Datagründer med grøn profil fekk pris

publisert 16.12.2010 av Redaksjonen

Local Host-gründer Sindre Kvalheim er valt ut som ’Årets unge gründer i Sogn og Fjordane’ av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kvalheim valde å flytte heim og starte datalagringsbedrifta LocalHost i Måløy i 2007 saman med Rune Mykletun  og Vidar Saltkjel.


PRISUTDELING PÅ FYLKESTINGET f.v.: Kjartan Longva, Sindre Kvalheim og Nils R. Sandal. Foto: Birthe Finstad/ Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Sindre Kvalheim har synt at det er fullt mogleg for IT-gründerar å lukkast og halde fokus på vidareutvikling gjennom framtidsretta satsingar også i distrikta. Denne unge gründeren er såleis eit framifrå førebilete for gründerspirer i Sogn og Fjordane, sa Kjartan Longva som delte ut prisen saman med fylkesordførar Nils R. Sandal. Utdelinga skjedd på fylkestinget i midten av desember.

– Det å vere gründer i Sogn og Fjordane er heilt fantastisk. Ein får ikkje berre vere gründer første året, men kvar dag og heile tida, sa Kvalheim då han mottok prisen.

LocalHost er ei av mange spennande nyskapingar i Måløy i Vågsøy kommune i Nordfjord siste åra. Bedrifta som Kvalheim starta saman med Rune Mykletun og Vidar Saltkjel, og med god hjelp og motivasjon frå lokale støttespelarar og investorar, har som mål å bli eit leiande selskap innan datarelaterte tenester, med primærområda drift og konsulenttenester innan vmware-baserte miljø. LocalHost overfører kunden sine data og programvarer til eigne serverar.

Kunden har dermed ikkje behov for fysiske installasjonar som harddisk eller serverar hos seg sjølv, og vil kunne hente ut data enkelt via datasamband og internett. Produkta har ført til god omsetnad og fleire arbeidsplassar i bedrifta, noko som er med på å gje positive ringverknader i lokalsamfunnet i Måløy.

Heilt sidan oppstarten har Local Host fått nasjonal merksemd ved å ha ein av dei grønaste profilane i bransjen, noko som i stor grad skuldast eit eigenutvikla kjølesystem basert på kulde frå sjøen.

Men Kvalheim har også vore medverkande i forprosjektet som ser på om dei enorme utgravne fjellhallane i Lefdal Gruve i nabokommunen Eid kan nyttast til datalagring. Datamengdene i verda blir dobla kvart halvtanna år, og etterspurnaden etter lagringsplass er sterkt aukande.

Forprosjektet konkluderer med at Lefdal Gruve har potensial og og ein unik sjanse til å bli verdas største, sikraste og mest miljøvenlege datasenter. Dermed kan Local Host vere spiren til eit nyskapande grønt lagringsprosjekt utan sidestykke.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Datagründer med grøn profil fekk pris”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt