetjenester og brukerstøtte for selskaper som velger å sette disse tjenestene bort. Nå er de på jakt etter ansatte. – Les meir… (skriven 14.01.2011)
Leig eit traineekull for ein dag!
Treng du eller verksemda di hjelp til noko? Framtidsfylket Trainee stiller årets 11 traineear disponible til ein dag med problemløysing! – Les meir… (skriven 14.01.2011)
Statsvitar blir prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane
Statsvitar Ylva Torilsdotter Tyssing frå Sunnmøre er tilsett som prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane frå 1. januar 2011. Ho skal mellom anna hjelpe innkjøparar og tilbydarar å gjere innkjøp så miljøvenlege som mogleg. – Les meir… (skriven 05.01.2011)
IT-bedrifta Elis treng mange nye medarbeidarar
– Vi satsar på å tilsetje fem nye medarbeidarar før sommaren, og ti i løpet av heile neste år, fortel administrerande direktør, Johnny Haugsbakk til avisa Firda, – Les meir… (skriven 29.12.2010)
Internasjonale Vestlandsforsking fyller 25 år
Forskingsinstituttet i Sogndal utgjer saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane eit samla regionalt kunnskapsmiljø med om lag 200 fagstillingar, og feira jubileet med seminar. – Les meir… (skriven 20.12.2010)
Næringslivet i Sunnfjord har landets beste lønsemd
Dei tre siste åra har Sogn og Fjordane teke lange skritt oppover på lista, medan kommunar som Flora, Førde, Stryn og Sogndal er blant dei 20 beste kommunane i årets NæringsNM. – Les meir… (skriven 16.12.2010)
Datagründer med grøn profil fekk pris
Local Host-gründer Sindre Kvalheim er valt ut som ’Årets unge gründer i Sogn og Fjordane’ av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kvalheim valde å flytte heim og starte datalagringsbedrifta LocalHost i Måløy i 2007 saman med Rune Mykletun og Vidar Saltkjel. – Les meir… (skriven 16.12.2010)
WIS Installasjon i Florø årets Gaselle-bedrift i Sogn og Fjordane
68 bedrifter i Sogn og Fjordane oppfylte kriteria for å bli Gasellebedrift. Sogn og Fjordane er nr. 2 i tal gasellebedrifter per innbyggjar. – Les meir… (skriven 29.11.2010)
Bank trimmar tilsette og framtidige kundar
Luster Sparebank fokuserer på effekten fysisk aktivitet kan ha på folkehelsa. I oktober fekk banken skuleelevar i kommunen med på frisklivscamp, leia av ein velkjend treningsambassadør frå eigen kommune. – Les meir… (skriven 20.11.2010)
Fire i Flåm ønskjer fleire reiselivskollegaer
Turiststaden Flåm i Aurland ved Sognefjorden er ein god stad å starte for dei som vel ein karriere innan reiseliv. Det manglar ikkje på spennande jobbar, og det er slett ikkje berre dei lyse månadane det er aktivitet i bygda. – Les meir… (skriven 17.11.2010)
Fylkeskommunen løyver millionar til ny bussproduksjon
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver to millionar kroner for å få ny bussproduksjon etter at Vest Buss legg ned i Stryn. – Les meir… (skriven 11.11.2010)
Statoil opna logistikksenter i Florø
Statoil opna logistikksenter i Florø I samband med utbygginga av Gjøafeltet, vart det avtalt å etablere eit logistikksenter for røyr i Florø. Senteret vart opna 3. november, med fylkesordførar Nils R. Sandal til stades. – Les meir… (skriven 11.11.2010)
Ny rapport viser at 45-minuttsregionen kan realiserast innan 2020
Det er fullt mulig å kutte reisetida på kystvegen mellom Måløy og Florø med éin time innan 2020, og dermed realisere ein samla bu- og arbeidsmarknad på 45-50.000 menneske i Ytre/ Midtre Nordfjord og Sunnfjord. Det viser ein ny rapport. – Les meir… (skriven 11.11.2010)
Baderomsprodusent flyttar leiinga til Nordfjord
Baderoms-firmaet Bano flytter all administrasjon frå Bergen til Gloppen, noko som gjev nye og trygge arbeidsplassar i kommunen. – Les meir… (skriven 07.11.2010)
Startskot for Global Future i Sogn og Fjordane!
I starten av november starta Global Future opp i Førde. Programmet er langsiktig verdiskaping og ønskjer fokus på fleire innvandarar i relevante stillingar, leiarposisjonar, verv i verksemder og i politisk samanheng. – Les meir… (skriven 06.11.2010)
– Det må regne ild fra himmelen før jeg flytter herfra
Daniel Wergeland er en av tre som gjennom Framtidsfylket er ansatt som trainee hos Normatic i Førde, midt i Sogn og Fjordane. Han har bodd halve oppveksten sin på Østlandet, mens de to andre, Elisabeth Bøyum Solheim og Trond Vegard Solvik, er født og oppvokst i Førde. Alle tre jobber som ingeniører innen automasjon. – Les meir… (skriven 29.10.2010)
Lefdal Gruve kan bli verdens største grønne datasenter
Den enorme Lefdal Gruve i Nordfjord har en unik mulighet til å bli verdens største, sikreste og mest miljøvennlige datasenter. Det er konklusjonen i et omfattende forprosjekt som nå er ferdigstilt med deltakelse fra IBM, Hafslund, IKT Norge, SFE, DnBNOR og en rekke andre partnere. – Les meir… (skriven 26.10.2010)
Lerum heidra for suksessdesign av «gamle syltetøysglas»
Då saft- og syltetøyprodusenten Lerum tok i bruk nytt design på syltetøysglasa, så meir enn dobla dei salet. No har dei fått utmerkinga «Design Effekt» for suksessen. – Les meir… (skriven 25.10.2010)
Florø i gang med historisk maritim satsing
- Florø er i gang med viktigaste satsinga på fleire tiår i byen. Potensialet er hundrevis av nye arbeidsplassar. – Les meir… (skriven 01.10.2010)
150 nye arbeidsplassar i Høyanger
Då Fundo Wheels gjekk konkurs i 2009 mista 350 personar jobben. Men no blir det endeleg ny produksjon i lokala til hjørnesteinsbedrifta i Høyanger. – Les meir… (skriven 27.09.2010)
28 strynebedrifter satsar 2,5 millionar på design
For første gong går heile interiør- og designbransjen i Stryn saman om eit felles prosjekt – Design Stryn. Dei satsar produkt og arbeidsinnsats til ein samla verdi av 2,5 millionar for å gjere Design Stryn kjent. – Les meir… (skriven 23.09.2010)
Veksande kompetansemiljø i Aurland får nordisk merksemd
Arbeidet til sognebedrifta Aurland Naturverkstad AS vert profilert i stor nordisk vandreutstilling. – Les meir… (skriven 23.09.2010)
Lokalmatverksemd blir kjøpt av av Coop
Lokalmatverksemda Fjordameny i Gloppen har gjort det godt siste tida, og har dobla omsetninga. No har i tillegg Coop Vest kjøpt 51 % av aksjane, og tilfører kapital som gjer at verksemda kan vekse ytterlegare. – Les meir… (skriven 08.09.2010)
- Traineeprogrammet i Sogn og Fjordane er ein suksess
Heile 70 prosent av traineeane i Framtidsfylket Trainee har blitt verande i Sogn og Fjordane etter traineeperioden. Dette vitnar om at programmet har vore ein suksess, i følgje karrieremagasinet Kaleidoskopet som har undersøkt traineeprogram over heile landet. – Les meir… (skriven 08.09.2010)
Ei veksande maurtue i Sogndal
Fosshaugane Campus i Sogndal veks stadig. I dag er 500 tilsette knytt til anlegget, der Sogndal stadion ligg i midten, og storhallen ligg i vestenden. Og fleire skal det bli. – Les meir… (skriven 03.09.2010)
Ny storkontrakt til skipsverftet i Hyllestad
Det færøyske reiarlaget Supply Service og Havyard Group er samde om ein kontrakt på over 300 millionar kroner. Supplyskipet som skal byggast hos Havyard Leirvik i Hyllestad, skal leverast i august 2011. – Les meir… (skriven 24.08.2010)
Lerum i Sogn lagar ny og sunnare jus
Saft, jus, brus og syltetøyfabrikanten Lerum i Sogn har lenge ønskt å kunne lage ein sunnare eplejus med mindre sukker. No er dei like ved målet. – Les meir… (skriven 09.08.2010)
Unge og lovande i sparebanken
Sommarvikarane i Sparebanken Sogn og Fjordane er alle i tjueåra, og har blitt intervjua om seg sjølve og kva dei trur dei gjer om 15 år. – Les meir… (skriven 08.08.2010)
Solbriller av tre
Designerduoen Sigve Bøe og Lars Sunde frå Stryn vil verken bruke plast eller aluminium når de designar solbriller. I staden lagar dei «Woodies», solbriller av norske tre. – Les meir… (skriven 07.08.2010)
Brukar sommaren til aktiv rekruttering av framtidas tilsette
Sunnfjord Energi tek stadig inn fleire sommarvikarar, og i år har dei heile 18 unge menneske som skal fylle ulike roller i selskapet. Målet er å gjere ungdom under utdanning kjende med selskapet, og på den måten lettare kunne rekruttere framtidig arbeidskraft. – Les meir… (skriven 02.07.2010)
Nytt nettverk for ’digitale gründerar’ i IT-Forum Sogn og Fjordane
Ei gruppe IT- og webgründerar i Sogn og Fjordane har gått saman om å etablere arbeidsgruppa ”Digitalt entreprenørskap” i IT-Forum Sogn og Fjordane. – Les meir… (skriven 01.07.2010)
Farmhouse i Stryn løftar fram motetalent
- Farmhouse sitt talentløft Springbrett er eit fantastisk konsept for å få fram nye designerar og hjelpe fram dei talenta som vi har og skapar i Norge, seier Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke. – Les meir… (skriven 30.06.2010)
Nordfjord vil lage 100 nye kulturbaserte arbeidsplassar
– Nordfjord skal bli eit alternativ til Oslo for kreative menneske. Det seier Synnøve Aabrekk, prosjektleiar for forprosjektet til kultur-næringssatsinga Vakn, eit prosjekt som tek mål av seg til å bidra til å skape 100 nye kulturarbeidsplassar i Nordfjord fram mot 2020. – Les meir… (skriven 30.06.2010)
Filmbransjen inntek Sogn og Fjordane
I sommar skal det lagast fire filmar tre ulike stader i Sogn og Fjordane. Og meir kan det bli, håpar produsent og arrangør Svein Arild Vatsø i Bremanger. – Les meir… (skriven 23.06.2010)
Framtidsfylket styrkar næringslivet
– Traineeordninga er ein flott start på yrkeslivet, seier fleire av dei unge vaksne som var samla til treff i Sogndal i helga. Spleiselaget bak Framtidsfylket fekk sjå konkrete resultat av satsinga. – Les meir… (skriven 15.06.2010)
Framtidsoptimist på stadig jakt etter flinke kollegaer
Sjefen for den nyoppretta seksjonen i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i Førde trivst godt med å vere busett midt mellom dei to byane i Sunnfjord. Og endå blidare er bergensaren når han har fått tak i rett kompetanse til den nystarta avdelinga. ptimist på jakt etter fleire kollegaer – Les meir… (skriven 14.06.2010)
'Gründerløkka' på Mjømna tek opp kampen med iTunes og Spotify
Skaparane av SMS-søketenesta AskADAM har lansert sin eigen musikkbutikk på internett. Med base på 'Gründerløkka' på Mjømna i Gulen ønskjer dei å ta sin del av musikkmarknaden frå gigantane iTunes og Spotify. – Les meir… (skriven 10.06.2010)
Opptil 100 nye arbeidsplassar i framtidsretta fabrikk ved Sognefjorden
På Kyrkjebø er Nordic Power Systems (NPS) i gang med planane for å byggje fabrikk. Viss produksjonen og salet av brenselsceller går godt, kan talet på tilsette kome opp i 100 om nokre år. – Les meir… (skriven 10.06.2010)
Nyskaping, framtidstru og familielukke på ’Gründerløkka’ ytst i Sognefjorden
Ekteparet Linn Dyveke Wilberg og Njål Hansen Wilberg har skapt spennande kompetansearbeidsplassar for seg sjølv og fleire andre på øya Mjømna i Ytre Sogn. Der har dei funne den perfekte balansen mellom gründerdraumen og ønskjet om eit liv nær naturen med gode oppvekstvilkår for borna. – Les meir… (skriven 20.05.2010)
VideoNor: - Skal få Norge på video frå Måløy
– Eg er mektig imponert over det som no skjer i Måløy. Det er fantastisk gledeleg å sjå så framoverlente, ekspansive teknologimiljø i Sogn og Fjordane, sa kommunal- og regionalministeren ved opninga. – Les meir… (skriven 11.05.2010)
Forsiktig og sårbar vekst for næringslivet i Sogn og Fjordane
Næringslivet i Sogn og Fjordane signaliserer konsolidering og gryande optimisme etter snart halvtanna år med nedgangstider innanfor dei fleste næringane. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane i mai. – Les meir… (skriven 11.05.2010)
Lokal fjordvarme-teknologi med globalt potensial
Fjordvarme AS er eit selskap på Nordfjordeid som tilbyr ein av dei mest framtidsretta energi- og ENØK-teknologiane i Noreg. Heile Nordfjordeid er etterkvart blitt eit gigantisk demonstrasjonsanlegg som viser at termisk energi frå sjø kan verte eit viktig tiltak i kampen mot global oppvarming. – Les meir… (skriven 11.05.2010)
AskAdam i Gulen fekk NHO Sogn og Fjordane sin Nyskapingspris
AskAdam AS vart grunnlagt av gründerane Linn Dyveke Wilberg og Njål Wilberg (biletet) i 2008. Bedrifta leverer sms-søk mot nettleksikonet Wikipedia. – Les meir… (skriven 30.04.2010)
Moods og Nordfjord Kjøtt blir medeigarar i Stryn Sommarskisenter
Nordfjord-verksemdene Moods of Norway og Nordfjord Kjøtt går inn med ein million kroner kvar til aksjekapital i det nye eigedomsselskapet for Stryn Sommarskisenter på Tystigen. – Les meir… (skriven 26.04.2010)
Toppleiinga i Intele flytta frå Oslo til Breim
Rolf Kjetil Egge har leia Eurofoto på Reed i Gloppen sidan 2005. No er 37-åringen også konstituert som dagleg leiar i morselskapet Intele AS, som flytta toppleiinga frå Lysaker i Oslo til Nordfjord. – Les meir… (skriven 23.04.2010)
Suksessbedrifta Elis er selt
Herkules Private Equity Fund III har inngått avtale om å kjøpe 100 % av aksjane i IT-selskapet Elis AS i Fjaler. – Les meir… (skriven 12.04.2010)
Florø grundig analysert ved 150-års jubileet
Flora kommune har fått et solid grunnlag for å vurdere kommunens og byen Florøs potensiale gjennom en omfattende rapport som ble presentert forrige uke. – Les meir… (skriven 30.03.2010)
GDF SUEZ markerte opning i Florø
GFD SUEZ E&P Norge hadde 18. mars offisiell opning av nytt kontor- og lagerbygg på Fjord Base i Florø. Selskapet skal overta som operatør for Gjøa-feltet i oktober, då Gjøa-plattforma startar produksjonen. Base- og logistikktenestene til Gjøa skal leverast frå Florø. – Les meir… (skriven 25.03.2010)
Gloppen-bedrift lagar fender til Bård Ekers superbåt
Strukturplast AS på Sandane i Gloppen lagar fenderen som blir brukt i superbåten Hydrolift SX-22, som vart vist fram på årets båtmesse "Sjøen er for alle". – Les meir… (skriven 16.03.2010)
Truleg ny felgproduksjon i Høyanger frå 2011
Vel eitt år etter at største bedrifta i Høyanger gjekk konkurs, bilfelgprodusenten Fundo Wheels, ser det ut til at det på ny kan bli felgproduksjon i tettstaden. – Les meir… (skriven 11.03.2010)
Vindkraftsatsing i medvind
I Nordsjøen er det venta å bli bygd ut vindkraft for nærare tusen milliardar kroner dei komande ti åra. Dei mange spennande bedriftene innan vindkraftmiljøet i Måløy satsar sterkt på å vere sentrale aktørar i dette vindkrafteventyret, og andre miljø i Sogn og Fjordane kjem raskt etter. – Les meir… (skriven 05.03.2010)
Historisk godt resultat for Lerum
Lerum-konsernet leverer eit historisk godt resultat for 2009, trass i finanskrise og utfordrande marknad. – Les meir… (skriven 04.03.2010)
Hallelujastemning etter karrieremessene
Årets karrieremesser enda med ein all-time-high i Grieghallen i Bergen tysdag. 550 gjester og 53 stands frå privat næringsliv og offentlege aktørar representerer ein stor auke i deltakartalet. – Les meir… (skriven 18.02.2010)
Seksten spennande bedrifter søkjer traineear
Trainee-programmet gjev ein unik sjanse til ei karriere i Sogn og Fjordane. 8. mars er søknadsfristen for dei mange nye traineestillingane som no er lyst ut gjennom Framtidsfylket AS. – Les meir… (skriven 29.01.2010)
Elis tilsette åtte nye medarbeidarar
Elis AS i Dale i Fjaler er Norges leiande IT-selskap innan utvikling av prosessystem til energibransjen, og er stadig i vekst. – Les meir… (skriven 25.01.2010)
Det lysnar for næringslivet etter finanskrisa
Det siste året har vore svært utfordrande for store delar av næringslivet på Vestlandet. Totalt sett trur bedriftene i Hordaland og Sogn og Fjordane at 2010 skal gi betre tider, men delar av industrien og byggje- og anleggsnæringa er avventande. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane. – Les meir… (skriven 22.01.2010)
Moderne IT-satsing og ny industri kan gje inntil 60 nye arbeidsplassar i Årdal
Årdal utvikling har fokus retta mot to nye prosjekt i 2010. Eit industriprosjekt som i fase 1 kan gje 25 arbeidsplassar, og eit moderne IT prosjekt med rom for 25-40 arbeidsplassar. – Les meir… (skriven 20.01.2010)
15 år med IT-løft av fylket
Nettverket IT-forum har i 15 år samla offentlege og private aktørar til felles dyst på IT-fronten i Sogn og Fjordane. Det har blant anna gjeve utteljing i form av ei breibandsdekning på 98 prosent utbygd ADSL i dag. Men, dei kviler ikkje på laurbæra. – Les meir… (skriven 20.01.2010)
Operasjefen i Eid på 2. plass i Årets bygdeprofil
16 prosent av dei som har stemt på avisa Nationen si kåring av "Årets bygdeprofil 2009" meiner at operasjef Kari Standal Pavelich på Nordfjordeid fortener denne tittelen. – Les meir… (skriven 30.12.2009)
300.000 til kulturbasert næring i Eid
Malakoff Rockfestival, der unge er sentrale aktørar, er ein viktig del av grunngjevinga for tildelinga. – Les meir… (skriven 23.12.2009)
Felles innsats for enormt datalagringssenter i Nordfjord
Fleire tunge næringslivsaktørar har gått saman for å finne ut om det er mogleg å bygge eitt av verdas største, sikraste og mest miljøvenlege datasenter i Lefdal gruve i Vågsøy kommune i Nordfjord. – Les meir… (skriven 21.12.2009)
Jubel for vindkraft til sjøs
Måndag 8. desember fekk Testområde Stadt konsesjon frå Norges Vassdrags- og Energiverk (NVE). - Dette er ein jubeldag, seier styreleiaren i vindkraftforum. – Les meir… (skriven 09.12.2009)
Gründerpris til AskAdam i Gulen
SMS-tenesta Ask Adam AS ved Njål og Linn Wilberg på Mjømna i Gulen vart årets vinnarar av Sogn og Fjordane sin Gründerpris for ungdom – Les meir… (skriven 09.12.2009)
Stryne-karar kan bli årets bygdeprofil
Simen Staalnacke og Peder Børresen i Moods of Norway gir seg sjølve ein spontan applaus etter å ha høyrt Nationes grunngjeving for nominasjonen til årets bygdeprofil. – Les meir… (skriven 08.12.2009)
Elkem Bremanger har signert milliardkontrakt
Milliardkontrakten til smelteverket i Svelgen i Bremanger er kjempeviktig for heile regionen, seier verksdirektøren. – Les meir… (skriven 07.12.2009)
Måløy Verft bygger nytt spesialfartøy for offshore vind
Måløy Verft er i gang med byggingen av en nyutviklet, nedsenkbar katamaran spesialkonstruert som service- og forsyningsskip for vindmølleparker til havs. – Les meir… (skriven 30.11.2009)
Innvandrarar er ein viktig ressurs
NHO Sogn og Fjordane ynskjer å starte opp prosjektet Global Future, som skal auke sysselsettinga blant innvandrarar i fylket med høgare utdanning eller spisskompetanse. – Les meir… (skriven 30.11.2009)
Nye framtidsfylket.no skjønar kva du leitar etter
Den nye nettportalen til Framtidsfylket er no lansert, og tek i bruk fleire nye teknologiar for å gjere brukaropplevinga betre. – Les meir… (skriven 20.11.2009)
Brüssel søkjer trainee
Vest-Norges Brusselkontor lyser etter trainee til EU-hovudstaden våren 2010. – Les meir… (skriven 18.11.2009)
26 år og ansvarleg for nesten ein milliard i verdiar
Trass i sin relativt unge alder, fekk Kjell Johnny Kvamme eit stort ansvar som nytilsett i Sunnfjord Energi. Det har vore mogleg fordi han har gått gradene, med å først ta fagbrev og få erfaring med arbeidet «på golvet» i energiselskapet, før han tok ingeniørutdanning og sommaren 2009 søkte seg attende til selskapet der han hadde starta som lærling. – Les meir… (skriven 12.11.2009)
Ambisjonane til unge arbeidstakarar samla i eige magasin
I desse dagar er magasinet "Ambisjonar" ferdig, der lesarane får bli nærare kjende med unge og engasjerte arbeidstakarar i Sogn og Fjordane. – Les meir… (skriven 11.11.2009)
Lagar 15 kilometer trapper kvart år
Kvar einaste månad lagar 75-årsjubilanten Hagen AS i Stryn nok trapper til å nå frå fjorden og opp på fjellet Skåla. – Les meir… (skriven 10.11.2009)
Fann jobben og kjærleiken på Vestlandet
Ragna Flatla (28) er ei av mange unge menneske som har valt å verte trainee for å få arbeidserfaring og for å komme seg inn på arbeidsmarknaden. Ho er opphavleg frå Hadeland, men lét kjærleiken styre henne til både jobb, sambuar og bustad i Nordfjord. No stortrivst ho med jobben hos Sogn og Fjordane Energi på Sandane. – Les meir… (skriven 09.11.2009)
Gjøa treng mykje arbeidskraft
100-150 stillingar skal lysast ut hos samarbeidspartnarane til operatøren GDF Suez på Gjøa. – Les meir… (skriven 28.10.2009)
Tematurisme for 130 millionar
Eit stort reiselivsprosjekt er i desse dagar i oppstartsfasen. – Les meir… (skriven 15.09.2009)
Spennande satsing: Lutelandet Offshore
Lutelandet Offshore AS reknar med å vere i gang med produksjonen om eitt år, og om to år er det 40 til 60 arbeidsplassar. – Les meir… (skriven 04.09.2009)
Oppdrett i nytt perspektiv: du må sjå denne filmen
Ønskjer du å få eit bilete av dimensjonane på dagens moderne oppdrettsanlegg oppmodar vi til å ta ein kikk på denne filmen produsert for nettverksorganisasjonen HAVdyrkerne. – Les meir… (skriven 01.09.2009)
Norway Pelagic ser lyst på framtida
Norway Pelagic, ei av våre traineebedrifter, ser lyst på framtida. Les meir om Norway Pelagic på DN.no. – Les meir… (skriven 28.08.2009)
Harvard-studie av Moods of Norway
At karane bak Moods of Norway frå Stryn er unike har vi i Sogn og Fjordane visst ein stund, men no har også amerikanerne oppdaga det. – Les meir… (skriven 28.08.2009)