Ny optimisme i Høyanger - fabrikk kan gje 80 nye jobbar

publisert 28.01.2011 av Redaksjonen

På Kyrkjebø i Høyanger skal det byggast ny fabrikk for dieseldrivne brenselsceller. Industriprosjektet kan gje mange nye arbeidsplassar i kommunen.


Fabrikken til Nordic Power Systems skal byggjast på ei større tomt mellom Sognefjorden og riksvegen her på Tronvik på Kyrkjebø i Høyanger. Foto: Arild Nybø, mediebruket.no.

- Det er fantastisk gledeleg. Det er nesten slik at ein blir litt rørt når ein veit kva slags prøvingar samfunnet her har hatt dei siste åra, seier næringssjef i Høyanger, Petter Sortland til NRK Sogn og Fjordane.

Fabrikken skal drivast av selskapet Nordic Power Systems, som har skrive kontrakt med det statlege selskapet SIVA om bygging av anlegget. Tomta har vore klargjort i lang tid.

- Vi tykkjer dette er eit interessant industriprosjekt som det ligg i vår strategi å vere med å bidra til og utvikle, fortel eigedomssjef Per Kristian Andersen til NRK I følgje han skal verksemda flytte inn i nybygget våren 2012.

Også den nyetablerte felgfabrikken Saint Jean Industries i Høyanger anslår at dei kan få bruk for mange tilsette i åra framover, så mange som 150, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Etter den store nedturen etter Fundo-konkursen for to år sidan, så er det godt at det endeleg går oppover igjen. Folk er kjempepositive no når dei ser at det endeleg byrjar å skje ting, seier fabrikksjef Ståle Thorbjørnsen.


Han seier folk i Høyanger har venta lenge på nyetableringar, men at ingenting har skjedd før no. I desse dagar er tolv stillingar lyst ut ved fabrikken.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ny optimisme i Høyanger - fabrikk kan gje 80 nye jobbar”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt