Nyskaping, framtidstru og familielukke på ’Gründerløkka’ ytst i Sognefjorden

publisert 20.05.2010 av Redaksjonen. Alle foto utlånt av Linn og Njål Wilberg.

Ekteparet Linn Dyveke Wilberg og Njål Hansen Wilberg har skapt spennande kompetansearbeidsplassar for seg sjølv og fleire andre på øya Mjømna i Ytre Sogn. Der har dei funne den perfekte balansen mellom gründerdraumen og ønskjet om eit liv nær naturen med gode oppvekstvilkår for borna.


Gründerventyret på Mjømna starta då Linn og Njål flytta frå Bergen til øya i Gulen kommune  i 2006 i samband med at dei venta barn. Dei ville vere trygge på at borna skulle få vekse opp i eit godt oppvekstmiljø. Men dei vordande foreldra trengte jobb, og dermed var gründerspira sådd. (Foto: Privat)

FAKTA::

Linn Dyveke Wilberg
, 30 år, fødd i Bærum, oppvaksen på Mjømna i Gulen. Utdanna avisjournalist. Bachelorgrad i Samanliknande politikk.
Njål Hansen Wilberg, 34 år, fødd og oppvaksen på Lindås i Nordhordland. Fagbrev som automatikar. Har arbeidt som serviceingeniør i oljebransjen i 10 år, og reist i Sør-Amerika, USA og Europa for selskap som FMC, Kongsberg Simrad og Statoil.

Sivilstatus: Linn og Njål er gift med kvarande, og har to born: Ådne på 3 år og Ada på 9 månader. 

Firma: Dei etablerte Avoco AS i 2006, og deretter Trevelter AS og Ask ADAM AS i 2008 og Beat.no AS i 2009 (les om lanseringa av Beat.no). Bedriftene inngår i eit uformelt samarbeid kalla ’Gründerløkka’.

Stad: Mjømna i Gulen kommune i Ytre Sogn.

Samla omsetnad i 2010: Omlag 14 millionar kroner. 

Tal på tilsette: 6 fast tilsette til saman i selskapa på ’Gründerløkka’ på Mjømna: Therese er grafisk designer, Line er rekneskapsmedarbeidar, Simen er prosjektleiar på Beat, Hans Martin er koordinator for ADAM-personell, Linn har fokus på marknadsretta tiltak og er dagleg leiar i Avoco, og Njål er prosjektleiar for Ask Adam og andre, komande prosjekt. I tillegg er det 15 deltidstilsette som opererer ADAM-tenesta.

Rekrutteringsbehov: Selskapa til ekteparet Wilberg har tilsett fire personar siste året og ser for seg like mange nye i løpet av det neste året. Særleg innan programmering og systemutvikling har dei behov for folk.

Stikkord om bedriftene: Svært nytenkjande, med fokus på lønsemd, stor kompetanse på marknadsføring, og framoverlent miljø – ytst i Sognefjorden. 

Kontaktinfo: Selskapa Avoco, Ask ADAM og Beat.no har kontoradresse Mjømna 202, 5978 Mjømna.

Nettstader:
www.avoco.no
www.askadam.no
www.beat.no

Telefon:
Njål Wilberg, tlf. 970 61 370
Linn Dyveke Wilberg, tlf.  917 13 938 

- Vi starta bedrifta vår fordi det ikkje fanst arbeidsplassar i Ytre Gulen som passa kompetansen vår. Derfor bestemte vi oss for å finne eit område vi kunne arbeide saman på. Som journalist og data-geek var kombinasjonen av mobil, internett og media naturleg, seier Linn.


Prisløna med internasjonal marknad

Ekteparet Wilberg har alt fleire etableringar bak seg etter at dei valde øya Mjømna som hovudsete for utvikle nye produkt og tenester innan mobil, internett og media. Mest kjend er ADAM-tenesta, som hittil er lansert i tre land og som sommaren 2010 skal lanserast i England. Selskapet Ask ADAM leverer ei SMS-teneste for oppslag i internettleksikonet Wikipedia, og for mange er den godt kjend gjennom marknadsføringa i reklamar på TV. Verksemda fekk nyleg NHO Sogn og Fjordane sin nyskapingspris.

Ein  typisk arbeidsdag for Njål og Linn byrjar etter levering i barnehagen, og inneber svært variert arbeid.

- Vi leier dei som jobbar som utviklarar på prosjekta, styrer marknadsføringa sjølve, skriv manus til reklamefilmane, og tek generelt sett del i utviklinga frå idé til ferdig produkt, forklarer Linn.

Mykje av dagen brukar dei på å kommunisere med samarbeidspartnarane i Oslo, Bergen og London.

- Ein perfekt dag på jobben er hektisk. Det skjer mykje der, og gjerne i samanheng med lanseringar, som no når vi lanserer Beat. Det er ei spenning i lufta på kontoret og alle er fokuserte på det som skjer, seier Njål.

Beat.no er ei ny teneste og eit nytt konsept for kjøp av musikk i mp3-filer på internett.

Påverkar eigen kvardag og framtid

– Kva er mest spennande med den karrierevegen de har valt?
- Det kjekkaste med å vere gründer er at vi i så stor grad kan påverke vår eigen kvardag og framtid. Det er stor risiko i prosjekta, og det gjer i seg sjølv at kvar dag blir spennande, seier Njål.

 I tillegg har vi fått høve til å byggje eit kunnskapsmiljø. Det er ein fantastisk spennande prosess, der vi ser at det vi byggjer faktisk veks. 

Blant det mest utfordrande Wilberg’ane driv med er marknadskommunikasjon: 

 - Det er alltid vanskeleg å vite om noko slår til før ein faktisk prøver det på publikum, røpar Linn. 

- Derfor er prosessen rundt utarbeiding av reklamefilmar, manus og bodskap i filmane svært avgjerande om eit produkt overlever. 


Kontorfellesskapet på 'Grunderløkka', med fantastisk utsikt.

Byr på kompetanseheving og fleksitid

Dei tilsette i Avoco har ståande tilbod om å melde seg på kurs. Nett no er fire av dei seks tilsette deltakarar på kurs eller vidareutdanning. Njål deltek i European Leadership Programme,  medan rekneskapsmedarbeidaren deira studerer tre dagar i veka. 

- Sidan det ofte kan vere vanskeleg å få tak i rett kompetanse lokalt vel vi å byggje den sjølv. Det gir gode resultat for den enkelte og for bedrifta, seier Linn.

Bedrifta har eit ungt og dynamisk miljø på kontoret. For å skape trivsel har dei har lagt til rette for individuelle behov gjennom fleksitid, tidskonto, kurstilbod og individuell opplæring ved behov. 

Til dagleg har dei også felles lunsj som dei får servert – eit enkelt men effektivt tiltak for å auke trivselen, i følgje dei to bedriftsleiarane.

Fordel å vere nær familie

Linn kom til Mjømna først som åtteåring og vaks opp der. Etter vidaregåande skule flytta ho til Kristiansand der ho tok utdanning i to år fram til 2001. Deretter vart det fem år i Bergen i samband med jobb, og vidare utdanning som enda med bachelorgrad i samanliknande politikk. 

Men Linn har alltid likt heimstaden sin svært godt: 
Og no som vi har to små barn ser eg verkeleg fordelen av å ha foreldra mine i nærleiken. Jobben vår krev ein god del reising, og då er det fantastisk å ha besteforeldre som stiller opp. 

Familien har to barnehagar innan rekkevidde. På Byrknes er det bygd delvis ny barnehage. 

- Dessutan er Mjømna idyllisk og gir høve til å bruke sjøen i stor grad. Lokalmiljøet er lite, men det er likevel nok aktivitetar, seier Njål. 

Datainteressa vakna tidleg 

Njål fortel at han vaks opp med ein far som lærte han om programmering alt i 8-9-årsalderen:

- Eg hugsar framleis at eg forstod logikken bak eit enkelt dataprogram då eg var 10 år gamal, så det er heilt klart at eg har fått inn datainteressa tidleg. I tillegg dreiv faren min eit datafirma. Så frå oppveksten har eg fått både teknisk kompetanse og lysten til å skape.

Han valde utdanninga si fordi han ville ha kort veg til jobb på same tid som ha ville ha noko som var utfordrande. Då passa automatikarfaget på vidaregåande skule bra, og då han var ferdig i 1995 fekk han ein reisejobb som førte mange spennande opplevingar med seg. Han har besøkt 34 land, og trekkjer særleg fram ei rekkje jobbreiser til Brasil:

- Det var spennande å kome tett på eit land som har så annleis føresetnader enn vi har i Europa. Jobben innebar stort ansvar, og Njål seier han eigentleg hadde drøymejobben fram til han gjekk lei av reising: 
- Etter kvart avtok interessa for faget, medan lysta på å bygge noko frå botnen av vart sterkare. Eg starta mi første bedrift i 2004, og har etter det vore involvert i seks bedriftsetableringar.

