Næringslivet i Måløy får eige fibernett
Næringslivet i Måløy og Vågsøy vil våren 2011 bli knytt saman med eit eige fibernett. - Med det nye fibernettet kan næringslivet i Måløy og Vågsøy få eit av Norges beste breibandstilbod både i kapasitet og pris, seier dagleg leiar for Måløy Vekst AS, Alfred Bjørlo.

Det nye fibernettet med samla kostnad på ca 4 mill kr, blir bygd ut i samarbeid mellom næringslivet og Vågsøy kommune. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og Sogn og Fjordane fylkeskommune delfinansierer utbygginga.
Måløy Vekst AS er næringslivet sitt felles utviklingsselskap i Vågsøy, og gjennomfører fibersatsinga saman med Vågsøy kommune.
– Det nye fibernettet vil dekke dagens og framtidas breibandsbehov for dei mange bedriftene i Måløy, og opnar for heilt nye samarbeidsmodellar. Samtidig vil fibernettet gi Måløy og Vågsøy eit stort konkurransefortinn for nye bedriftsetableringar, seier prosjektansvarleg for Måløy Vekst si fiberutbygging, Heidi Kopperud.
Måløy er ein viktig næringslivsby kor mange bedrifter driv i teknologikrevjande bransjer (maritime teknologibedrifter, IT-bedrifter, robotiserte produksjonsbedrifter mm) og/eller har hovudkontor i Måløy med nasjonale og internasjonale nettverk (Norway Pelagic, Domstein, Coast Seafood, Selstad, Nordvestvinduet m. fl.). Til saman utgjer dei aktuelle bedriftene den største samla kundemassa i Sogn og Fjordane for mulig felles innkjøp av internettaksess og breibandstenester.
Det nye nettet, som mellom anna har over 12.000 meter sjøkabel, vil allereie ved oppstarten bli bygd ut til ca 30 bedrifter på 15-20 ulike lokasjonar i kommunen. Berørte område er Måløy sentrum, Raudeberg, Trollebø, Deknepollen, Tennebø og Almenning. Eit samarbeid med Vågsøy kommune og Kommunenett Nordfjord gjer at nettet er samanhengande, og gjer det mulig med framtidig samankobling/påkobling med lokasjonar i nabokommunene.
– Eg ser på denne fiberutbygginga som svært viktig for framtidig vekst og utvikling i Vågsøy. Eg er glad for at Vågsøy kommune, bedriftene og fylkeskommunen/KRD har fått til eit så godt samarbeid i denne saka, seier ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden.
– Vi gler oss over at vi med dette får styrka den elektroniske motorvegen i Vågsøy. Dette er viktig infrastruktur på line med det vi opplever på land og sjø, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.
Utbygginga av fibernettet startar i månadsskiftet februar/mars og er planlagt ferdigstilt i mai 2011. Fibra Networks er valt som utbyggar etter ein anbodsprosess.
Kommentarer på artikkelen “Næringslivet i Måløy får eige fibernett”
Skriv din kommentar