Ambisjonane til unge arbeidstakarar samla i eige magasin

publisert 11.11.2009 av Redaksjonen

I desse dagar er magasinet "Ambisjonar" ferdig, der lesarane får bli nærare kjende med unge og engasjerte arbeidstakarar i Sogn og Fjordane.

Ambisjonane til unge arbeidstakarar samla i eige magasin

Skal du ha action, må du vere der det skjer. Sogn og Fjordane har alltid orientert seg mot omverda. Verksemdene i fylket står for mykje av den nasjonale verdiskapinga og er ein viktig bidragsytar til norsk eksport. Næringslivet i fylket, saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Framtidsfylket og InMedia gjev i desse dagar ut eit magasin som viser kva jobbar fylket har å by på.

- Sogn og Fjordane har ei breidde i jobbtilbod og næringsliv som burde vekkje interessa hos ungdom og arbeidssøkjarar langt utanfor fylket sine grenser. For å vise at vi meiner alvor med påstanden, har vi valt å presentere eit tjuetals unge menneske i spennande jobbar. Til saman speglar dei mangfaldet i den lokale arbeidsmarknaden, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune på nettsidene.

- Vårt mål er at desse ungdomane skal framstå som gode rollemodellar, og inspirere elevane i den vidaregåande skulen til å gjera dei rette utdanningsvala og søkje seg jobb i fylket etter fullført utdanning.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ambisjonane til unge arbeidstakarar samla i eige magasin”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt