Det nye selskapet Fram Flora skal få fart på næringslivet i kystkommunen

publisert 04.07.2011 av Redaksjonen

Fram Flora er eit nyskipa selskap som først og fremst skal få fart på etableringar knytt til maritim og offshorerelatert industri i Florø og resten av kommunen. Men selskapet skal også vere førstelineteneste for andre næringar, både for gründerar og for dei som alt har etablert seg i kommunen.

Flora Næringshage og omstillingsselskapet Sunnfjord 2020 vart historie då Fram Flora vart oppretta i slutten av juni. Selskapet skal jobbe med industriinkubatoren og med næringsutvikling i Flora. STX Norway Florø, Saga Fjordbase, Statoil og GDF Suez er komne med på eigarsida. Det går fram av ei pressemelding frå selskapet, og omtale hos Flora Industri- og Næringsforening.

MIDT I DET MARITIME: Den maritime industrien i kystbyen Florø er i sterk vekst. Området med kraner og hallar oppe i biletet er no opna for nyetableringar som på mange måtar kjem til duk og dekka bord. Litt utanfor sentrum, lenger oppe i biletet, ligg Saga Fjord Base, som frå eit stadig veksande industriområde forsyner plattformar i Nordsjøen.(Foto: Dag Frøyen, Firdaposten.)

Hovudaktivitet på inkubator


Hovudaktiviteten i selskapet vil vere knytta til inkubatoren i Florø. Den er ein av fem nye maritime industriinkubatorar i Norge, som var ein del av verftspakken frå regjeringa i 2010.

Det tradisjonsrike skipsverftet i Florø heiter i dag STX Norway Florø. Verftet er inne i ei stor omstilling frå nybygging av skip til service, reparasjonar og ombygging av skip og boreriggar. STX Norway Florø er morbedrift for inkubatoren. Saga Fjordbase (lengst bak i biletet), Statoil og GDF Suez deltar også i inkubatorsatsinga. Ein forretningsplan for inkubatoren er utarbeidd og underteikna av desse fire selskapa. Selskapa har deltatt i ein retta aksjeemisjon i Fram Flora AS og har forplikta seg til å bidra økonomisk i inkubatorsatsinga i åra 2011 til 2015.

Saman med industribedriftene i Flora og SIVA skal Fram Flora fremje knoppskyting og utvikling av eksisterande og nye bedrifter. Selskapet skal spesielt nytte seg av kompetansen i eigarselskapa i det vidare utviklingsarbeidet. Ein vil særleg ha fokus på å utvikle og etablere maritime og offshorerelaterte forretningskonsept med utgangspunkt i verftet sine behov, kompetanse og infrastruktur. Ei anna viktig oppgåve for selskapet er å bidra til samarbeid mellom bedrifter.

Industriinkubatoren er i gang med sitt første prosjekt, som har fått namnet Riggservice Florø. Første måla er å prekvalifisere STX Norway Florø til å ta på seg komplette riggoppdrag saman med leverandørar, og å inngå ein første riggkontrakt i 2011.

Næringsutvikling

Fram Flora skal også arbeide med næringsutvikling for Flora kommune. Selskapet skal drive førstelinjeteneste mot gründerar og etablerarar på vegne av kommunen og bistå eksisterande bedrifter. Vidare skal Fram Flora hjelpe ungdom som vil etablere seg i kommunen og profilere og representere det lokale næringslivet på messer og i media.

Selskapet skal dessutan bistå med idéar og utviklingsprosjekt innan marine næringar og fornybar energi. Nye prosjektidéar skal tilførast personar og bedrifter som ser forretningspotensiale for utvikling av ny aktivitet i Flora. Fram Flora skal yte hjelp når det gjeld lokalitetar, rådgiving og tilrettelegging for etablering av industrielle nyskapings- og utviklingsprosjekt. Selskapet skal ha god kontakt med verkemiddelapparatet, FoU-miljø og utdanningsinstitusjonar.

Fram Flora skal også utvikle og gjennomføre nettverksaktivitetar og samarbeid både lokalt og regionalt mellom aktørar i maritime og marine næringar.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Det nye selskapet Fram Flora skal få fart på næringslivet i kystkommunen ”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt