Gjøa treng mykje arbeidskraft
100-150 stillingar skal lysast ut hos samarbeidspartnarane til operatøren GDF Suez på Gjøa.
Den planlagde oppstarten av olje- og gassproduksjonen på Gjøa-feltet utanfor Florø i 2010 er ei særs viktig hending for Sogn og Fjordane. GDF Suez (Gaz de France Suez) er operatør for feltet. (Illustrasjonen viser hovudbygget i Florø). På kort sikt er oppstarten av stor interesse i ei tid når finanskrisa har ført til fleire arbeidsledige i heile landet. For behovet for arbeidarar i samband med utbygginga er stort.
Gjøa-organisasjonen, medrekna tenestelevarandørane IKM og ESS, vil aleine utgjere 147 stillingar. Av dette er 96 stillingar på plattforma. I Gjøa sin driftsorganisasjon på land vil det vere 51 stillingar, derav 12 stillingar i Florø.
Dagleg leiar i Sunnfjord2020, Øyvind Bang-Olsen seier at Gjøa-utbygginga vil bli ein ny installasjon i eit område med mange spennande andre leiteprospekt rundt seg:
– Med den lange tidshorisonten for utvinning av feltet, og potensialet i omkringliggjande blokker, blir dette ein viktig arbeidsplass i mange år framover. Ikkje minst blir det ein arena for verksemder lokalt som ynskjer å satse offshore.
Operatøren av feltet og kontraktspartnerarne samarbeider med Sunnfjord2020, Log Fjord, Framtidfylket og Bedriftsnettverket om rekruttering og andre utviklingsoppgåver. I tillegg spelar NAV, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Flora kommune viktig rolle som myndigheitkontakt.
Forpleiningskontrakt til ESS
I sommar blei ESS tildelt kontrakten på forpleiingstenestene på Gjøa. Utskipinga av proviant vil skje frå Fjord Base i Florø. ESS har inngått avtale med NorTekstil/BB Gruppen i Florø for leveransar av vaskeritenestene. Dette gjer at selskapet i næraste framtid har bruk for totalt 100 til 150 nytilsette. ESS tar også sikte på å kjøpe fleire tenester lokalt.
– ESS ønskjer fagpersonell innan kjøkken og reinhald, seier driftssjef Stein Rune Kallekleiv i ESS.
Desse stillingane vert no lyst ut. ESS leverer også vikarar til forpleiingstjenesta på fleire av StatoilHydro sine installasjonar. Selskapet er i forhandlingar om forpleiningskontrakten på flotellet "Safe Scandinavia", som skal liggje ved Snorre A ein stor del av 2010 med rundt 250 personar om bord.
Gjøa-kontrakten som selskapet fekk i slutten av juni er på fem år med opsjonar på to gonger to år. Den omfattar også resepsjonsteneste for Gjøa-plattforma.
ESS har alt 28 tilsette frå Sogn og Fjordane i dag. I næraste framtid har selskapet bruk for 100 til 150 nytilsette totalt på grunn av forventa kontraktauke i bedrifta. Dei ønskjer fagpersonell innan kjøkken og reinhald.
Nye jobbar på Fjordbase
GDF Suez har inngått kontrakt med Saga Fjordbase AS om baseoperasjonen i Florø. Kontrakten omfattar kontor, lager og uteområde med ein leigehorisont på 10-15 år. Kontor- og lagerbygget på Fjord Base er under bygging og vil stå ferdig i 2009 med rom for 26 arbeidsplassar (sjå bilete oppe på sida). GDF Suez er også i forhandlingar med Fjord Base AS om bygging av ein lagerhall/verkstad for undervassutstyr, som etter planen skal stå ferdig hausten 2010.
Oddvar Årberg i GDF Suez seier selskapet sjølv har tilsett fem personar i Florø så langt, og vil lyse ut to nye stillingar. Det har vore stor interesse for stillingane i Florø. GDF Suez har tilsett 41 av plattformpersonellet, av desse er to frå Sogn og Fjordane. I oppbygginga av organisasjonen for Gjøa-plattforma legg GDF Suez vekt på å rekruttere personell med lang driftserfaring og kompetanse. I løpet av 2011 vil selskapet også vurdere ulike kompetanseutviklingstiltak og vurdere å etablere ei lærlingeordning knytt opp mot drifta av Gjøa.
GDF Suez har vidare inngått kontrakt om beredskapsfartøy og er i forhandlingar om forsyningsfartøy og helikoptertransport til Gjøa. Selskapet ser føre seg tre helikopterturar i veka frå Florø. Selskapet har også inngått kontrakt med både Comfort Hotel Florø og Quality Hotel Florø.
Ledige stillingar hos GDF Suez.
Lokale arbeidarar til IKM
IKM vart sist vinter tildelt kontrakten på driftsstøtte til Gjøa. Selskapet rekrutterer framleis folk til stillingane på plattforma. Dei siste skal vere på plass i januar 2010. I Florø vil IKM ha ein driftsstøtteleiar, ein inspeksjonsingeniør og ei stilling på teknisk dokumentasjon. Desse er tilsett.
– IKM skal dessutan tilsetje ein planleggar og ein overflateingeniør, og vil utføre prefabrikasjon av enkle utrustingar for vedlikehald og små modifikasjonar i Florø, og reparasjonar av mekanisk og elektrisk utstyr, seier prosjekdirektør for Gjøa, Geir Leirfall i IKM.
Mellom dei som IKM har tilsett offshore er fem frå Sogn og Fjordane. For IKM vil det også lønne seg at selskapet sine folk offshore er busette i Florø. For kvar Gjøa-stilling kan det fort bli tre andre arbeidsplassar. Gjøa skal leve i mange tiår, og fleire felt vil bli knytte opp mot Gjøa i framtida.
Ledige stillingar hos IKM.
Kommentarer på artikkelen “Gjøa treng mykje arbeidskraft”
Skriv din kommentar