IT-bedrifta Elis treng mange nye medarbeidarar
– Vi satsar på å tilsetje fem nye medarbeidarar før sommaren, og ti i løpet av heile neste år, fortel administrerande direktør, Johnny Haugsbakk til avisa Firda,
IT-bedrifta i Dale i Fjaler i Sunnfjord vart starta i 1992, og tel i dag 61 medarbeidarar. Og bedrifta er framleis i vekst, både økonomisk og i tal kunnskapsmedarbeidarar.
– Vi søkjer folk til ei rekkje ulike stillingar. Alt ifrå seljarar, økonomar og konsulentar til systemutviklarar, fortel Haugsbakk til Firda.
Han reknar ikkje med at dei nytilsette kan trø til før i mars eller april.
– Det viktigaste for Elis er at dei tilsette har god utdanning, dei riktige kvalifikasjonane, og er dyktige folk som kan tilføre bedrifta noko nytt, seier Haugsbakk.
Elis sine tilsette er både tilflyttarar og tilbakeflyttarar.
– Å finne gode medarbeidararer alltid ei utfordring, men eg meiner vi har klart oss godt. I tillegg byrjar vi å byggje opp eit stort kompetansemiljø, med sikre og gode jobbar.
2010 har vore eit rekordår for selskapet, med god vekst, både når det gjeld omsetning og resultat.
I hovudsak arbeider Elis i den norske marknaden, men med nye kundar og kontraktar må kanskje nedfallsfeltet utvidast.
– Vi har byrja så smått å sjå mot utlandet, og ser den nordiske marknaden som interessant, seier Haugsbakk til avisa.
Kommentarer på artikkelen “IT-bedrifta Elis treng mange nye medarbeidarar”
Skriv din kommentar