Florø i gang med historisk maritim satsing

publisert 01.10.2010 av Redaksjonen

- Florø er i gang med viktigaste satsinga på fleire tiår i byen. Potensialet er hundrevis av nye arbeidsplassar.


MIDT I DET MARITIME: Den maritime industrien i kystbyen Florø er i sterk vekst. Området med kraner og hallar oppe i biletet er no opna for nyetableringar som på mange måtar kjem til duk og dekka bord. Litt utanfor sentrum, lenger oppe i biletet, ligg Saga Fjord Base, som frå eit stadig veksande industriområde forsyner plattformar i Nordsjøen.
(Foto: Dag Frøyen, Firdaposten.)

Den tradisjonsrike kystbyen feirar 150 år i år, og har vore gjennom fleire fasar med velukka næringsutvikling. Første runde var sett i verk på oppdrag for Flora kommune, med Flora Næringshage. Deretter vart satsinga vidareført i samarbeid mellom næringslivet, organisasjonane deira, og kommunen under namnet Sunnfjord2020. Dette tiltaket vekte mykje åtgaum.

- No står ein ny æra for tur i Florø. Like ved sentrum ligg eit svært lovande, nytt og hittil uutnytta potensial. På området der det tidlegare var skipsbygging, er det no opna opp for etablering av ny industri. 

Det seier styreleiar Petter Refsnes (biletet) i Sunnfjord2020/Flora Næringshage.

Bakgrunnen for storsatsinga er at næringsminister Trond Giske peika Florø ut som maritimt senter i Sogn og Fjordane. Dette omfattar ein industriinkubator, som blir oppretta gjennom eit forpliktande samarbeid mellom storselskapa GDF Suez, Statoil, Saga Fjord Base og STX Europe. I tillegg står SIVA, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Flora kommune og Flora industri- og næringsforening bak initiativet.

Den daglege leiaren som dei rekrutterer i desse dagar til det nye maritime senteret blir midtpunktet for nyskaping og nyetabelringar i regionen, og skal skal profilere senteret og aktivitetane også utad.

Og Florø ligg frå før midt i næringsklynga for maritim industri og offshore i Sogn og Fjordane.

Maritimt senter vil ha tre tilsette frå starten av, pluss den som blir dagleg leiar. Desse har saman med dei andre samarbeidspartnerane opparbeidd kompetanse og erfaring med innovasjon og etablering gjennom mange år, og har eit stort kontaktnett.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Florø i gang med historisk maritim satsing”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt