Moderne alkymistar skapar gull av draumane sine

publisert 30.05.2011 av Redaksjonen

Gründerane Heidi Aabrekk og Thomas Morel hadde begge ein forretningsidé, og eit brennande engasjement. Men dei var ikkje kjende med forretningsdrift. Redninga vart Innovasjon Norge sitt program ’Alkymisten’. 

FAKTA


                                                           (Foto: Oddrun Midtbø)

HEIDI AABREKK
Gründer/dagleg leiar

BEDRIFT: intempo as
FORRETNINGSIDÉ: Språkpedagogiske hjelpemiddel/ kommunikasjonshjelpemiddel. Halde kurs for foreldre og barnehagar, og sal av materiell til foreldre og barnehagar. 
ADRESSE: Sandane, Gloppen
NETTSTAD: www.intempo.no (Facebook)
TLF.: 970 43 426
MEIR INFO: Oppvaksen på Andøya og i Sykkylven. Har budd på Sandane sidan ho var ferdig å studere spesialpedagogikk i 2004.


THOMAS MOREL
Gründer/fotograf/dagleg leiar

BEDRIFT: Thomas Morel Photography (TMstudios)
FORRETNINGSIDÉ: Actionfotografering.
ADRESSE: Kjem frå Nederland, og Feios i Vik. Bur i Sogndal.
NETTSTAD: www.thomasmorelphotography.com (Facebook)
TLF.: 951 44 338


ALKYMISTEN

Program i regi av Innovasjon
Norge for å lose unge etablerarar gjennom den vanskelege utviklingsfasen og hjelpe dei fram til etablering av lønsame bedrifter.


Årets Alkymisten vert gjennomført hausten 2011. Til no har 150 personar i Sogn og Fjordane vore gjennom Alkymisten-programmet hos Innovasjon Norge.

Informasjon og søknadsskjema hos Innovasjon Norge: Alkymisten 2011 

Fristen for å søkje er 26. august 2011.

– Tida i Alkymisten introduserte meg for ei heilt ny verd, og har vore til uvurderleg hjelp for etableringa av bedrifta mi. Kontaktane oss deltakarane i mellom har også vore nyttige, og mentorane har stilt opp med råd og tenester fleire gonger desse åra, seier Heidi Aabrekk (32) på Sandane i Gloppen.

Kurskollega Thomas Morel (22) i Sogndal er samd:

– Alkymisten var eit opplegg midt i blinken for å hjelpe til med å utvikle akkurat den planen eg trengte for å gjere meg sjølv medviten på korleis eg eigentleg måtte drive fotoverksemda mi. Eg fekk jobbe saman med andre unge etablerarar, som alle har ein draum dei strevar etter å nå. Programmet var til enorm hjelp for meg. 

Lagde forretningsplan


Rettleiinga og kursinga gjorde at Thomas vart i stand til å lage ein god forretningsplan, han fekk erfaring med å presentere idéane sine framfor ei gruppe på ein forståeleg måte. Ikkje minst vart han sjølv hundre prosent medviten på kva han ønskjer å oppnå, og kva som skal til for å oppnå det.

– Eg får endå eit lite smil rundt munnen når eg tenkjer på at det ikkje berre finst ei institusjon som Innovasjon Norge, som hjelper nytenkjande menneskje å oppnå draumane sine, men at det til og med finst eit opplegg som Alkymisten som hjelpte meg å få tak i økonomisk støtte for å oppnå draumen.

Utvikla forretningsidéane


Heidi Aabrekk etablerte bedrifta si i januar 2009 etter å ha delteke på Alkymisten. Bedriftsnamnet ’intempo’ kjem av intensitet, informasjon og tempo, som saman er dei viktigaste grunnprinsippa i Språkleiken bravo. Det er denne leiken, og kompetanse knytta til tidleg språkstimulering av barn, som forretningsidéen hennar byggjer på.

Intempo as driv sosialt entreprenørskap på sitt aller beste. Vi freistar å skape våre eigne arbeidsplassar gjennom å gjere noko med fleire av dei sosiale utfordringane i samfunnet. Lese og skrivevanskar kan til dømes førebyggjast dersom ein startar før fylte to år, viser nyare hjerneforsking. Vi betrar også kommunikasjonsferdigheitene for dei som ikkje har ei stemme, og vi gjer integrering gjennom gode språkkunnskapar enklare for dei som har eit anna morsmål enn norsk, fortel Heidi.

Bedrifta hennar tilbyr tenester og produkt i skjeringspunktet mellom arbeid som ideelle organisasjonar/det offentlege gjer, og næringslivet. Derfor er det ikkje berre harde tal og botnlinja som er viktig for Heidi. 

– Dei menneskelege verdiane og resultata er vel så viktige. Investorar som ønskjer å vere med å ta samfunnsansvar kan gjerne ta kontakt, oppmodar gründeren på Sandane.

Thomas Morel har ein heilt annan forretningsidé. Han har bakgrunn i turning i Nederland der han er fødd, og derfor fekk han interessa for å prøve å fryse rørsler på bilete. 

– Eg jobba svært intensivt med å utvikle ein forretningsidé som kunne gjere denne lidenskapen til ein måte å skaffe mitt levebrød på. Som 19-åring tok eg i 2008 opp eit lån på nesten 400.000 for å kunne setje i gang mine første actionfoto, som seinare viste seg å vere unike på fotomarknaden i Norge.

Med lån å betale på måtte inntekta haldast oppe, og derfor tok Thomas bijobbar når han ikkje hadde fotooppdrag. Men dette gjekk ut over draumen om å leve av fotografering.  Då vart Alkymisten redninga.

Morel har no fått store kundar, som Helly Hansen, Hasselblad, Maui Theatre, Den Norske Opera & Ballett, Puma, og ikkje minst GoodTimes, som er bedrifta til Mette Bjørhovde på Nordfjordeid. Ho designar klede, og Thomas Morel fotograferte for katalogen hennar på fjorårets lansering.

– Store ambisjonar kan aldri skade, eg håpar å kome langt. Sjølv om eg ikkje alltid når måla, så er eg meir enn nøgd om eg kan greie å leve livet mitt gjennom kreativitet og leik.

GOTCHA (biletet t.h.) Thomas Morel har spesialisert seg på foto av motiv i rørsle.: – Ofte fangar eg ei kjensle og ei kraftutfalding som elles går forbi usett, overskugga av det vesle skodespelet som blir framført når målet er nådd, eller ikkje. (Foto: Thomas Morel Photography).

Idéen er livvstil


Kurskollega Heidi sitt høgthengande mål med Intempo er å selje Språkleiken bravo til alle foreldre og barnehagar i Norden. Og bedrifta er inne i ein spennande vekstfase. 8. juni skal dei sertifisere dei to første bravopedagogane etter ei tredagars opplæring. 

– Kvelden før, den 7. juni, får dei øve seg på halde sitt første bravokurs  på Gloppen hotell. Der er foreldre og andre interesserte hjarteleg velkomne, seier Heidi.

Føresetnadane for å bli bravopedagog med rett til å arrangere eigne kurs i sitt distrikt er at dei sjølve har brukt Språkleiken bravo i minst 6 månadar, og har ei 3-årig pedagogisk utdanning eller tilsvarande. Desse blir då franchisetakarar. 

– Å arbeide med Språkleiken bravo har blitt mest som ein livsstil, seier Heidi.

– Vi er framleis som familie inne i ein intensiv habiliteringsperiode for sonen vår som no er blitt 6 år. Han lærte å lese som 2-åring gjennom bruk av store lesekort vist i hurtig tempo. Det er erfaringane med han eg har teke med meg inn i bedrifta. Dei siste to åra har eg freista å spreie den glade bodskapen til foreldre både med friske og hjerneskadde barn. 

Men arbeidsdagen til Aabrekk består også av beinhardt forretningsarbeid, som ho fekk ein god innføring i gjennom Alkymisten:

– Det er vel som hos dei fleste andre; vi freistar å  auke inntektene og redusere kostnadane. Produksjon og distribusjon er stadig i fokus. Salsauke og lokal marknadsføring gjennom franchisetakarar og utvikling av nye produkt  gjer Språkleiken bravo stadig meir attraktiv for målgruppa vår.

Klare til å ta imot søkjarar


Seniorrådgjevar Vemund Aartun og konsulent Ann Elisabeth Tveit (biletet t.h.) i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, som driv Alkymisten, fortel at opplegget passar unge etablerarar med forretningsidear som kan danne grunnlag for nye bedrifter. Såleis var bedriftene til Heidi Aabrekk og Thomas Morel midt i blinken:

– Heidi og Thomas er to dyktige gründerar og gode førebilete for aktuelle deltakarar på Alkymisten. Dei er fagleg dyktige, er motiverte og engasjerte, arbeider målretta og har gode forretningsidear, seier Vemund. 

No håpar Vemund og Ann Elisabeth på mange søknader frå unge etablerarar før sommaren.

Men det er ikkje nok å ha ein idé til ei bedrift for å kome med på Alkymisten-programmet. Deltakarane må vere villige til å prioritere satsinga si, og setje av tid til å arbeide med forretningsidéen under og mellom dei tre samlingane. Det kan Thomas Morel skrive under på:

– Jobben med forretningsidéen tok mykje meir tid enn eg trudde på førehand. Når den økonomiske støtten er oppbrukt kan det vere tøft om ein ikkje er førebudd, seier Thomas. 

– Eg trur det er viktig å vere klar over at ein må greie seg på eige hand uansett, same faen, og heller ta Innovasjon Norge og Alkymisten i handa som ei utruleg behageleg og hjelpsam ekstrahjelp.


AUGE FOR AUGNEBLINKEN: Thomas Morel interesserer seg generelt for ting som ikkje stemmer, eller som rett og slett går for fort til å sjå med eigne auge. – Det kan gjere at bileta mine kan sjå ut som om det er reint photoshop-arbeid. Men eg tykkjer det er veldig viktig å understreke at alle bileta er umanipulerte, eller ”ekte”, med mindre eg seier tydeleg ifrå om at det ikkje er tilfelle. (Foto: Thomas Morel Photography)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Moderne alkymistar skapar gull av draumane sine”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt