Lokal fjordvarme-teknologi med globalt potensial
Fjordvarme AS er eit selskap på Nordfjordeid som tilbyr ein av dei mest framtidsretta energi- og ENØK-teknologiane i Noreg. Heile Nordfjordeid er etterkvart blitt eit gigantisk demonstrasjonsanlegg som viser at termisk energi frå sjø kan verte eit viktig tiltak i kampen mot global oppvarming.
At brukarane samstundes betrar økonomien og får auka komfort, er tilleggsfaktorar som gjer fjordvarmekonseptet til eitt av framtidas beste, gjennomførbare klimatiltak!
MYKJE Å SPARE (biletet t.h.): Byggeigarane sparar store summar på energi med å vere tilknytt fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid. No står resten av landet for tur! Frå venstre: Styreleiar Arild Hjelmeland og dagleg leiar Magne Hjelle. (Foto: Steinar Engeland)
Bruk av miljøvennleg energi frå sjøvatn til oppvarming og kjøling er eit klimatiltak som så langt i svært liten grad er utnytta i Noreg, sjølv om det er relativt enkelt og ikkje minst økonomisk forsvarleg. Etter fem år går drifta av Fjordvarme på Nordfjordeid i balanse, og det gjev no grunnlag for å tilby denne grundig uttesta teknologien til brukarar langt utover kommune-, fylkes- og landegrensene!
|
FJORDVARME Termisk energi frå sjø og vatn kan årleg generere 5 TWh rein, fornybar energi i Noreg. Dette tilsvarer ein årleg reduksjon på 1,5 millionar tonn CO2, og utgjer 10 % av målsettinga i klimameldinga innan 2020 Desse offentlege og private bygga nyttar energi frå fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid i dag: Helse Førde: Nordfjord helseområde med sjukehus og andre bygg. Sogn og Fjordane fylkeskommune med Eid vidaregåande skule og Operahuset Nordfjord.
11 private næringsbygg, mellom anna Nordfjord hotell og Bryggen hotell. Fleire bustader, i hovudsak med konsentrert busetnad, så langt rundt 100 bustadeiningar Fordelar med termisk energi Seks års driftserfaring med eit komplett energianlegg på Nordfjordeid. Dagleg leiar: Magne Hjelle |
Det løner seg å vere miljøbevisst
Frå fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid får no rundt 80.000 kvadratmeter bygningsmasse dekka storparten av energibehovet sitt til oppvarming og kjøling. I løpet av 2009 kom talet på varmepumper i anlegget opp i 31.
- Hovudinntrykket er at brukarane er nøgde. Dei oppnår eit godt inneklima i bygga sine og angrar ikkje på val av energiløysing. At utgifter til energikjøp går drastisk ned, er sjølvsagt også viktig i denne samanhengen, fortel dagleg leiar Magne Hjelle.
Styreleiar i Fjordvarme AS, Arild Hjelmeland, meiner det har vore lite politisk handling på klima og miljø nasjonalt, trass i at mange klimatiltak snøgt må gjennomførast for å sikre levevilkåra for komande generasjonar.
- Folk må etter kvart spørje seg korleis vi reint praktisk kan nå klimamålsettingane. Eg trur vi alle må bidra på kvar vår måte for at totalrekneskapen skal gå opp. Ved å ta i bruk varme og kjøling frå sjøvatn i eit bygg, gjer ein eit viktig klimatiltak samstundes som ein aukar komforten og sparer driftsutgifter. Det er ikkje lenger slik at det må vere kostbart å vere miljøvennleg, seier Hjelmeland, og påpeikar samstundes at ein ikkje lenger treng å vente på utvikling av ny teknologi – det er tid for handling umiddelbart!
Kommunane – ein nøkkelfaktor
Erfaringane frå pilotprosjektet på Nordfjordeid vert no vidareført til andre utbyggjarar gjennom selskapet Fjordvarme AS. Det er allereie prosjekt på gang fleire stader der selskapet bistår med planlegging og gjennomføring i samarbeid med andre selskap i nettverket sitt.
- Vi ser at fyrste steg på vegen mot omlegging av energibruken er at kommunane engasjerer seg og tek styring med utviklinga på energiområdet. I vår region har vi døme på dette frå Eid, Florø, Sogndal, Ulstein og Volda. Kommunane kan legge føringar på korleis ei utbygging skal gjennomførast og ta stilling til i kor stor grad dei sjølve vil delta som utbyggjar. Dette opnar vidare opp for initiativ frå eksisterande og nye selskap, seier ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, som trur at tida er komen for fjordvarme som alternativt energitiltak.
FJORDVARME (biletet .t.h.): Badehuset på Nordfjord hotell er tilknytt fjordvarmeanlegget - eit godt døme på bruk av termisk energi (Foto: Peder Austrud)
Positiv næringsutvikling
I tillegg til at satsinga på termisk energi frå sjø legg grunnlaget for meir miljøvennleg energibruk, fører omlegginga til oppdrag for lokale verksemder og er såleis positivt for næringsutviklinga i regionen. Dette er det mange gode døme på frå Nordfjordeid.
- Den lokale oppdragsauken kjem ikkje berre i utbyggingsfasen, men vedvarer også i lang tid etterpå på då det tek lang tid å legge om energibruken i eksisterande bygningsmasse. Av praktiske årsaker vert ofte energiomlegginga kombinert med anna renoveringsarbeid i bygningane, forklarer dagleg leiar Magne Hjelle.
Han har stor tru på at verksemder som satsar på fornybar energi vil få ei positiv utvikling i åra som kjem.
Hjelle får støtte frå ordførar Sonja Edvardsen i Eid kommune.
- Ei tilsvarande satsing vil skape nye arbeidsplassar, samstundes som viktige klimatiltak vert gjennomført. Tilgangen på rimeleg og miljøvennleg energi gjer det svært gunstig for bedrifter å etablere seg då ein vil få låge kostnader med varme og kjøling og ikkje minst eit godt inneklima. På denne måten kan vi snu klimautfordringa frå berre å vere eit problem til å verte noko positivt reint næringsmessig, seier ordføraren.

Kommentarer på artikkelen “Lokal fjordvarme-teknologi med globalt potensial”
Skriv din kommentar