Innvandrarar er ein viktig ressurs

publisert 30.11.2009 av Redaksjonen

NHO Sogn og Fjordane ynskjer å starte opp prosjektet Global Future, som skal auke sysselsettinga blant innvandrarar i fylket med høgare utdanning eller spisskompetanse.

Innvandrarar er ein viktig ressurs

Fylkeskommunen meiner det er viktig å jobbe for mangfald i arbeidslivet, og nytte den viktige ressursen som innvandrar er. Hovudutval for plan og næring vil difor støtte prosjektet med 400 000 kr.

- Vil bidra til framtidig verdiskaping og integrering

NHO Sogn og Fjordane meiner at prosjektet Global Future vil bidra til ei framtidig verdiskaping i fylket gjennom auka sysselsetting av høgt utdanna innvandrarar og såleis auka integrering. Arbeidsløysa blant innvandrarar i fylket er høg, og dei er i tillegg underrepresenterte innanfor politiske verv, leiarstillingar og i styrer. Gjennom Global Future ynskjer ein å endre dette ved å gje deltakarane auka kompetanse om norsk arbeids- og næringsliv, og i tillegg skape felles møteplassar mellom innvandrarar og arbeidsgjevarar i fylket og regionen - og såleis utvikle eit nettverk.

- Global Future er eit viktig program, som vil vere sentralt både med omsyn til integrering av innvandrarar og arbeidet med rekruttering og kompetanseheving hjå arbeidstakarar i fylket, seier ass. fylkesdirektør for regional utvikling Endre Høgalmen. Hovudutval for plan og næring støtta difor dette viktige tiltaket med kr. 400 000 i møte 24. november.

Innvandrar med høgare utdanning

Målgruppa er innvandrarar med høgare utdanning som er arbeidsledige, ynskjer seg meir relevant arbeid, eller ynskjer å kvalifisere seg til leiarstillingar og/eller styreverv. Det vert stilt krav til deltakarane om at dei har tilfredstillande kunnskapar i arbeidsnorsk, og at dei inngår ein intensjonsavtale om å takke ja til relevante jobbtilbod i Sogn og Fjordane.

Gode resultat frå Agderfylka

Global Future skal startast opp i fleire NHO-regionar. Prosjektet vart først starta opp av NHO Agder, der dei kan vise til gode resultat og stor merksemd. Mellom anna er fire deltakarar tilsett i leiarstillingar, og årets kvinnelege grunder i Agder i 2008 har vore deltakar i programmet.

Meir informasjon om prosjektet i saksutgreiinga, og på NHO Sogn og Fjordane sine nettsider.


(Foto: Ma.Ka, Flickr)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Innvandrarar er ein viktig ressurs ”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt