'Gründerløkka' på Mjømna tek opp kampen med iTunes og Spotify

publisert 10.06.2010 av Redaksjonen

Skaparane av SMS-søketenesta AskADAM har lansert sin eigen musikkbutikk på internett. Med base på 'Gründerløkka' på Mjømna i Gulen ønskjer dei å ta sin del av musikkmarknaden frå gigantane iTunes og Spotify.

'Gründerløkka' på Mjømna tek opp kampen med iTunes og Spotify

- Vi meiner det er ein kjempefordel å halde til i eit lite miljø. Vi konsentrerer oss utelukkande om digital distribusjon, vi har ingen fysiske butikkar og kan dermed kutte alle kostnadar heilt ned til beinet, fortel ein av dei fem gründerane, Simen Wilberg (t.h. i biletet).

For å få musikken til innkjøpspris må ein betale medlemsprisen på 20 kroner i veka. Ikkje-medlem må betale rettleiande pris.

- Med innkjøpspris meiner vi det vi betalar til artistar, plateselskap og i TONO-avgift. Vi skulle eigentleg også lagt til moms, men for å halde prisen nede og gje medlemene dei lågaste prisane, tek vi momsen på eiga kappe, seier Wilberg og legg til at verksemda reknar med å selje med tap til momsreglane blir endra for digitalmusikk.

På sikt vonar Wilberg at mp3-butikken skal generere mange nye arbeidsplassar på Mjømna.

Med på laget er også Jan Fredrik Karlsen som skal fronte marknadsføringa av butikken. Dei har også fått Ralph Myerz (biletet t.v.) til å lage signaturlåt saman med Snoop Dogg og George Clinton.

- Vi håpar ein gong å få Snoop hit til Mjømna for å framføre låta for oss på den lokale festivalen som vi har her, seier Wilberg.

Medgründerane Njål og Linn Wilberg fekk i fjor prisen som årets gründerar i Sogn og Fjordane. I år vanka også NHO sin Nyskapingspris for duoen bak AskADAM:
Les saka: Nyskaping, framtidstru og familielukke på ’Gründerløkka’ ytst i Sognefjorden

BEAT.NO:

  • Norsk nettbasert mp3-butikk som tilbyr medlemsskap som gir tilgang til å kjøpe musikk til innkjøpspris.
  • Ikkje-medlemer kan kjøpe til rettleiande prisar.
  • Bak beat står gründerar frå Mjømna; Linn Dyveke Wilberg (30), Njål Hansen Wilberg (33), Simen Wilberg (27) og Therese Trefall (28).
  • Gründerane er frå før  kjende for å stå bak SMS-søketenesta ADAM, som fekk NHO Sogn og Fjordane sin nyskapingspris i 2010.

Medieomtale av Beat.no:

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “'Gründerløkka' på Mjømna tek opp kampen med iTunes og Spotify”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt