Nytt nettverk for ’digitale gründerar’ i IT-Forum Sogn og Fjordane
Ei gruppe IT- og webgründerar i Sogn og Fjordane har gått saman om å etablere arbeidsgruppa ”Digitalt entreprenørskap” i IT-Forum Sogn og Fjordane.
Nettverket ”Digitalt entreprenørskap” vart skipa på eit møte i Måløy i slutten av juni 2010. Nettverket er ope for alle bedrifter i Sogn og Fjordane som leverer eller driv med utvikling av nye produkt og tenester basert på digital teknologi. Målet er å fremje samarbeid mellom medlemene, byggje nettverk og dele erfaringar.
Så langt har tolv bedrifter meldt si interesse for å vere med, og i første omgang er det laga eit arbeidsutval med fem medlemer, som skal planleggje aktivitetar og førebu prosjekt. Ein del av møta skal gå på omgang blant medlemene for å bli betre kjende med kvarandre. Nettverket er organisert som ei arbeidsgruppe i IT-Forum Sogn og Fjordane.
– Det første vi tek fatt på i samband med at bedriftene melder seg inn, er å lage ein oversikt over kva tenester, produkt og kompetanse som finst innan digital teknologi i Sogn og Fjordane. Her trur eg mange vil få ei positiv overrasking når dei ser kor bra det eigentleg står til , seier Arild Nybø, som er leiar i det nye nettverket.
– Mange bedrifter er små, og har ikkje høve til å ha t.d. eigen stand på messer. Når vi slår oss saman kan vi marknadsføre alle under same paraply overfor kundar, investorar og personar som vi ønskjer å rekruttere. Og dei større bedriftene vil kunne sjå at dei i mange tilfelle kan få kjøpt dei tenestene dei treng innanfor eige fylke. Men vi sjølvsagt skal halde fram med å konkurrere.
Neste møte vert i samband med IT-Forum Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge sin store teknologikonferanse på Skei i oktober: Kunnskap kryssar grenser.
Desse er valt inn i arbeidsutvalet:
- Arild Nybø (leiar), Mediebruket, Førde
- Njål Wilberg, Avoco, Gulen
- Jørn Mikalsen, VideoNor, Vågsøy
- Halvor Gregusson, Yast, Sogndal
- I tillegg er sekretariatet i IT-Forum Sogn og Fjordane med i arbeidsutvalet.
Mangla ein slik arena
– Behovet for eit slikt nettverk har oppstått fordi vi innan dette feltet manglar ein god arena i Sogn og Fjordane. Vekstbedrifter innan IT-nyskaping i Sogn og Fjordane har gjerne god kontakt med utviklingsmiljø andre stader i landet og i utlandet, men når det gjeld nettverksbygging innad i fylket har vi ikkje vore like flinke. Det er derfor forholdsvis einsamt å vere gründer innanfor digitale tenester i Sogn og Fjordane, og ofte er det langt til næraste ’likesinna’. Dette vil vi gjere noko med, seier Nybø.
Sekretær Ivar Petter Grøtte i IT-Forum Sogn og Fjordane seier dei ønskjer gruppa velkomen.
– Vi har med glede sett at det har vakse fram ein del slike bedrifter den siste tida. Dette er noko nytt i Sogn og Fjordane, og frå før hadde vi ikkje ein arena i IT-Forum som var tilpassa denne typen bedrifter. Det er derfor flott at dei no ønskjer å lage eit felles nettverk med IT-Forum som overbygning, seier Grøtte.
Blant initiativtakarane er gründer Njål Wilberg i Avoco på Mjømna i Gulen, som nyleg har vore med og starta Beat.no som sel MP3-filer til innkjøpspris, og er frå før mellom anna kjend for SMS-opplysningstenesta AskAdam. Han ser fram til arbeidet i nettverket, og ønskjer at dei digitale entreprenørane i ei slik gruppe kan dyrke og styrke kvarandre, og heve kompetansen til einannan.
– Kostnadsmessig vil det dessutan i mange tilfelle vere rimelegare å få føredragshaldarar til Sogn og Fjordane når vi skipar til samlingar, enn at bedriftene skal sende sine representantar til andre stader i landet, seier Wilberg.
Det sosiale også viktig
Den tredje bedrifta blant initiativtakarane til den nye gruppa er nystarta VideoNor i Måløy. Gründer Jørn Mikalsen sel gjennom firmaet sitt teknologi og tenester som gjer at møte, også i den nye nettverksgruppa, kan haldast som videokonferanse for å unngå lengre reiser. Men når gruppa skal drive nettverksbygging meiner også han at det er viktig å møtast ansikt til ansikt i uformelle omgjevnader:
– Sjølv om vi kan bruke videokonferanse på til dømes styremøte, så vil vi at nettverkssamlingane skal gå på omgang hos dei ulike medlemene slik at vi blir betre kjende med kvarandre. Det er viktig at vi også får ein sosial arena, og at det ikkje berre blir i møteromma eller gjennom telefon og data at vi møtest, seier Mikalsen.
– Vi oppmodar alle som vurderer å vere med i arbeidsgruppa om å ta kontakt med meg i Mediebruket, seier Arild Nybø.

Foto frå skipingsmøtet i Måløy. Foto: Jørn Mikalsen, VideoNor.
(Illustrasjon oppe til høgre: Steve Johnson, CC 2.0)






Kommentarer på artikkelen “Nytt nettverk for ’digitale gründerar’ i IT-Forum Sogn og Fjordane”
Skriv din kommentar