28 strynebedrifter satsar 2,5 millionar på design

publisert 23.09.2010 av Redaksjonen

For første gong går heile interiør- og designbransjen i Stryn saman om eit felles prosjekt – Design Stryn. Dei satsar produkt og arbeidsinnsats til ein samla verdi av 2,5 millionar for å gjere Design Stryn kjent. 

28 strynebedrifter satsar 2,5 millionar på design

Målet med samarbeidet er å synleggjere kva som finst av lokal design og shoppingmulegheiter i Stryn. I Stryn finn du også det du treng frå idé til ferdig innreia hus og hytte.

Første del av samarbeidet vert presentert på Strynemessa 8. – 10. oktober. Då vil Design Stryn lansere ein felles stand. Standen er på 150m2 – med eit hus på 100m2 (sjå biletet). Den er imponerande 7 meter på det høgaste. Alt på standen er tilgjengeleg gjennom bedrifter i Stryn – frå design, sjølve bygget og interiør til kleda i huset.

Målet med utviklinga av sjølve standen er å skape ein arkitektur som vekker internasjonal merksemd, på høgde med det som vert vist på messer i Milano, Köln og Stockholm. Standen er utforma av Farmhouse- Norwegian Creative Center og vert bygd av lokale bedrifter i Stryn.

- Vi har kome fram til eit uttrykk og ei form som skal fremje og forsterke designaktørane i Stryn, seier dagleg leiar i Farmhouse, Gro Caroline Flølo.

- Eit framtidsretta uttrykk med detaljar frå Stryn. Inspirasjonen er henta frå den vakre naturen rundt oss, og gjenskapt i både utforminga av standen og den grafiske profilen. Vi kommuniserar med dette design på høgt nivå, kombinert med tradisjon og lokal tilhøyrsle, seier Flølo. Alt som kan sjåast på standen kan kjøpast i Stryn. Alt byggmateriell og interiør vert levert frå bedrifter i Stryn.

Prosjektet er eigd av Fagre Stryn Aktivitetsselskap. Dagleg leiar Jørn Sønsterudbråten håpar også at prosjektet kan vere med på å synleggjere at Stryn har mange arbeidsplassar for dei som er interessert i design og produktutvikling. Stryn er eit attraktivt bu - og handelsområde, med alt du treng lett tilgjengeleg. Prosjektet har også fokus på samarbeid og utvikling på tvers av bedriftene.


Desse aktørane er med:

Eksponerings- og grafiskdesign: Farmhouse-Norwegian Creative Center

Produksjon av reklamemateriell: Fluorlux, Nomek

Bygging og installasjon: Vestlandshus, Byggmakker, Byggtorget, Honndalshytta, HS bygg, Stryvo, Trekultur, PreTre, Kr. A. Vik, Øvreberg Installasjon, Stryn Elektro

Interiør: Sacco of Norway, Innvik Sellgren, Flis og Steinbutikken, Lunanor, Stryn Møbelindustri, Hagen, Tonning Møbelfabrikk, Dooria, Møbelringen, To Damer Interiør, Byggmakker, Kr. A. Vik, Byggtorget

Klede: Skogstad Sport, Ricco Vero, Moods of Norway

Støttespelarar: Stryn kommune, Stryn Vidaregåande skule, Stryn Næringshage

Sponsorar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebank1 Factoring, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Nordea, Stryn Energi

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “28 strynebedrifter satsar 2,5 millionar på design”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt