Lerum heidra for suksessdesign av «gamle syltetøysglas»
Då saft- og syltetøyprodusenten Lerum tok i bruk nytt design på syltetøysglasa, så meir enn dobla dei salet. No har dei fått utmerkinga «Design Effekt» for suksessen.
Lerum var saman med Nille og Posten nominert til prisen «Design Effekt Grand Prix», skriv NRK Sogn og Fjordane.
Då prisen vart delt ut var det Nille som trekte det lengste strået. Men Lerum fekk prisen «Design Effekt».
- Lerum er eit klassisk eksempel på korleis strategisk designsatsing kan vere med å snu eit negativt utgangspunkt og skape lønsemd, vinne marknadsdelar og gjere kundane nøgde, seier Marte Grevsgard i Norsk Designråd.
For då Lerum for nokre år sidan måtte vedgå at merket «Berstemor Lerum» ikkje selde godt nok, valde dei å gje produkta sine ny design.
- Konkurrentane byrja å dra i frå oss, og vi skjønte at vi kommuniserte feil til forbrukarane, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.
Dei laga då ny design i tillegg til at dei laga oppskrifta på syltetøyet betre. Designet vart endra til eit meir tiltalande glas som skilte seg ut i mengda.
- Det gamle og karakteristiske norgesglaset vart brukt som utgangspunkt, i tillegg til at vi henta fram oldefar sin gamle signaturlogo frå 1928, seier Lerum Hjellhaug til NRK Sogn og Fjordane
Relanseringa hausten 2008 gjekk under namnet «Lerums utvalde», og viste seg til å bli ein knallsuksess. Eitt år etter hadde nyskapinga auka salet av syltetøy med nesten 55 prosent i forhold til forgjengaren.
Kommentarer på artikkelen “Lerum heidra for suksessdesign av «gamle syltetøysglas»”
Skriv din kommentar