- Kven meiner du at ein slik karriereveg passar for

- Eg har eigentleg hoppa fleire gonger i karrieren. Men eg vil seie at ’stillingsannonsen’ for gründerar bør åtvare mot arbeid i helgane, fokus på jobb når ein eigentleg ikkje burde jobbe, og at ein ikkje skal vere mørkeredd. Men det er ekstremt givande når ein lukkast, og når ein kan byggje verdiar for framtida.

Før Linn og Njål flytta til Mjømna var dei tre månader i Thailand, der dei tok dei første stega for å etablere verksemda si.
Linn fortel at ho for sin del alltid vore veldig glad i å skrive og i å ta bilete. Derfor bestemte ho seg ganske tidleg for at ho ville ta journalistutdanning:
- Bakgrunnen frå denne utdanninga, og interesse for marknadsføring og kommunikasjon, gjer at eg tykkjer den jobben eg har no er heilt perfekt! 

Variert fritid

Fritida til Linn går i desse dagar stort sett med til borna og husbygging. 

- Elles er eg veldig glad i å ta bilete, så fotoapparatet er stort sett alltid med. Og så elskar eg å reise; både på langturar til spennande stader og hektiske storbyweekendar, seier ho.

Gründerparet møttest på Roskilde-festivalen i Danmark, og no deltek dei på den årlege Utkant-festivalen i Gulen, som har dei vore med på å dra i gang. Begge er samde om at denne festivalen er det beste kulturtilbodet mellom Bergen og Florø. 

Njål spelar fotball med ungdommen ein gong i veka, og reiser til Brann Stadion så ofte han kan – det betyr stort sett til kvar heimekamp. I tillegg til eit travelt familieliv med to små brukar også han mykje tid på det nye huset deira. 

- At vi fekk høve til å byggje i strandsona var avgjerande for at vi skulle flytte til Mjømna. Det er eit overgrep mot kystkommunane at dei ikkje i større grad kan bestemme kvar innbyggjarane i kommunen kan få byggje, seier Njål.

Vil framleis vere framoverlente

Både Njål og Linn er rimeleg sikre på at dei framleis vil bu om Mjømna om 10-15 år, og vonar at dei framleis kan drive med nyskapande verksemd.  Dei er fullt budde på at ikkje alt dei driv med vil lukkast, men dei har stor tro på at nokre av merkevarene deira også vil leve mange år fram i tid. I tillegg vonar dei å ha utvikla kunnskapsmiljøet på Mjømna til å bli mellom 25 og 30 personar, og at dei som Linn og Njål har tilsett i dag har utvikla seg til leiande personar i miljøet.

På spørsmål om kva som er viktig for at Linn og Njål skal halde fram med å bu Mjømna og få fleire til å flytte dit, set dei opp denne tydelege lista:

1. Gode arbeidsplassar
2. God infrastruktur
3. Høve til å bu der folk alltid har budd langs kysten: Nær sjøen.

Linn ønskjer å jobbe endå meir spesialisert inn mot marknadskommunikasjon og PR-arbeid rundt selskapa deira:

- No som vi har fått nokre tilsette som kan avlaste oss på blant anna rekneskap, er det lettare å finne tid til å fokusere på den delen av jobben som eg elskar.

Njål og Linn fekk  i år NHO Sogn og
Fjordane  sin nyskapingspris.
Her er dei saman med
NHO-direktør John G. Bernander
(t.h.), som delte ut prisen.

Njål kjem til å delta meir på styrenivå enn han har gjort tidlegare:

- Det er vanskeleg å spreie seg over mange prosjekt samtidig viss ein skal ha detaljstyring på alt. Derfor ønskjer eg å arbeide fokusert med eitt eller to prosjekt, og heller bruke kompetansen min gjennom styrearbeid.

Og dei to er heilt samde om dei vidare planane for framtida:

- Vi håpar å vekse vidare, både i omsetnad og i tal tilsette. Vi ønskjer å ha eit miljø på rundt ti personar, og det vil seie at vi manglar fire menneske. Vi har endå ingen utviklarar i Gründerløkka og det jobbar vi derfor med å få inn, seier Njål.

- I tillegg skal vi fortsetje å ta sjansar, lansere nye tenester og sørgje for at vi har
eit miljø som er framoverlent.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Nyskaping, framtidstru og familielukke på ’Gründerløkka’ ytst i Sognefjorden”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt