Måløy-bedrift lanserer nasjonal katalog for videokonferanse

publisert 06.06.2011 av Redaksjonen

Hittil har det ikkje vore enkelt å finne "nummeret" til andre brukarar av videokonferanse i Norge. Men no løyser VideoNor denne utfordringa når dei lanserer ei heilt ny søketeneste.

Måløy-bedrift lanserer nasjonal katalog for videokonferanse

Målet til VideoNor i Måløy i Nordfjord er at ein skal kunne søkje opp videosystem og starte videokonferansar like enkelt som ein i dag brukar mobiltelefon, i ein nasjonal søk- og klikkbar videokatalog. Tenesta har fått namnet Seevia.

- Dette er ei fantastisk spennande nyvinning som viser at ei lita gründerbedrift frå Sogn og Fjordane kan stå for teknologiske gjennombrot av stor betydning nasjonalt, seier dagleg leiar Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.

Tysdag 7. juni 2011 vart den nye tenesta offisielt lansert av fornyingsminister Rigmor Aasrud og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Tenesta er i følgje Videonor prøvd ut det siste året med svært gode tilbakemeldinger fra ei rekkje store aktørar, m.a. NAV, Skatteetaten, fylkesmenn og fleire private selskap.

- Det er stadig aukande etterspurnad etter rask samhandling i det offentlege på tvers av etatar og geografiske avstandar. Her vil videokonferanse bli eit stadig viktigare verktøy. Det er då avgjerende at systemene raskt kan koplast opp til kvarandre og brukast på ein enkel måte utan store teknologiske hinder, seier Bjørn Almaas, ansvarleg rådgjevar i NAV.

Det har lenge vore eit mål å ta i bruk meir videokonferanse i offentleg sektor, utan at det store gjennombrotet har kome. Dei største barrierane har vore at det er ulike system som ikkje har "snakka saman", og at det blir opplevd som komplisert å ringe opp til andre brukarar i andre organisasjonar. På begge desse punkta vil Seevia gje ei radikal forbetring ved at alle brukarar av tenesta med eit klikk kan koplast saman uavhengig av teknologisk plattform eller videosystem.

På denne måten vil Seevia kunne vere ein viktig bidragsytar for å rulle ut bruk av videokonferanse i stor skala både i offentleg og privat sektor. 
Under lanseringa vil dagleg leiar i VideoNor, Jørn Mikalsen, demonstrere tenesta live og vise korleis eit slikt verktøy kan gjere det like enkelt å bruke videokonferanse som det er å bruke ein mobiltelefon.

– Katalogen kan samanliknast med Gule Sider for telefon, berre at det er for videosystem og har fleire funksjonaliteter, forklarer dagleg leiar i VideoNor, Jørn Mikalsen til Fjordenes Tidende.

VideoNor, som er eit nystarta teknologiselskap med hovudkontor i Måløy i Sogn og Fjordane, har utvikla løysinga med bistand frå m.a. Innovasjon Norge. 


(Arkivfoto frå opninga av VideoNor med dagleg leiar Jørn Mikalsen og statsråd Liv Signe Navarsete. Foto: Vidar Furnes, LocalHost)
 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Måløy-bedrift lanserer nasjonal katalog for videokonferanse”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt