Lagar 15 kilometer trapper kvart år

publisert 10.11.2009 av Roy Sunde

Kvar einaste månad lagar 75-årsjubilanten Hagen AS i Stryn nok trapper til å nå frå fjorden og opp på fjellet Skåla.

Lagar 15 kilometer trapper kvart år

Tekst: Roy Sunde, Fylkesmagasinet

BILETET: Eksportsjef Jan Heggheim og dagleg leiar for Hagen AS, John Herman Foss Hagen, feira nyleg at bedrifta har halde det gåande i 75 år. Foto: Roy Sunde.

Stryn er kraftsenteret for innovasjon, møblar, design og kle i fylket vårt. Og eit nasjonalt kraftpunkt for trappeproduksjon. Hagen AS har gjennom Stryntrappa, og det meir eksklusive søstermerke Escalia, gjort Stryn til trappehovudstaden i Norge.

Bedrifter kjem og går kvar dag, men nokre få blir der så lenge at dei ender som merkevarer. Hagen tilhøyrer definitivt siste kategori, dei er faktisk trekvart på veg mot sitt første hundreår.

– Vi feira nyleg at vi fylte 75 år. Det er trapper som har vore med frå starten, og det er trapper vi driv med no. Og så har det vore litt ymse i mellomtida, fortel John Herman Foss Hagen. Han er dagleg leiar for Hagen AS, og tredje generasjon Hagen i bedrifta.
– Kor mange trapper har det blitt på dei åra?
– Det er så godt som umogeleg å seie. Men det blir mellom 5000 og 6000 i løpet av eit år, og kvar trappeetasje er cirka tre meter. Det blir minst 15.000 meter i året – nesten ei trapp opp til Skåla kvar månad, slår Foss Hagen fast.

Landsdekkjande

Frå hovudbasen i Stryn spreier dei trapper over heile landet.
– Vi er landsdekkjande i Norge. Vi satsar også veldig mykje på å vise fram trapper som interiør – det går ikkje berre via nett eller brosjyrer. Og vi satsar på butikkar. Per i dag har vi sju slike: i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Ålesund, Stryn og Gjøvik. Butikken her i Stryn er den minste. Gjøvik er ganske lik, men litt betre, fortel Foss Hagen og held fram.
– Alt i alt er det 15 tilsette i sal/kundesenter, og 100 årsverk totalt i selskapet. Vi har to produksjonseiningar:  Gjøvik, med åtte tilsette, og resten her i Stryn. Desse to fabrikkane produserer våre to merkevarer: Stryntrappa – den første industrialiserte trappeproduksjonen her til lands, og Escalia som er eit meir eksklusivt merke med større fokus på design.
– To av modellane i Escaliaserien fekk Designmerket for god design  i 2001, skyt eksportsjef Jan Heggheim inn.

Ascot og Geneve
STILFULLT: Escalia Ascot og Escalia Geneve. Foto: ricardofoto.no


Først ute

Fabrikken i Stryn strekkjer seg over 7000 rutemeter og er ein topp moderne fabrikk,  kjent for å vere først ute.
– Hagen er bygd opp gjennom å være først på industrialisert trappeproduksjon. Før vart trappene laga individuelt, men vi hadde tidleg ein idé om å standardisere produksjonen. Den første satsinga kom i 1972. I den tida produserte vi både dører og vindauge, i tillegg til trapper. Då var det ingen som snakka om trappeproduksjon. Men, vi bygde den første industrihallen, tok ei modig avgjerd om å kutte produksjonen av dører og vindauge og bestemte oss for å satse på trapper og industrialisert produksjon. Etter det heldt vi fram på det sporet: Ut over 80-talet gav satsing på CNC-styrte maskiner oss ein stor fordel i å kunne produsere kvalitetstrapper til gode prisar. Sidan den gong har vi prøvd å ligge i forkant av utviklinga, fortel Foss Hagen.

Trapp som interiør

Ei trapp er ein metode å komme seg mellom etasjar.
– Ein ting som særmerkjer oss er at vi jobbar med å få fram trapp som møbel. Det har vore eit litt gløymt produkt hos mange når ein tenkjer på interiør og hus. Det er mange som ikkje tenkjer på kva trapp dei ønskjer seg før vi snakkar med dei om det. Trappa har vore lett å oversjå – det er jo 1000 ting ein tenkjer på når ein skal bygge hus. Men, det er ein viktig del av interiøret i huset, fortel Foss Hagen.

Å få ei trapp som høver miljøet i huset er sjølvsagt langt enklare om ein tek det med i planlegging frå byrjinga.
– Det er mange som først forstår at trappa i huset ikkje høver med resten av interiøret når dei flyttar inn. Vi skreddarsyr trapper til alle rom, men det er mykje billegare å gjere dette med ein gang, heller enn å ordne etterpå. Nokre gonger held det med måling eller små grep, andre vender lyt ein skifte ut trappa. Det avheng av kva ein har. Men tek ein trapp med i planlegginga frå starten får ein gjennomførte løysingar som passar inn, fortel han og held fram.
– Vi ser ei utvikling der det har blitt meir fokus på  trapper som interiør her til lands. Alle interiørmagasina har same utvikling: Ola Nordmann er blitt oppteken av å ha trapper som står til huset. Etterkvart har også fleire og fleire skjønt at ei trapp ikkje er fastskrudd til evig tid, den kan bytast ut. Dermed har dei også forstått at dei kan bytte ut den gamle med ei ny som høver betre inn i heilskapen, seier Foss Hagen.

Storsatsing

Den siste lekka på veg til auka fokus på interiøraspektet ved trapper skjedde i Oslo.
– Studio Hagen i Oslo er eit 1000 rutemeter stort kompetanse- og utstillingssenter, lokalisert i «interiørbyen» på Skøyen i Oslo. – Vi har fått veldig god respons og tilbakemelding på Studio Hagen, som er unikt i det nordlege Europa. Det er ingenting som liknar, dette er ei stor satsing for oss. Lokalet er heilt fantastisk, ein gammal trikkegarasje i eit freda bygg, der vinsjane heng i taket enno. Vi fall veldig for det, spesielt sidan takhøgda er åtte meter. Det gjev ein heilt anna å måte å presentere trappene på enn i eit lågt rom, fortel Foss Hagen.

– Vi har to samarbeidspartnerar i denne satsinga, som leiger lokale og har utstilling saman med oss: Norne, som er ei ny merkevare for Dooria som også held til i Stryn: Ein meir eksklusiv serie med inner- og ytterdører i klassisk og moderne design. Den andre er den nederlandske golvprodusenten Solidfloor. Dei har eit breitt spekter av kostbare golv, med stort utval av tre- og overflatebehandlingar, som skil seg frå det du finn i vanleg interiørbutikkar. Saman med desse to har vi skapt ein kjempeflott butikk som vart opna av Fabian Stang, fortel han.

– Vi har bygd store interiørmiljø knytt til trapperommet. Her får kunden sjå produkta i full målestokk. Dermed kan dei raskt avgjere om det passar for dei, eller er feil. Og så har vi fått fleire faggrupper på ein plass.

– Annakvart år blir det arrangert noko som heiter Designer’s Saturday i Oslo, eit arrangement primært for aktørar i interiørbransjen. Det vart halde no i år, og tilstrøyminga og tilbakemeldingane var veldig positive. Søndag slapp publikum til, og totalt hadde vi 1500-2000 innom på desse to dagane, fortel Heggheim. – Siste veka i september var det Bygg Reis Deg-messe, der vi har delteke med den faste utstillinga vår. I tillegg har vi køyrt faste kundar inn til Studio Hagen, slik at dei kan sjå trappene i full storleik med utsmykka trapperom. Det har vi fått veldig god respons på. Folk kjem faktisk langvegs frå for å vitje Studio Hagen, og mindre enn ein månad etter opninga var vi oppe i over 20 besøkande på ein laurdag. Det er ti gonger meir enn det normale.

Framtida

Den gode tilbakemeldinga på satsinga på Studio Hagen tek dei med seg vidare.
– Vi har mindre studio andre stader, men vi skal ta med oss tankegangen frå Studio Hagen  vidare, sjølv om det neppe blir fleire butikkar i sånn skala. Men vi vil gjerne ha fleire trappeutstillingslokale der vi kan syne fram i full storleik, seier Foss Hagen.

I tillegg til Norge har dei også blikket ut over landegrensene.
– Det er gode mogelegheiter framover. Vi har fått god respons på vår satsing på trapp som interiør, og stadig fleire ønskjer å bytte trapp. Vi ser for oss ein ganske flat totalmarknad framover, men vi skal ta større delar av han, seier Foss Hagen.

– Vi ønskjer og å ha eksport, slik at vi er aktive i fleire marknadar og kan spreie risikoen. Det er og ein fin måte å hente impulsar til bedrifta på. Vi har hatt historisk sterke band til Tyskland, men den marknaden er per i dag heilt avvikla. Det kjem av ein samanhengande nedgang i den tyske marknaden, kombinert med aukande konkurranse frå Polen og Tsjekkia. I tillegg har Tyskland ein eigen trappestandard, og er veldig proteksjonistiske. Derfor siktar vi oss inn mot Sverige no, seinare Danmark og kanskje også Storbritannia. Det er land som ligg oss nær i standard, geografi og kultur, avsluttar Heggheim.


Hagen AS
Trappa Escalia Bilbao. Foto: ricardofoto.no

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Lagar 15 kilometer trapper kvart år”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt