Frå Vik til Wall Street

publisert 14.05.2012 av Redaksjonen. Foto: Highsoft Solutions.

Highsoft Solutions produserer spennande arbeidsplassar innan utvikling av presentasjonsverktøy for den internasjonale IT-marknaden. No skal sognebedrifta også erobre verdas finansnæringar.


IT-verksemda i Vik i Sogn opplever ein eventyrleg vekst med sine presentasjonsverktøy til bruk på internett. Det som starta som eit einmannsføretak for 5-6 år sidan er no i ferd med å verte ei stadig meir solid IT-bedrift med fem fast tilsette i Vik (biletet).

– Vi har vakse fort, men kontrollert, seier dagleg leiar Grethe Hjetland (t.v. på biletet over) i Highsoft, som saman med gründer Torstein Hønsi (nr. 4 f.v.) no oppbemannar for å møte auka vekst i nye marknader.

FAKTA:
Highsoft Solutions AS
 har
5 fast tilsette, pluss andre innleigde medarbeidarar.

Tilbyr Javascript-verktøy for visualisering av data:
Highcharts JS
Highslide JS

Highstock JS

Omsette i 2011 for 12 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 8,7 millionar.


Lenkjer:

Highsoft Solutions AS (firmaside)
Vik kommune
Sognefjord.no
Sogn regionråd

Dei største selskapa i verda på kundelista

Hovudproduktet er diagramverktøyet Highcharts, som per april 2012 er lisensiert ut i heile 19.145 eksemplar. Dette er ein auke på nesten 40 % frå året før.

– I september hadde vi 27 Highcharts-kundar på Global Fortune 100, dei hundre største selskapa i verda. No er talet 43. Mange av desse har fleire lisensar, seier Hjetland.

Blant desse er kjende namn som: IBM, NASA, Siemens, HP, EMC, CBS, Hitachi, Ericsson, BMW, Nissan, Sony, Fujitsu, Citi, Rabobank, RIM, BBC, Financial Times og MasterCard.

Nye produkt i nye marknader krev auka fokus på sal og marknadsføring

I tillegg til produktutvikling med tilhøyrande jakt på kloke utviklarhovud må bedrifta også tenkje strategisk i høve sal og marknadsføring.
 
Medan biletvisingsproduktet Highslide og diagramverktøyet Highcharts no er i ferd med å verte velrennomerte og skalérbare produkt, har selskapet også hatt fokus på produktutvikling retta mot å løyse oppgåver på den internasjonale finansmarknaden.
 
Highstock er ei vidareutvikling av diagramverktøyet, og er tenkt brukt som element i finansielle dataverktøy:
 
– Denne næringa har eit stort behov for å kunne visualisere dei ulike aktivitetane sine, som til dømes å vise utviklinga i aksjekursar over tid. Vi skal fortelje aktørane på denne marknaden at våre verktøy løyser oppgåvene, seier Hjetland.

Rekrutterer til attraktive jobbar med heile verda som arena

Sjølv med med ambisjonar om internasjonal vekst og utvikling kan ikkje bedrifta åleine styre alle variablane som skal til for å lukkast med rekrutteringa, og det er mange brikker som skal falle på plass for å kunne hanke inn dei rette menneska.
 
– I Norge er IT-bransjen nett no kanskje den vanskelegaste bransjen av alle å rekruttere til. Dei store selskapa i byane krigar hardt om talenta, og tilbyr både interessante oppgåver, god løn og elles andre gode. Korleis klarer de å rekruttere flinke folk til ei lita bedrift i ein liten kommune i Sogn?

– Vårt utgangspunkt er at vi produserer spennande arbeidsplassar der ein får jobbe med attraktive produkt som løyser viktige oppgåver på verdsmarknaden. Dei som ønskjer å vere med på dette vil trivast i Highsoft Solutions og i Vik, seier Hjetland.
 
Til no har IT-bedrifta ikkje hatt problem med rekrutteringa, og det er no i sving medarbeidarar frå både Noreg, Sverige, Nederland og Polen. Og det er fleire på veg inn; fleire utviklarar og spesialistar på sal og marknadsføring.
 
Desse kan gle seg til spennande arbeidsdagar, gamalostfestival, flotte skiturar på Vikafjellet og fruktbløming i lågbygdene langs fjorden. Og er dei musikalske kan det godt hende gründer og trommeslagar Torstein Hønsi inviterer dei med i bandet sitt!
 
– Vi har også brukt lokale rekrutteringsarenaer som lokalaviser og framtidsfylket.no. Det går godt an å dagpendle til Vik frå resten av Sogn, seier dagleg leiar Grethe Hjetland.

Les: Highsoft Solutions AS søker trainee innan webutvikling - søknadsfrist 22. juli!

 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Frå Vik til Wall Street”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt