Jubel for vindkraft til sjøs
Måndag 8. desember fekk Testområde Stadt konsesjon frå Norges Vassdrags- og Energiverk (NVE). - Dette er ein jubeldag, seier styreleiaren i vindkraftforum.
- Testområde Stadt kan føre Noreg heilt i front på utvikling av fullskala offshore vindturbinar og flytande fundament for tøffe vind- og bølgeforhold. Dette er ein jubeldag for alle som brenn for offshore vindkraft, og gir unike høve til nærings- og teknologiutvikling både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det seier styreleiar i Vindkraftforum Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo, i samband med at NVE måndag gav konsesjon til Vestavind Kraft AS for Testområde Stadt.
Unikt anlegg
Testområde Stadt består av tre testposisjonar utanfor Selje/Vågsøy i Sogn og Fjordane med ulik eksponering for vind og bølger, effekt på inntil 10 MW og opptil tre fullskala, flytande vindturbinar. Testområde Stadt vil bli det første samla testanlegget for offshore vindturbinar av denne typen i Noreg.
Anlegget er også unikt ved at det ligg i den delen av Nordsjøen som har dei største vindressursane for kraftproduksjon til havs (sjå kartet). Testområde Stadt er utvikla og eigd av Vestavind Kraft AS som også har førehandsmeldt ein fullskala offshore vindpark i same havområde (Stadvind).
- Teknologiutviklinga innanfor flytande offshore vind er komen lenger enn mange er klar over. Det er verdt å merke seg at Vestavind Kraft allereie er i dialog med aktuelle leverandørar av prototypar for flytande vindturbinar. Med Regjeringa si varsla storsatsing på offshore vindkraft legg eg til grunn at det kan bli rask realisering av prototyp-uttesting på Testområde Stadt, seier Bjørlo.
Vil bli stormakt
Noreg har ambisjonar om å bli ei stormakt innanfor ny teknologi på offshore vindkraft. For å nå desse ambisjonane er det viktig at det raskt kjem i gang testaktivitet på fleire testlokalitetar langs kysten med ulike ver-, vind- og botnforhold, med Testområde Stadt som eitt viktig element. NVE seier følgjande om dette i si konsesjonstildeling: ”NVE har vektlagt at omsøkt anlegg er et testanlegg som vil fremme utviklingen av offshore, flytende vindturbiner. Testanlegget vil gi turbin- og fundament-produsenter muligheten til å teste ut og sertifisere sine produkter i varierende vind- og bølgeforhold, og vil være med på å legge til rette for fremtidlig fornybar elektrisitetsproduksjon til havs.”
Like utanfor Måløy
Testområda ligg eit steinkast utanfor Måløy, der det for tida er under oppbygging eit nær komplett bedriftsmiljø på prototyputvikling, uttesting og simulering av ny vindkraftteknologi. Her ligg mellom anna Noregs einaste privateigde hydrodynamiske testtank (Stadt Towing Tank), Noregs største plugg- og formanlegg for komposittprodukt (EasyForm/ BestMould) og det er nylig starta opp produksjon av servicefartøy i kompositt for offshore vind (Måløy Verft). Ei anna bedrift i Måløy har nylig inngått kontrakt med Statoil om utvikling av ny teknologi for ombordsting av offshore vindmøller.
- Kombinasjonen unike vindressursar, tilgjengelege testområde og teknologisk avanserte maritime bedriftsmiljø ferdig rigga for offshore vind gjer vår region spesiell i nasjonal samanheng som ein ”prototyp-utviklingsregion” i tett samspel med FoU-miljø og næringsliv nasjonalt og internasjonalt. For Sogn og Fjordane sin del er det avgjerande at næringsliv og andre aktørar no grip sjansen og deltar for fullt i teknologiutviklinga, seier Bjørlo.
For meir informasjon om Testområde Stadt:





Kommentarer på artikkelen “Jubel for vindkraft til sjøs”
Skriv din kommentar