Det lysnar for næringslivet etter finanskrisa
Det siste året har vore svært utfordrande for store delar av næringslivet på Vestlandet. Totalt sett trur bedriftene i Hordaland og Sogn og Fjordane at 2010 skal gi betre tider, men delar av industrien og byggje- og anleggsnæringa er avventande. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane.
Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane gjev ein viktig peikepinn på korleis det står til i fylket vårt når det gjeld næringsliv og arbeid. Rapporten er ikkje berre lysteleg lesning etter to år med økonomisk tilbakegang og manglande investeringslyst. Verksemdene og kommunane som har delteke i undersøkinga gjev likevel uttrykk for at dei har tru på betre tider.
Den årlege presentasjonen er ein samlingsstad for næringslivstoppar og offentlege leiarar frå heile fylket. Samlinga denne gongen var lagt til FjordBase i Florø og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes opna presentasjonen torsdag 21. januar 2010..
Samla sett signaliserer bedriftene i Sogn og Fjordane ein nedgang i sysselsetjinga på 0,5 prosent i 2010, tilsvarande om lag 150 arbeidsplassar. Dette kjem i stor grad av at industriproduksjonen held fram med å falle. I 2009 forsvann meir enn 600 arbeidsplassar i privat sektor i Sogn og Fjordane.
Mindre fall enn venta
Sysselsetjinga har minka meir enn bedriftene trudde ved inngangen til året, men fallet er mindre enn fallet i aktivitet skulle tilseie. Årsakene til det er truleg at mykje av aktivitetsopptrappinga dei siste åra har vore i form av leigd arbeidskraft utanfor regionen, og at bedriftene prøver å halde fast på sine eigne tilsette mens dei ventar på at aktivitetsnivået skal ta seg opp igjen.
Betre lønnsemd
Samla sett peiker pilene no den rette vegen for næringslivet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Forventingsindeksen for Sogn og Fjordane viser ein aukande tendens for omsetning, mens indeksane for lønnsemd og investeringar er uendra frå hausten 2008. Nærare halvparten av bedriftene ventar auka omsetning neste år, og rundt 45 prosent ventar auka lønnsemd.
Ordresituasjonen kraftig svekt
Den positive utviklinga vi no ser, er svært sårbar. Ordresituasjonen til bedriftene er blitt mykje dårlegare gjennom 2009, og mange er heilt avhengige av å vinne nye ordrar i løpet av våren for å halde aktivitetsnivået oppe. Nesten halvparten av bedriftene innanfor industri og bygg og anlegg melder om lågare ordrereserve og kortare ordrehorisont enn for eitt år sidan. Særleg er situasjonen kritisk i verkstadindustrien.
Framleis finansproblem
Finansnæringa både nasjonalt og internasjonalt er friskmeld etter kollapsen i dei internasjonale finansmarknadene hausten 2008. Men framleis slit delar av næringslivet med etterverknader etter krisa i form av redusert kapitaltilgang. Rundt halvparten av industribedriftene har utsett investeringar som følgje av mangel på finansiering. Nesten halvparten av industribedriftene melder vidare om at situasjonen har ført til ein generell reduksjon i kapitaltilgangen.
Forsiktig vekst i offentleg sektor
Næringsbarometeret har gjennomført ei eiga undersøking blant kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Den viser at det store fleirtalet ventar uendra sysselsetjing i 2010.
Unntaket er pleie- og omsorgstenester, der 30 prosent av kommunane ventar vekst. Også innanfor barnevern og sosiale tenester ventar kommunane vekst. Samla sett ligg det an til ein forsiktig vekst i sysselsetjinga i offentleg sektor i 2010.
Satsar på eigne tilsette
Dei fleste bedriftene har prøvd å møte utfordringane som følgjer av nedgangskonjunkturen, med positive tiltak. Godt over halvparten av bedriftene har gjennomført eller planlegg kompetanseutviklingstiltak, og berre nokre få ser på oppseiingar og inntak av færre lærlingar som eit relevant tiltak. Dermed kan det sjå ut til at bedriftene i Hordaland og Sogn og Fjordane er opptekne av å halde på og vidareutvikle dei tilsette. Også orientering mot nye marknader er eit tiltak som er aktuelt for mange bedrifter, særleg innanfor industri og reiseliv.





Kommentarer på artikkelen “Det lysnar for næringslivet etter finanskrisa”
Skriv din kommentar