Fann jobben og kjærleiken på Vestlandet

publisert 09.11.2009 av Redaksjonen

Ragna Flatla (28) er ei av mange unge menneske som har valt å verte trainee for å få arbeidserfaring og for å komme seg inn på arbeidsmarknaden. Ho er opphavleg frå Hadeland, men lét kjærleiken styre henne til både jobb, sambuar og bustad i Nordfjord. No stortrivst ho med jobben hos Sogn og Fjordane Energi på Sandane.

Fakta

Ragna Flatla
(Alle foto: Erik Hattrem, InMedia)

Namn:
Ragna Flatla
Alder: 28
Sivil status: Sambuar, eitt barn på veg
Stillingstittel: Prosjektingeniør på stasjonsavdelinga til Sunnfjord Energi
Arbeidsgjevar: Sogn og Fjordane Energi (SFE)
Stilling: Trainee i SFE Produksjon
Bustad: Eid i Nordfjord
Oppvaksen: Lunner på Hadeland

Sjå ledige stillingar hos SFE.

Sogn og Fjordane Energi

Sogn og Fjordane Energi AS SFESogn og Fjordane Energi AS (SFE) er eit av dei store kraftselskapa på Vestlandet – eit solid konsern med sterk lokal forankring og meir enn 200 dyktige medarbeidarar.

Konsernet produserer rein fornybar energi og sikrar at denne kjem sikkert fram til kunden over linjenettet. Omsetting av energi er også ein viktig del av verksemda – frå handel i ein internasjonal kraftmarknad til sal ut mot deg som kunde.

Produkt: Kjerneverksemda til konsernet er knytt til å produsere og utvikle fornybar energi gjennom vasskraft, vindkraft, bioenergi og fjernvarme.

Konsernet har hovudkontor på Sandane i Gloppen kommune og består av morselskapet Sogn og Fjordane Energi, SFE Kraft AS, SFE Produksjon AS, SFE Nett AS og SFE Naturgass.

SFE omset årleg for om lag 500 millionar kroner.

Rekrutteringsbehov: Det er stor fagleg breidd i selskapet – alt frå stillingar med verdfulle fagbrev til utfordrande stillingar med krav om høgare utdanning innanfor energi, elektro, automasjon, maskin, bygg, miljø, energirådgjeving, IKT, økonomi og administrasjon, organisasjons- og forretningsutvikling, marknadsføring og sal.

SFE er medlem av Framtidsfylket Trainee og har ti lærlingar i faga energimontør og energioperatør.

Adresse: Sogn og Fjordane Energi AS
Bukta, 6823 Sandane

Nettstad: www.sfe.no
Tlf: 57 88 47 00

Kontaktperson: Ole Bent Søreide, personalsjef
E-post: ole.bent.soreide@sfe.no

  – Medarbeidarane i SFE sit på ein utruleg brei kompetanse og held eit høgt og profesjonelt fagleg nivå, så her er det mykje å lære framover, seier Ragna.

Jobben til Ragna er todelt. Ho har oppgåver innanfor Fjord Miljøenergi sine bioenergiprosjekt og miljøoppgåver knytte til SFE Produksjon sin vasskraftproduksjon. Rutinar har ho ikkje opparbeid seg så mange av enno, for ho har berre vore i den nye jobben eit par månader.

  – Så langt har eg brukt mykje tid på å verte kjent med bedrifta og kjerneverksemda deira. Eg har jobba i kraftbransjen tidlegare, så eg har heldigvis eit grunnlag å byggje vidare på, fortel Ragna.

Dagpendlar

Jobben hennar er på Sandane, men ho har busett seg saman med sambuaren på Haugen i Eid.

– Sambuaren min er oppvaksen i Eid og ville tilbake hit for å overta slektsgarden om ei stund. Det er årsaka til at eg valde å flytte saman med han til Eid. Eg måtte med andre ord velje mellom kjærleiken på Nordvestlandet eller eit singelliv i heimtraktene på Austlandet! Men før eg køyrte flyttelasset over fjellet, var eg veldig klar på at eg måtte ha ein relevant jobb å gå til, og det ordna seg heldigvis, fortel Ragna.

Ho er altså arbeidspendlar mellom to kommunar som tilhøyrer ein felles bu- og arbeidsmarknad. Med bustad i Eid kommune er ho sikra eit stort omland med mange spennande arbeidsplassar. Og at ho må ta Fjord1-ferja kvar dag, gjer ingen ting.
– Det er noko nytt for ein austlending å måtte ta ferja kvar dag, men det går heilt fint. Då får eg tid til å ete frukost, smiler Ragna.

Godt arbeidsmiljø

Ragna har fått inntrykk av at SFE er fleksible, imøtekommande og villige til å leggje til rette for tilsette som ønskjer etter- og vidareutdanning.

– Nokre gonger er det behov for kompetansepåfyll på grunn av endra krav, og studiar i kombinasjon med jobb er ein fin måte å heve kompetansen på. Det kjem bedrifta til gode i etterkant, meiner Ragna.

SFE har eit sterkt fokus på helse, miljø og tryggleik (HMT), og som trainee har ho blitt orientert om dette via bedriftsleiinga.

 – Dei personalansvarlege er trivelege og imøtekommande, og det vert lagt stor vekt på at det skal vere eit godt arbeidsmiljø i SFE. Som trainee har eg ein mentor i bedrifta som eg kan ta opp alt med, til dømes om arbeidssituasjonen min, forholdet til og samarbeidet med dei andre medarbeidarane, metodar for problemløysing og sparring. Det er eit veldig flott tilbod og eit privilegium for oss som er trainee, seier Ragna.

Utdanningsløpet til Ragna

Ragna hadde ein god biologilærar på vidaregåande som gjorde at ho vart interessert i biologifaget. Ho enda opp med å studere naturforvaltning ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås. Det har ho aldri angra på.

Etter tre år med allmennfag på vidaregåande byrja ho på Tonheim folkehøgskole (musikk/fløyte) og kom etter kvart inn i Gardens Musikktropp. Det første halvåret av naturforvaltningsstudiet tok ho i Bø i Telemark, resten på Ås. Mastergrada hennar er ganske brei fordi ho tok valfag på ulike institutt. Ragna har hovudfag i viltbiologi og forvaltning. Masteroppgåva handla som korleis elgen brukar tilrettelagte viltundergangar og viltovergangar i vegsystemet.

Ragna Flatla

 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Fann jobben og kjærleiken på Vestlandet”

kaspersky antivirus latest trial version sier:

can you take ativan and xanax together ,

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt