Elis tilsette åtte nye medarbeidarar

publisert 25.01.2010 av Redaksjonen

Elis AS i Dale i Fjaler er Norges leiande IT-selskap innan utvikling av prosessystem til energibransjen, og er stadig i vekst.

Elis tilsette åtte nye medarbeidarar

For ikkje lenge sidan tilsette bedrifta to nye medarbeidarar, og etter utlysing m.a. på framtidsfylket.no har bedrifta nyleg kapra ytterlegare åtte medarbeidarar.

Elis tilbyr utfordrande jobbar, ansvar, triveleg arbeidsmiljø, og det siste innan teknologi. Organisasjonen er uformell, og det er det er den enkelte sitt engasjement som avgjer kva retning skuta går. Bedrifta ekspanderer stadig i ein marknad som er i stor endring, kundane sine krav og forventningar aukar stadig. Elis har derfor tilsett kompetente og engasjerte medarbeidarar som bidreg til å gje eit ekstra løft for å møte morgondagens utfordringar.

Elis vil gjerne ha kontakt med potensielle framtidige kandidatar:

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Elis tilsette åtte nye medarbeidarar”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt