AskAdam i Gulen fekk NHO Sogn og Fjordane sin Nyskapingspris

publisert 30.04.2010 av Redaksjonen

AskAdam AS vart grunnlagt av gründerane Linn Dyveke Wilberg og Njål Wilberg (biletet) i 2008. Bedrifta leverer sms-søk mot nettleksikonet Wikipedia.

AskAdam i Gulen fekk NHO Sogn og Fjordane sin Nyskapingspris

- Gründerane viser at ein kan skape sine eigne arbeidsplassar og at ein kan vere nyskapande utanfor dei store byane. Gjennom å etablere eit selskap som satsar på teknologi er dei framtidsretta og gode rollemodellar for ungdom i heile fylket, uttalar NHO Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

AskAdam marknadsfører seg også i Danmark og Sverige, og har planar om lansering i England i 2010. Ni månader etter lansering nådde AskAdam millionomsetnad, og marknadspotensialet for tenesta stort. Njål Wilberg meiner sjølv at dette kan liggje på rundt 100 millionar kroner årleg i Norden.

Nyskapingsprisen vart delt ut av administrerande direktør John G. Bernander i NHO under NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse i Balestrand 29. april.

Juryen vurderte AskAdam opp mot fire kriterier, og fann at bedrifta oppfyller alle på ein svært tilfredsstillande måte: Det heiter at AskAdam er basert på nyskaping, er framtidsretta, er ein rollemodell for ungdom og viser lønsemd.

Som vinnar i Sogn og Fjordane går AskAdam AS vidare til den nasjonale konkurransen. Vinnaren av NHO sin Nyskapingspris blir kåra i slutten av august.

AskAdam AS er tidlegare kåra til årets vinnarar av Sogn og Fjordane sin gründerpris for ungdom.

(Pressefoto: AskAdam)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “AskAdam i Gulen fekk NHO Sogn og Fjordane sin Nyskapingspris”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt