Ein draum har gått i oppfylling for delikatessekokkane i Askvoll

publisert 25.03.2011 av Redaksjonen

«Folk i Sogn og Fjordane fortener det beste av fisk og andre delikatessar – og draumen vår har blitt oppfylt når me nå har flytta tilbake frå Oslo og starta opp for oss sjølv her i Askvoll»


Helge gjer klar eit nytt brett med muffins hos Askvoll Sjømat & Delikatesser.

Kva får tre erfarne kokkar til å flytte frå det flottaste restaurantkjøkenet i Oslo og til vesle Askvoll?
Jau.....kjærleik, flott natur, lysta til å gi lokalfolket kvalitetsmat og lengten vestover.

I disken inne i Askvoll Sjømat & Delikatesser ligg dei lekraste rettar; skinke frå inn- og utland, fersk rekesalat, oliven, ostar frå både Undredal og Frankrike, fersk fisk og nybakte brød som dei tre kokkane har laga sjølv tidleg om morgonen.

– Me må skapa noko spesielt; kvalitet og service og så må me vera forsiktige og ikkje bygge luftslott. Men det går absolutt an å leve av dette her, seier Eirik etter at dei har drive i eit halvt år.

Sjå filmane: 

Tvillingane Eirik og Helge Loftheim var i ti år kokkar hos delikatesseprodusentar i Oslo. Dei gjekk først i lære ved Hotel Continental på Theaterkafeen og Annen Etage. Der møtte dei kokkelærling Inger Johanne Sjølie frå Asker, som seinare vart med vestover. Deretter var Helge og Inger Johanne på Fjelberg fisk og vilt, medan Eirik arbeidde ved Frogner Specialforretning.

Sommaren 2010 var dei ferdige med å restaurere eit hundre år gammalt hus i Askvoll. Huset hadde vore landhandel og bakeri, og nå driv dei tre kokkane bakeri og sjømat og delikatesseforretning der. I tillegg bur dei i etasjane over, Eirik øvst og Helge saman med kona Inger Johanne i etasjen under. Alle har dei fantastisk utsikt utover sjøen.

Inger Johanne har si eiga forklaring på kvifor ho gifta seg med Helge:

– Jeg forstår jo egentlig ikke hva de sier her, dialekten er ikke så lett å forstå. Så i begynnelsen da jeg møtte Helge, nikka og smilte jeg og sa ja til det meste. Men først da vi stod der i kirka  forstod jeg at det var noe ganske alvorlig han hadde spurt om den gangen.

Helge står og lagar muffins med raspa gulrot i, Inger Johanne ekspederer ei engelsktalande kvinne som er blitt fast kunde. Eirik ekspederer ein eldre mann frå Askvoll som ønskjer seg fersk fisk. Det strøymer på med kundar, og dei er svært godt nøgde med mottakinga og omsetninga.

Det kan bli lange arbeidsdagar, men Eirik klagar ikkje:
– Etter ti år i Oslo med forskjellig restaurantjobbing og full fart var det utruleg gøy å kome heim til fagre Askvoll og den nydelege naturen. Og ikkje minst drive med det me driv med her...det er ein draum som blir oppfylt. 

F.v.: Eirik, Inger Johanne og Helge i Askvoll Sjømat & Delikatesser.

Sjå filmane: 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ein draum har gått i oppfylling for delikatessekokkane i Askvoll”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt