Alt vi treng – nær naturen
– Eg saknar ikkje tilboda i dei store byane. Eg tykkjer eg har alt eg treng her i Nordfjord, seier Hans Petter Almenning, frå Almenningen i Vågsøy kommune. Kollega Hanne Marie Utvær er samd. Og begge tykkjer dei har spennande og meiningsfylte jobbar i Fiskeridirektoratet.

KJAPPE FAKTA |
Alder: 29 år Fødd og oppvaksen i Almenningen i Vågsøy kommune. Studerte matteknologi ved Høgskulen i Sør-Trøndelag. |
Alder: 35 år |
|
Alt før nordfjordingen Hans Petter starta på studia i Trondheim hadde han bestemt seg for at han ville flytte tilbake til Sogn og Fjordane når han var ferdig med utdanninga. Og då han var utdanna næringsmiddelteknolog ombestemte han seg ikkje. Den første jobben i heimfylket var hos Tine Meieriet Vest på Byrkjelo i Gloppen i den søraustlege delen av Nordfjord. Etter kvart ønskte han å finne seg ein interessant jobb endå nærare heimstaden i den nordvestre delen av Nordfjord.
– Eg kjende til at det arbeidde næringsmiddelteknologar i Fiskeridirektoratet, som har kontor i Måløy i heimkommunen min Vågsøy. Men eg visste ikkje kva type oppgåver dei hadde, seier Almenning.
Knytte band på romjulssamling
Men det skulle han få svar på då det vart skipa til romjulstreff for bedrifter og potensielle arbeidstakarar og heimflyttarar i Måløy.
– På denne samlinga kom eg i kontakt med Fiskeridirektoratet, og fekk gjere meg kjend med kva dei hadde å tilby. Dermed var eg ikkje i tvil om at dette var noko for meg.
- Meir om Fiskeridirektoratet Region Vest
29-åringen fekk jobb, og tok til som inspektør ved Fiskeridirektoratet i april 2010 der han arbeider på ressursavdelinga og har fokus på kva ressursar som blir henta opp frå havet. Der vart han kollega med Hanne Marie Utvær:
– Eg fekk tilbod om å ta 15 studiepoeng prosjektarbeid som praksis under utdanninga i Volda våren 2009. Då tok eg kontakt med Fiskeridirektoratet region Vest for å høyre om dei var interesserte i eit samarbeid. Det var dei. Etter det har eg jobba litt deltid undervegs i studia. Etter eg var ferdig våren 2010 har eg jobba ved regionkontoret, seier Utvær.
Meiningsfylt arbeid
Begge tykkjer at dei har ein meningsfylt jobb.
– Eg tykkjer eg har varierte arbeidsoppgåver og mange utfordringar. Dessutan er jobben min meiningsfylt, fordi det er viktig å ha kontroll med dei fornybare ressursane i havet slik at vi kan gjere oss nytte av dei også i framtida, seier Hans Petter.
Hanne Marie jobbar med kystsoneforvalting. Arbeidet varierer frå enkle kortvarige saker til saker som er tyngre å setje seg inn i og som er av meir langvarig karakter. Nokre dagar består av reising, til dømes på seminar, eller på møte med kommunar, fiskarlag og andre.

– Det mest spennande med jobben min er at eg får vere med og forvalte kysten vår. Eg kjem i kontakt med mange når eg intervjuar folk med lokalkunnskap om fiskeressursområda langs kysten, og tykkjer eg har eit meiningsfylt arbeid når eg kan jobbe med overordna rammer, seier ho.
Hanne Marie tykkjer ein god dag på jobben er når ho har ei passeleg fordeling av utfordrande oppgåver og enklare saker. Ekstra ufordrande og interessant er det i saker der det kjem til konflikt mellom viktige fiskeri- og akvakulturinteresser og andre sterke interesser.
Hans Petter set også pris på at arbeidet gjev han høve til å kome i kontakt med mange ulike menneske gjennom kontrollar ute på anlegg og fiskebåtar:
– Jobben gir meg ein unik kombinasjon av å arbeide ved kontoret og å vere ute i felten. Eg tykkjer det er kjempebra at eg i stor grad får vere med på å utforme min eigen arbeidsdag og arbeidsoppgåver.

Inspeksjon og besøk på oppdrettsanlegg er ei av dei mange utandørsoppgåvene til tilsette i Fiskeridirektoratet.
Trygg arbeidsplass
Hanne Marie har vakse opp nær sjøen, og ho seier sjølv at dette har vore med og påverka karrierevalet i Fiskeridirektoratet, i tillegg til at ho tykkjer det er eit særs spennande arbeidsfelt:
– Eg er engasjert i samfunnsutviklinga, og generelt meiner eg denne arbeidsplassen passar for alle som har ei generell interesse for samfunnet rundt seg og for livet i havet spesielt.
Almenningen seier at å ha Staten som arbeidplass er ei tryggheit i seg sjølv, ved at det å ta vare på fiskeressursane er ei oppgåve som det alltid vil vere behov for. Andre jobbar kan bære preg av sterke svingingar med oppturar og nedturar. Han fortel at Fiskeridirektoratet har gode arbeidsforhold, og legg til rette for at dei tilsette skal få utvikle seg fagleg og personleg.
Bur i nabokommunane
Hanne Marie bur med familien på øya Barmen i Selje kommune, nord for Måløy, der dei har eit småbruk med fire villsauer. Hans Petter har valt å busetje seg i Eid kommune, og pendlar 45 minutt til Måløy, ein pendlaravstand han sjølv karakteriserer som uproblematisk.
Og begge ser lyst på framtida.
– Ja, det skjer mykje spennande både i mitt nærområde og i fylket som heilheit, seier Hanne Marie.
Hans Petter Almenning
Hanne Marie Utvær
Kommentarer på artikkelen “Alt vi treng – nær naturen”
Skriv din kommentar