Brukar sommaren til aktiv rekruttering av framtidas tilsette
Sunnfjord Energi tek stadig inn fleire sommarvikarar, og i år har dei heile 18 unge menneske som skal fylle ulike roller i selskapet. Målet er å gjere ungdom under utdanning kjende med selskapet, og på den måten lettare kunne rekruttere framtidig arbeidskraft.
På ei samling for sommarvikarane i Sunnfjord Energi i slutten av juni, sa administrerande direktør Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi at kraftselskapet no har 120 tilsette, og at dei forventar ein del turnover i åra som kjem når dei eldste arbeidstakarane når pensjonsalderen. Personalsjef Marit Moene la til at dei fleire av ingeniørane deira er kring femti år, og derfor arbeider verksemda aktivt med å førebu rekruttering av nye.
Men det er ikkje berre ingeniørar energiverket treng. Då sommarvikarane presenterte seg viste det seg å vere eit stort spenn i kva dei jobbar dei skal gjere i sommar: To skal drive med jordplatemåling, ei skal vere reinhaldar, ei vikarierer for sekretæren, fleire skal vere hjelpemontørar og vedlikehaldsarbeidarar, ein jobbar med lagerstyring, ein skal lage ein risikoanalyse for montørar og maskinistar, og ei skal purre på målaravlesingar.
Lite risikabel utdanning
Leif Gabriel Kapstad (24) frå Jølster tek master i sikkerheitsteknologi ved Universitetet i Bergen. Det går ut på å gjere risikovurdering i arbeidsprosessar, ved bruk av utstyr, når ein er eksponert for tekniske installasjonar, brann, gass og så vidare. I tillegg vurderer dei risikoen for miljøet.
Men i sommar skal han først og fremst vurdere risiko for montørar og maskinistar i Sunnfjord Energi. Selskapet har svært høge tryggleikskrav, og Leif Gabriel skal sjå på om tryggleiksnivået er godt nok ved ulikt arbeid, eller om det må vurderast tiltak.
– Kvifor valde du denne studieretninga?
– Det var eigentleg litt tilfeldig, og linja var ikkje så kjent. Men då eg vart merksam på den såg eg at den opna for jobb i mange ulike bransjar. Metodane for risikovurdering er like. Og så lenge lovverket vert stadig strengare på dette området, så reknar eg dette for å vere ein sikker utdanningsveg.
Etter sommaren skal Leif Gabriel skrive masteroppgåve. Når han er ferdig utdanna har han lyst å flytte heim att til Jølster.
– Det er ikkje slik som mange trur at det er håplaust å flytte heim når ein har teke ei utdanning. Men det krev litt arbeid. Eg vart først merksam på at Sunnfjord Energi hadde bruk for min kompetanse på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen, då eg kom i prat med nettsjef Helge Robert Midtbø. Før det hadde eg ikkje tenkt at det var råd å få seg jobb i heimtraktene. Det var ein fin førstekontakt, og ein uformell samtale på messa gjer underverk.
Fekk uformell kontakt på karrrieremesse
Også kollega Kristoffer Magerøy (24) frå Førde fekk augene opp for Sunnfjord Energi som kompetansearbeidsplass på ei av Framtidsfylket sine karrieremesser.
– På karrieremessa får dei besøkande vite at bedriftene etterspør studentar med ulik kompetanse. Eg visste ikkje om at det fanst aktuell sommarjobb for meg hos Sunnfjord Energi før eg tok steget med å ta kontakt med dei på messa, seier Kristoffer.
– Det er svært gunstig å bruke Framtidsfylket sine informasjonsvegar; messer og nettside, dersom ein ønskjer å profilere ei satsing på ung arbeidskraft, og har spennande sommarjobbar å tilby.
Kristoffer utdannar seg innan industriell økonomi og teknologileiing. Målet med prosjektet han jobbar på er å spare pengar for bedrifta, blant anna ved å gjere lagerstyringa betre. Han seier det er mykje som kan moderniserast i bedrifta, noko dei sjølve er klar over. Og Kristoffer har alt avdekka forbetringspotensial.
– Det er ei allsidig utdanning eg tek, som gjer at eg kan få jobb i mange ulike bransjar. Men Sunnfjord Energi er ein av dei arbeidsplassane som er mest aktuelle for meg dersom eg flyttar heim til Førde i framtida.
Det er andre året Kristoffer er sommarvikar i kraftselskapet. I fjor jobba han med eit vindkraftprosjekt.
– Årets samling med presentasjon av bedrifta og sommarvikarane var betre enn i fjor, og det var dobbelt så mange på samlinga i år. Det tyder på at Sunnfjord Energi ser behovet for å rekruttere ung arbeidskraft, og er inne i ei god utvikling.
Langsiktig rekruttering
Personalsjef Marit Moene seier at tilsetjinga av sommarvikarar er eit ledd i ei lang rekkje tiltak for å rekruttere kompetent arbeidskraft til bedrifta.
– Vi tykkjer vi har utvikla ein pakke med langsiktige rekrutteringstiltak der vi har ein dialog med dei unge frå dei går på ungdomsskulen fram til dei er ferdige med høgskuleutdanninga.
I tillegg til å ta inn sommarvikarar som blir kjende med verksemda, tek dei inn traineear, lærlingar og elevar som er utplasserte gjennom ungdomsskule og vidaregåande skule. Sunnfjord Energi brukar karrieremessene aktivt, men dei er også ute på skulane for å informere og rekruttere.
– Eg vil også trekkje fram at vi har inngått samarbeidsavtale med ”Ungt entreprenørskap” om å arrangere ”Gründercamp” med fokus på fornybar energi. Vi gjennomførte ein slik camp for først gong i fjor, og det var ein kjempesuksess som skal gjentakast i november i år, seier Moene.

Sommarvikarane fekk lære meir om Sunnfjord Energi og kvarandre på ei samling
i slutten av juni. Her er det adm. direktør Fredrik Behrens som orienterer om bedrifta.





Kommentarer på artikkelen “Brukar sommaren til aktiv rekruttering av framtidas tilsette ”
Skriv din kommentar