150 nye arbeidsplassar i Høyanger

publisert 27.09.2010 av Redaksjonen

Då Fundo Wheels gjekk konkurs i 2009 mista 350 personar jobben. Men no blir det endeleg ny produksjon i lokala til hjørnesteinsbedrifta i Høyanger.

150 nye arbeidsplassar i Høyanger

Den franske bildelprodusenten Saint Jean Industries tek over felgfabrikken Fundo og startar opp med ny produksjon i Høyanger.

– Vi er veldig glade for at Saint Jean Industries satsar i Høyanger, seier Halvor Flatland, direktør for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane til NRK Sogn og Fjordane.

I 2013 satsar selskapet på å produsere 200 000 bilfelgar og det skal sysselsetje rundt 70 personar ved fabrikken. Innan 2015 forventar dei å sysselsette 150 personar.

Saint Jean Industries legg opp til ei gradvis opptrapping av produksjon og arbeidsplassar. Om alt går etter planen skal dei vere oppe i 500 000 felgar og 150 tilsette innan 2015.

– Det er positivt at ein har kome fram til ei løysning med planlagt ny produksjon i Høyanger. Dette bidreg til å sikre arbeidsplassar, og kan få betydelege ringverknader for lokalsamfunnet, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Kommunen har kjøpt opp industrihallen og skal leige den ut til franskmennene i 18 år fram i tid.

Les meir hos:

 

(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

 

http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7305304

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “150 nye arbeidsplassar i Høyanger”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt